Annonse

Tid for tung tale

Kva kjenneteiknar retorikaren Barack Obama i høve til tidlegare presidentar?

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Barack Obama har definitivt det som skal til for å halda det beste Nobelføredraget noko sinne, seier Jan Emil Tveit.

Han er førsteamanuensis i engelsk ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH, og tidlegare oversettingssjef i TV2.

I tilegg til den retoriske analysa, har Tveit også sett på kva utfordringar som oppstår når talane til amerikanske presidentar skal oversettast til andre språk.

Mykje merksemd

Presset på ”the leader of the free world” er stort og konstant, frå så vel forventningsfulle tilhengjarar som bitre motstandarar.

Gjennom kombinasjonen av saker som økonomisk krise og helsereform på heimebane, atomvåpenavtalar, klimamøte i København, krigsopptrapping og fredsprisutdeling får likevel Barack Obama usedvanleg mykje merksemd i desse dagar.

Kva vert den endelege klimabodskapen? Korleis vil øvstkommanderande for to krigar ordleggja seg når han mottek Nobels fredspris? Kvifor er Oslo-visitten så kort?

Til alt overmål fann førre verkeleg markante tale stad ved krigsskulen West Point, og handla om opptrapping av krigen i Afghanistan – om enn med ei tidfesta tilbaketrekking som mål.

– På sitt beste

Jan Emil Tveit har tru på Obama.

– Tidlegare i haust heldt eg føredrag om amerikanske presidentar som retorikarar og oversetting av talane deira, under American Translators Association (ATA) sin store 50 års jubileumskonferanse i New York.

– Blant amerikanarane eg snakka med under konferansen var gjennomgangstonen at prisen kom for tidleg, men dei fleste meinte at tildelinga hadde med ordet si makt å gjera.

– Personleg trur eg likevel ikkje opptrappinga i Afghanistan vil hemma Obama i Nobelføredraget. Eg trur vi får oppleva han på sitt beste, og at han gjev oss håp og visjonar om ei betre verd.

Glitrande skrive, godt framført

– Obama synte seg fort som ein framragande retorikar. Talane er glitrande skrive, tidvis med nesten lyriske kvalitetar. Samstundes maktar han å gjera dei til sine eigne. Det verkar ekte, seier Tveit.

– Rett nok dukkar det opp nokre “ah” og “uhm” her og der, og det vert påpeikt at han har ein tendens til å leggja hovudet på skakke og å sjå nedover mot høgre. Men det er bagatellar som ikkje skuggar for biletet av ein strålande kommunikatør.

– Motstandarane kritiserte han raskt for å vera berre stil, og null substans, men den kritikken har også stilna, held han fram.

Kennedy-koplinga

Mange peikar på fellestrekk med John F. Kennedy. Tveit er samd, og påpeikar dessutan at det finst direkte koplingar.

Kennedy plukka opp mykje frå jurist, rådgjevar og taleskrivar Theodore “Ted” Sorensen.

Same Sorensen bidrog aktivt i Obama sin valkamp og kom med innspel til innsettingstalen, slik han også gjorde for Kennedy.

– Sorensen sine taleråd er klare og kortfatta, seier Tveit, og oppsummerer:

– Unngå tomme fraser. Ein tale er ikkje betre enn ideane han inneheld. Det enkle er nesten alltid betre en det kompliserte. Viktige tema bør repeterast. Vel orda med presisjon.

Spor av dei fleste av desse relativt enkle råda kan finnast att i berømte “punchlines” som Kennedys “ask not what your country can do for you, but what you can do for your country” og “ich bin ein berliner”, og Obamas “yes we can”.

Kontrasten

Smørbrødlista til Sorenson verkar likevel ikkje å vera noko tvangstrøya for Obama. Presidenten kan til dømes definitivt velja intrikate vendingar når han bestemmer seg for det.

Om ein skal sjå konturane av den politiske retorikaren Obama tydelegare, kan det vera effektivt å studera kva han ikkje er.

Den aller meste effektive kontrasten er forgjengaren, George W. Bush.

– Bush var ingen stor talar. Han hadde ein tendens til å stirra inn i ein av teleprompterane, i staden for TV-kamera, og å unngå augekontakt med publikum.

– Somme har samanlikna han med en sky skulegut som skulle tala til klassen, og gjekk gjennom heile talen med augo klistra til notatane, seier Tveit.

