Best med cellegift om natta?

Cellegift gir betre verknad om den blir gitt til visse tider på døgeret. Dette har forskarane funne ut ved hjelp av tøffe forsøkskaninar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Ja, då får vi håpe brystkassa held i dag også, seier overlege og forskar Rune Småland galgenhumoristisk.

Han trykker seg fram til brystbeinet til mannen som ligg på benken i eit rom utan vindauge på Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk. Mannen, som ikkje vil ha namnet sitt på trykk, er overlege på Haukeland Universitetssjukehus og ikkje van med å vere pasient.

No skal dei ta ut beinmarg frå brystbeinet hans for å forske på dei innebygde klokkene i stamceller.

- Om du held deg i øvre del av beinet kjem du ikkje i nærleiken av hjartet, forklarar Småland og finn det rette punktet øvst på brystbeinet.

- Er det farleg å ta ut beinmarg på denne måten?

- Nei, dette er rutine, seier Rune Småland og gjer seg klar til å stikke med noko som ser ut som ei monstersprøyte. Vi bemerkar at nåla ser tjukk og skummel ut.

- Nei, denne nåla er jo tynn. Du skal sjå den vi brukar på solide vevsprøvar.

I marghulrommet

Først har overlegen på benken fått lokalbedøving i området der nåla skal inn. Ei tjukk, lang nål blir no ført inn i brystbeinet. Legen har tatt ut stamceller frå kroppen 25 gonger.

No ligg han på benken, smerteleg klar over ubehaget som ventar. Førebels er det ikkje så ille. Stikket er som kva nålestikk som helst, seier han kjekt. Så byrjar Småland å bore seg nedover i det som kallast marghulrommet. Legen på benken knip leppene saman.

- Vi bedøver huda og beinhinna, men vi kan ikkje bedøve marghulrommet, opplyser Rune Småland i det han dreg ut nåla fylt med blod og stamceller frå den tapre kollegaen.

- Suget når dei trekker ut nåla gjev ei veldig ubehageleg kjensle. I det du dreg ut får du eit ubehageleg undertrykk, seier Småland.

Prøvekaninen på benken smiler bleikt. Letta over at første stikk er unnagjort.

Optimal kreftbehandling

Det byrja i 1990. Ei lita gruppe forskarar og legar byrja å ta ut stamceller på kvarandre. Dei ville finne ut om celledeling skjer raskare eller saktare på ulike tider av døgeret.

Teorien var at dette kan ha betydning for giftverknaden til cellegift, fordi cellegifta verkar best når celledelinga er på sitt høgste. Og ved å gje cellegift på dette tidspunktet kan ein også redusere biverknadane hjå pasienten slik at ein kan halde ein så høg dose som mogleg under heile behandlinga.

Beinmargen blir nemleg trøytta ut etter gjentekne kurar med cellegift, slik at immunforsvaret blir redusert. Rune Småland forklarar:

- Det har vore eit problem at vi ofte må redusere dosane utover i behandlinga fordi beinmargen toler mindre og mindre. Ved å gje cellegift på det optimale tidspunktet i behandlinga kan vi vedvarande halde dosen vi begynte med.

Cellene kviler om natta.

50 friviljuge har så langt lete stamcellene sine undersøke i det aktuelle prosjektet og tidlegare prosjekt. Forskarane fann det dei var på jakt etter, nemleg at det var ein døgnavhengig skilnad i celledelingshastigheten. Cellene er mest aktive om dagen og minst om natta.

- Det gjeld å finne eit vindauge i tid der tilhøva for behandling er mest mogleg optimale, seier Rune Småland.

Forsking på celledelingshastigheten i stamceller har synt at dei fleste pasientar kan være mest mottakelege for behandling om kvelden og natta.

Ved Haukeland Universitetssjukehus har dei styrt behandlinga etter resultata på desse friske friviljuge, og driv såkalla kronomodulert behandling. Det tyder at dei nyttar ei spesialpumpe der inntaket av cellegift varierer etter tida på døgnet.

40 senter i Europa og Canada er involvert i kronomodulering, og i følge Rune Småland er det grunn til å tru at kronomudulert behandling fører til auka overleving for pasientane.

- Kroppsrytmane våre har inntil dei seinaste åra blitt ignorert i det medisinske samfunnet. Truleg er dette eit felt vi berre har sett byrjinga på, seier Småland.

Tilgjengeleg kvar fjerde time

Dei som stiller kroppen sin til disposisjon for uttak av stamceller må vera på sjukehuset eit heilt døger. Dei får ikkje gå ut, bli anstrengt eller opphissa, og må legge seg tidleg om kvelden, for så å bli vekte og plaga med nåla kvar fjerde time. Då blir dei stukke, og stamceller blir trekt ut, vekselvis frå brystbeinet eller hoftekammen.

- Når du kjem tilbake med nåla på samme staden er det veldig vondt og ubehageleg, seier legen som no ligg og kviler på benken.

Kun menn er så langt med på eksperimentet.

- Dei som har delteke har vore kollegaer og studentar. Berre menn er blitt spurte, fordi vi er urolege for at menstruasjonssyklusen skulle verke forstyrrande med kvinnelige forsøksobjekt, seier Småland, som smilande legg til at fleire av mennene i forsøka er blitt oppfordra til det av konene sine eller kollegaer.

- Første gongen bestakk han meg, andre gongen var det rein idealisme, spøker den modige, men litt bleike forsøkskaninen på benken, og fortset meir alvorleg:

- Om dette kan vere med å betre kreftbehandling og auke overlevingsprosenten, er det verkeleg verdt det. Som eit friskt menneske er det ei glede å hjelpe.

- Pasientane stiller nesten alltid opp. Det skulle berre skulle mangle om ikkje vi legar også gjorde det på eit så grunnleggande og viktig prosjekt, seier legen som no vil fortsette sine daglege aktivitetar i nokre timar før han skal stikkast i hoftekammen.

Powered by Labrador CMS