Prosjektansvarleg: Vestlandsforsking Prosjektpartnarar: Høgskulen i Sogn og Fjordane, KS Sogn og Fjordane Varigheit: 2011-2012 RFF Vestlandet har støtta prosjektet med 1 million kroner.
– Tidlegare undersøkingar av offentleg informasjon har i stor grad sett i fokus ikkje-digitale tenester frå statlege institusjonar i sentrale strøk.
– Vi kartlegg og analyserar derimot tilgangen til og bruken av digital, offentleg informasjon for innvandrarar i Sogn og Fjordane, seier førsteamanuensis Grete Netteland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Saman med Carol Azungi Dralega ved Vestlandsforsking, arbeider ho med forskingsprosjektet «Mot eit multikulturelt Sogn og Fjordane». Prosjektet er støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet.
Bakteppet for prosjektet er at Sogn og Fjordane over tid har vore eit netto utflyttingsfylke. Innvandring gjer at folketalet har vore relativt stabilt dei siste åra, men meir enn 50 prosent av innvandrarane forlét fylket igjen.
– Dette representerer ei stor utfordring, ikkje berre for dei små kommunane som er prega av fråflytting, men òg for verksemder som manglar stabil tilgang på arbeidskraft. Difor ønskjer vi å skaffe ny kunnskap om korleis offentleg og privat sektor saman kan bidra til betre integrering av innvandrarar i Sogn og Fjordane, fortel Netteland.
Digital informasjon dårleg tilpassa
Forskarane har mellom anna sett på kva typar digital informasjon frå det offentlege som er lagt spesielt til rette for innvandrarar, i kva grad dei vert marknadsførte og nytta, og om informasjonen vert oppfatta som relevant og forståeleg.
– Så langt kan det sjå ut til at primærinformasjonen på nettsidene til offentlege instansar, gjennomgåande er på norsk. Dette ser vi no nærare på, mellom anna ved å konfrontere innvandrarane med desse nettsidene og undersøke korleis dei klarer å navigere seg fram til ønska informasjon, seier Netteland.
Forskarane fortel òg at dei er opptekne av korleis den offentlege informasjonen vert tilrettelagt, kva type informasjon som vert lagt ut, av kven og for kven.
– Vi er spente på i kva grad innvandrarane vert oppfatta som ei eiga målgruppe og om dei vert konsulterte i utforminga av informasjonen, seier Netteland.
– Er de overraska over at så mykje av informasjonen er på norsk?
– Ja, på eit vis er vi det. Vi hadde trudd at det skulle vere betre tilgang på informasjon på ulike språk, både frå kommunalt og regionalt hald. Det kan sjå ut som kommunane kanskje er meir opptekne av det dei skal informere om, enn av føresetnadene ulike grupper har for å ta imot informasjonen.
– Kva seier innvandrarane sjølve?
– Datainnsamlinga så langt kan tyde på at dei etterspør meir og betre informasjon på sitt eige språk. Men vi forstår at dette er utfordrande for det offentlege, for det vi kallar ”innvandrarar”, er slett inga einsarta gruppe.
Sogn og Fjordane ingen versting
– Er det grunn til å tru at Sogn og Fjordane er verre enn andre fylke?
– Det tvilar eg på. No er det ikkje forska mykje på dette, korkje her i Noreg eller internasjonalt – og særleg ikkje på digital informasjon spesifikt – men det vil ikkje overraske om manglande tilrettelegging for innvandrarar er nokså gjennomgåande.
Netteland har sett på nettsidene til nokre kommunar med stor innvandring, som til dømes Drammen, Oslo og Malmö.
Annonse
– Då vi i byrjinga av året samanlikna nettsidene i Sogn og Fjordane med heimesidene til desse tre byane, var inntrykket at det ikkje sto så mykje betre til der. No ser det likevel ut til at både Drammen og Malmö har skjerpa seg.
– Her vest kan vi jo elles trekkje fram Florø, som har erfaring med innvandrarar tilbake til 1980-talet og vert rekna for å vere gode på integrering. Førebels har heller ikkje dei tilrettelagt så mykje digital informasjon for ulike innvandrargrupper, seier ho.
Samspel med det offentlege
Interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen KS, der alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg er med, er partnar i forskingsprosjektet, og Netteland fortel at det har vore tett dialog med offentleg sektor undervegs.
– Vi har ei referansegruppe med representantar for mellom anna NAV, KS, fylkesmannen, fylkeskommunen, NHO, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og prosjektpartnarane. I tillegg har vi hatt eigne møter med plangruppa for innvandring i Sogndal kommune og rådmannsgruppa i KS Sogn og Fjordane.
Ifølgje prosjektleiaren har det vore stor interesse for forskinga frå både kommunalt og regionalt hald. Sogndal kommune har til dømes etterspurt informasjon undervegs i prosjektet og i tillegg oversendt sine planar til forskarane for vurdering.
Etterlysar nynorsk
Utforminga av arbeidsintegrasjonstiltak for innvandrarar med opphaldsløyve, er eit anna sentralt tema i forskingsprosjektet.
– Så langt kan det sjå ut som om det toårige introduksjonsprogrammet for arbeidsinnvandrarar ikkje er tilstrekkeleg til at dei lærer seg å meistre ”arbeidsnorsk”. Det vert etterlyst fleire og betre verkemiddel, til dømes fleire hjelpemiddel på nynorsk, seier Netteland.
Studien peiker vidare på at det kan vere vanskeleg å få til gode samarbeidsordningar med aktuelle arbeidsplassar.
– Her ser vi mellom anna at størrelse, struktur og organisering av næringslivet i distriktskommunane har innverknad på moglegheitene for å etablere bedriftssamarbeid, fortel førsteamanuensen.
Netteland meiner prosjektet ikkje berre har relevans for Sogn og Fjordane, men for store delar av Distrikts-Noreg generelt:
Annonse
– For kommunar som treng tilflyttarar og betre tilgang på arbeidskraft, er det heilt klart viktig med meir kunnskap om korleis ein legg til rette for vellykka integrering.