Dei kombinerer utdanning med trening på toppnivå

Toppidrett eller utdanning? Har du plass på Team NTNU, er svaret klart: Takk, begge delar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eva Svensson og Øyvind Moen Fjeld satsar hardt både på ski og på studiar. Utøvarane i Team NTNU har 700-800 treningstimar i året. (Foto: Ole Morten Melgård)

Team NTNU

Team NTNU vart starta i 2008, og er Europas einaste universitetslag i langrenn på ski.

Ti NTNU-studentar er med i Team NTNU denne sesongen. Dei er utøvarar på høgt nasjonalt nivå, og skal gjennomføre eit studieprogram ved NTNU med minimum halv studieprogresjon.

Deltakarane blir plukka ut etter søknad og intervjuprosess.

Team NTNU er organisert som eit privat langrennsteam, med treningsopplegg tilpassa det å satse på toppnivå. Deltakarane har 7-800 treningstimar i året.

Teamet er finansiert av NTNU, men samarbeider og med fleire partnar- og fadderbedrifter. Statoil er hovudsponsor.

«Jeg ser landslagsutøvere som leser mellom øktene. De beste sover

Det sa Erik Bertrand Larssen, mentaltrenar for Petter Northug, til Aftenposten tidlegare i haust. Det er berre tull å tru at ein kan kombinere utdanning og toppidrett, sa han.

Larssen er ikkje aleine om den haldninga. Svært få eliteutøvarar opplever støtte frå leiarar og trenarar til å kombinere utdanning med skikarriere, ifølge ein rapport laga av professor Svein S. Andersen og førsteamanuensis Dag Vidar Hanstad ved Noregs idrettshøgskule.

Team NTNU – det einaste i sitt slag i Europa – vart oppretta i 2008, for å syne at det er mogleg å kombinere utdanning med kampen om å vere raskast i skisporet. Studentane som får vere med på laget, får eit tilrettelagt treningstilbod på elitenivå.

Samtidig må dei ha minst 50 prosent studieprogresjon. Dei må prestere både på skolen og i skisporet for å vere med vidare.

Barnestjerna bygde seg opp att

– Noen har sett på Team NTNU som ein plass for halvgode skiløparar, som ikkje tør satse for fullt. Det er ikkje rett. Laget består av folk som satsar hardt på ski, og som studerer ved sia av.

Det seier Øyvind Moen Fjeld frå Oslo og Kjelsås, ein av dei ti studentane på Team NTNU. Han studerer energi og miljø. Men hans viktigaste mål for vårsemesteret 2013 er å få gå femmila i Holmenkollen. Fjeld har vore med i teamet sidan starten. Før det prøvde han å satse på fulltid. Det gjekk ikkje så bra.

– Eg var ei såkalla barnestjerne. Var med på juniorlandslaget i 2006, då eg var 18 år. Etter vidaregåande tok eg eit friår, kutta ut skolen for å bli betre på ski. Men eg gjekk på ein smell. Eg trena feil, og møtte veggen.

Han begynte på NTNU i 2008, og vart med i Team NTNU.

– Eg kunne bygge meg opp igjen. Dei to siste åra har det gått mykje betre. Eg har spist opp halvparten av avstanden til dei beste, og ser at det ikkje lenger er så langt til toppen. Det verkar motiverande, seier Fjeld.

Kultur for lesing

Eva Svensson frå Sverige studerer medisin ved NTNU på tredje året.

– Det første året studerte eg full tid, og var samtidig med på det svenske rekruttlandslaget. Prestasjonane vart ikkje så gode. Landslagsleiinga oppfordra meg til å vurdere om eg skulle studere litt mindre, fortel ho.

– Eg følgde rådet, og gjekk ned til halv studieprogresjon. Det andre året som medisinstudent fekk eg ein av mine beste sesongar i skisporet.

Ho fekk ikkje plass på rekruttlandslaget denne sesongen, men går i staden med Team NTNU.

– Det er eg veldig nøgd med. Team NTNU gjer det lettare å kombinere utdanning og toppidrett. Vi har treningssamlingar nær Trondheim. Dessutan har vi opplegg og ein kultur for å bruke tid, også på samlingane, til lesing og studering, seier ho.

Må planlegge avslapping

Men det kostar. Utøvarane på Team NTNU har rundt 800 treningstimar i året, inkludert 40–50 døgn treningssamlingar. I tillegg skal dei ha eit strukturert studieopplegg med minst halv studieprogresjon.

Øyvind reknar med å bruke sju år på utdanninga, mot normalt fem. Sjølv da blir det lite tid til anna enn trening og skole. Dei aller fleste dagane er det to treningsøkter, med forelesingar eller lesing innimellom.

Kvardag som helg. Det blir snautt 20 timar trening i veka. I tillegg kjem 40-50 samlingsdøgn i året.

Pensumbøkene er med i bagasjen også når Team NTNU er på treningssamlingar. Her frå skisporet i Ramsau i Austerrike. (Foto: Lars Litlere)

– Ein treng å strukturere dagane og vekene. Utfordringa er faktisk å finne tid til å slappe av, ta det med ro. Gjere ting ein har lyst til, som gir meir energi enn det tar. Men noen tidkrevjande hobby er det ikkje rom for, seier han.

Evas vekeplan ser om lag likeeins ut. Fritid er det smått med.

– Men eg føler meg privilegert. Også fordi eg kom med trass i at eg er svensk. Eg kan jo kome til å møte mine medstudentar som konkurrent med andre nasjonale fargar, seier Eva.

Skal klare to løp

Team NTNU har utvikla seg mykje sia starten i 2008, fortel manager, trenar og primus motor Lars Litlere.

– Vi er blitt meir nøye på at søkarane skal ha ein klar fagleg agenda. At dei ikkje berre er ute etter det sportslege opplegget, men også ønskjer å klinke til med ei utdanning. Og det held ikkje med eittårskurs, dei må gå på eit studieprogram og produsere studiepoeng.

– Vi vil ha utøvarar som har punch til å gå begge løpa. No sit vi med lag med sterke personar som evner å ha to agendaer samtidig.

Det første året var det ein del prøving og feiling.

– Vi har lært meir om kva det er viktig å bruke tida til. Vi er betre organiserte, meir effektive og får meir ut av ressursane. Kvaliteten på treningsopplegget ligg opp mot landslaget og andre private lag.

– Samtidig har vi fått eit ry for kontinuitet. Det har gitt oss fleire sterke søkarar, som har auka nivået både sportsleg og fagleg, seier Litlere, som skryter spesielt av jentene på laget.

– Jenter er jamt over meir opptatt av å ville sikre seg utdanning. Dei som trekker mot utdanning, søker seg til oss. Det er vel berre damelandslaget som har betre kvinnelege utøvarar.

Livet etter idretten

Ein karriere i toppidretten varer ikkje mange år. Ein pallplass i nasjonale og internasjonale skirenn er ingen automatisk døropnar for kremjobbar i næringslivet. Men toppidrettsfolk har eigenskapar som kan vere interessante på arbeidsmarknaden, meiner Bård Benum.

Han var ein av gründerane av Team NTNU, saman med sportssjef Åge Skinstad i Skiforbundet, og leiar styringsgruppa for laget.

– Folk som har kombinert toppidrett og utdanning har kvalitetar som ikkje alle har, fastslår Benum.

– Toppidrett erstattar ikkje høgare utdanning, men toppidretten krev ein mentalitet og innsats som også er interessant for arbeidsgjevarar, seier Benum.

– Folk som har klart å kombinere toppidrett og høgare utdanning har eigenskapar som ikkje alle andre har, seier Bård Benum leiar styringsgruppa i Team NTNU. (Foto: Ole Morten Melgård)

Evne til å jobbe hardt og systematisk, til å prioritere og, ikkje minst, ønsket om å vere på vinnarlaget, er blant eigenskapane som ofte skil dei beste frå resten, meiner han.

– Som toppidrettsutøvarar får dei dessutan medietrening. Dei lærer å vere under press, å takle nedturar, samt nådelaus sjølvransaking på kva som er gjort bra eller dårleg. Dette er kulturtrekk som er interessante for ein arbeidsgjevar, seier han.

Ski no, yrke seinare

Men før resten av livet kjem vintersesongen 2013. Akkurat no er det kanskje den som tel mest.

– Det heiter at utdanning og idrett er likestilt, men om eg skal vere heilt ærleg: Eg har tre-fire år no då det er muleg å vere blant dei beste i skisporet. Dermed får det førsteprioritet akkurat desse åra, seier Øyvind.

Ambisjonane for vårsemesteret 2013 er iallfall klare:

– Eg liker realistiske mål. Og mitt viktigaste mål for 2013-sesongen er å vere blant dei 18 norske som får gå femmila i Kollen. Då må eg også få til tre-fire bra resultat i uttaksrenn. Så har vi sjølvsagt NM.

For Eva Svensson er det også viktigast å prestere i skisporet. Ho håper på landslagsoppdrag for Sverige også denne sesongen, samt å bli tatt ut til verdscuprenn.

– No satsar eg på ski, lege skal eg bli i framtida. Men eg liker å studere medisin. Når eg får til begge delar, bidrar det til at eg blir meir nøgd med livet mitt, seier Eva.

Viss du følgjer med på resultatlistene utover vinteren, vil du kanskje få sjå at det står /Team NTNU etter namn og klubbnamn. Det er ikkje eit endeleg bevis. Men det er iallfall eit sterkt indisium på at det er muleg å skaffe seg ei høgare utdanning, samtidig som ein presterer i skisporet.

Powered by Labrador CMS