Språkleg snubling av typen “they misunderestimated me” og ei nesten endelaus rekkje andre såkalla “Bushisms” bidrog heller ikkje til å betra Bush sitt retoriske rykte.

Krigersk retorikk

Skiljet mellom Bush og Obama er likevel meir fundamentalt enn klønete versus kul.

Særleg etter åtaka på World Trade Center 11. september 2001 vart Bush sin språkbruk i aukande grad prega av metaforar, og særleg krigsmetaforar.

Bush-administrasjonen gjekk til “krig mot terror”.

– Men “terror” tyder redsle eller skrekk. Det er ei kjensle eller ein tilstand i oss sjølve, ikkje ein hær som kan nedkjempast.

– Det Bush-administrasjonen gjorde var å bruka eit aggressivt språk for å skaffa støtte for aggressiv utanrikspolitikk og etterkvart krig, seier Tveit.

Distanserer seg

Ideen til politisk aktiv bruk av metaforar sprang ut av arbeidet til lingvisten George Lakoff.

Tidleg på 1980-talet lanserte han teoriar om at metaforar kan vera meir enn berre språkleg ornamentikk – at såkalla konseptuelle metaforar bidreg til og styrer korleis vi tenkjer.

– Ideane vart fort plukka opp av politiske miljø og brukt i praksis. George Bush senior nytta metaforar flittig før den første invasjonen i Irak, og sonen gjekk altså i hans fotspor både språkleg og i praksis, konstaterer Tveit.

Obama styrer derimot unna aggressiv språkbruk, og talar heller om dialog og forståing.

(Foto:Catherine Szalkowski, Wikimedia Commons)

– Han har heile tida nytta retoriske verkemiddel for å distansera seg frå forgjengarane, seier Tveit.

Fred er ei det enklaste

Når det kjem til oversetting dukkar det opp eit lite paradoks. Kremtalaren Barack Obama er etter Tveit si erfaring vanskelegare å handtera enn blemme-Bush.

– Obama er fascinerande å lytta til og har eit imponerande vokabular. Men han er ikkje like trufast mot Ted Sorensen sine bod om enkelheit som Kennedy var.

– Han er meir subtil, og bodskapen om håp, mogelegheiter, fred og forsoning er ikkje alltid heilt enkel for TV-tekstarar å takla.

– Mi erfaring frå TV2 er at Bush jr. var den presidenten vi hadde minst trøbbel med å teksta. Han uttrykte seg ofte enkelt og snakka i tillegg sakte, seier Tveit.

"George W. Bush la ned sitt andre veto mot stamcelleforskning."

– Forskinga mi indikerer at konseptuelle metaforar er enklare å oversetta enn tradisjonelle ornamentale metaforar, og det kan vera ein annan del av forklaringa, legg han til.

Noko går tapt

“My fellow citizens: I stand here today humbled by the task before us, grateful for the trust you’ve bestowed, mindful of the sacrifices borne by our ancestors.”

Slik opna Obama sin innsettingstale. Og det heldt fram i same stil.

– Talen var svært god, men langt frå enkel å teksta på norsk, fastslår Tveit.

Fallgruvene i oversetting og teksting er mange. Korte tidsfristar, dekodingsproblem og regelrette misforståingar fører til feil. Manglande kjennskap til kontekst, doble tydingar eller politiske omgrep utan eigentlege parallellar fører til unøyaktigheiter.

Førsteamanuensis Jan Emil Tveit ved institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH.

Risikoen for at noko av så vel bodskapen som personlegdommen til ein amerikansk president forsvinn i oversetting, er i følgje Tveit definitivt tilstades.

– Undertekstar kan til dømes aldri konkurrera med tale når det kjem til å utrykka nyansar. Det er korkje plass eller tid til å kompensera med ord for alt det trykk, rytme og intonasjon bidreg med i tale, seier Tveit.

– Utanom Norden føretrekkjer dei fleste land dubbing, men det er i mine auge ei dårlegare løysing.

– Stemma er ein viktig del av personlegdommen, og sjølv om ein ikkje forstår orda som vert sagt, er det ei rekkje lydlege element som er universelle.

– Om ein nyttar voice-over ofrar ein autentisitet, og særleg karismatiske presidentar som Obama og Bill Clinton vil tapa mykje på det. 

Powered by Labrador CMS