16 trailerlass med materiale kom til Universitetet i Bergen. No viser universitets- og høgskuletilsette veg i språksamlingsjungelen gjennom videoar på Youtube. (Foto: Ida Bergstrøm)

Tar språksamlingane på Youtube for å nå studentar

I språksamlingane finst det mellom anna tre millionar ordboksetlar. No brukar forskarane Youtube for å formidla kva samlingane faktisk rommar.

– Me håpar at nokre skal verta inspirerte og finna materiale dei kan bygga vidare på, seier Terje Svardal.

Leksikografen er tilsett ved Universitetsbiblioteket og deler arbeidstida si mellom språksamlingane og Nynorskordboka og Bokmålsordboka. No er han ein av fleire som har vore ved Senter for nye medier ved Høgskulen på Vestlandet og spelt inn videoar som ligg på Youtube. Håpet er at særleg studentar skal få lyst til skriva oppgåver med utgangspunkt i materialet som ligg i språksamlingane.

Dei store arkiva

16 trailerlass vart det til slutt, då språksamlingane flytta frå Universitetet i Oslo sommaren 2016 og fekk ein ny heim ved Universitetet i Bergen (UiB). Først i Autogården, men no er mykje lagra i depot i Stein Rokkans Hus.

– På nettsidene våre finst det lister over kva som finst i samlingane. Det hender nokon tek kontakt og ber om å få sjå noko spesielt. Då må eg ofte be dei om å venta litt, for materialet vårt er til dels heilt uordna, smiler Kristin Synnøve Kjos.

Ho er arkivar og har hatt jobben med å få alt på plass. For i samlingane finst dei store arkiva; Norsk Ordbok, norsk stadnamnarkiv og norsk målførearkiv. Her finst samlingar over ord frå norrønt og gamalnorsk. Mykje er digitalisert, mykje er det ikkje.

Svardal viser fram ein setel, altså ein papirlapp, med ordforklaring. Norsk Ordbok åleine har tre millionar slike setlar, som no er pakka over i syrefaste øskjer.

– Ein sjauejobb, seier Kjos, og understrekar at ho har hatt fleire med seg.

– Men no er me ferdige med alle setelsamlingane, og kan gå vidare i arbeidet.

I overkant spanande

Kjos har òg vore i studio for å fortelja om kva som finst i samlingane. Det same har forskarar frå både NLA og Høgskulen på Vestlandet. No må alle lærarstudentar skriva masteroppgåve, og målet til dei som sjølve forskar på språk er å få studentane til velja nettopp slike emne.

– Eg trur alle som var med på dette syntest det var litt i overkant spanande. Me er jo vande med å undervisa, men ikkje med å sjå oss sjølve på film. Men eg har stor tru på at film er ein måte å formidla dette stoffet på, seier Randi Neteland.

Ho er førsteamanuensis i norsk ved HVL og jobbar ved lærarutdanninga. Saman med kollega Edit Bugge, som òg har vorte filma, har ho laga forslag til oppgåver ein kan skriva med utgangspunkt i språksamlingane. Eitt forslag er å bruka dei såkalla skulebarnoppskriftene. Her var det skuleelevar som samla inn stadnamn frå sitt område. Kva namn nyttar dagens elevar?

– Kva type masteroppgåver lærarstudentane skal skriva er ikkje alle lærarutdanningar samde om, men eg meiner at det må vera rom for å skriva faglege oppgåver som har ein nytteverdi i skulen. Målet vårt med YouTube-videoane er både å forklara korleis språksamlingane fungerer og å inspirera studentar til å bruka dei, seier Neteland.

– Oppgåva vår er å både ta vare på samlingane og å legga til rette for bruk, seier Svardal.

– Og eg håpar og trur at stadig fleire gjer det.

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS