Marit Bjørgen er kjent for å ha ein sterk og uthaldande overkropp. Det var ikkje nok på tysdagens 10-kilometer. Men på stafetten i dag... (Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix)
Difor staka dei seg til gull
Kvinnelege langrennsløparar kan gjere lurt i å la seg inspirere av den muskuløse overkroppen til Marit Bjørgen. Dei beste langrennsløparane i verden ser ut til å vera betre enn dei nest beste i å skape stor kraft i staking.
NTNU
MariaGilje Torheim, NTNUjournalist i Gemini.no
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Om du søkjer på Marit Bjørgen på Google, er ordet «musklar» det første som dukkar opp.
Rognes-kvinna er kjent for å ha ein sterk og uthaldande overkropp med større og synlegare musklar enn dei fleste andre på kvinnesida i langrenn.
Er det difor ho er ein av dei beste kvinnelege langrennsløparane i verda?
Dette har Ann Magdalen Hegge no undersøkt nærmare. Ho er doktorgradsstipendiat i overkroppsfysologi ved NTNUs Senter for toppidrettsforskning .
Hegge ville finne svar på kvifor styrken i overkroppen er så eller ulik hos menn og kvinner i skisporet.
Doktorgradsprosjektet har har henta inspirasjon frå ein studie som vegleiaren til Hegge, Øyvind Sandbakk, leia. Han såg nærmare på kjønnsskilnadar blant langrennsløparar når det kom til uthald.
Åtte menn og åtte kvinner på elitenivå i langrenn, deriblant fleire utøvarar frå landslaget, deltok i forsøka til Sandbakk og gjennomførte ulike øvingar på rulleski og løping på tredemølle.
– Vi fann ut at kjønnsskilnadane både i prestasjon og maksimalt oksygenopptak auka med aukande involvering av overkroppen, fortel Sandbakk.
– Det vil seie at dei beste kvinnene har veldig god kapasitet i beina, kanskje betre enn gutane, men dei har meir å gå på i overkroppen.
Skilnad mellom kjønna
Utøvarane gjennomførte ulike øvingar i klassisk stil som staking og diagonalgang og i fristil som dobbeldans. I tillegg gjekk deg på rulleski på tredemølle og løp på tredemølle.
Resultata synte at mennene var rundt 10–12 prosent raskare når det kom til beinarbeid og over 20 prosent i stakeøvingar der overkroppen var sentral.
Forskarane kunne dermed konkludere med at mennene nytta overkroppen betre og meir effektivt enn kvinnene.
Mykje tid å hente med staking
Det går ofte raskare å stake enn å gå diagonalgang og dobbeltak med fråspark, og difor har fleire utøvarar byrja å trene meir spesialisert for å bli betre stakarar.
Overkroppsstyrke og uthald er viktig i langrenn, for mykje av framdrifta kjem frå nettopp staking, som krev stor kraft på kort tid. Det er viktig å vere sterk i rygg og mage for å stabilisere kroppen.
Annonse
I tillegg vil det vere ein fordel med ein godt trena muskulatur i armane.
Mindre sjukefråvær med sterkare overkropp
Sandbakk trur skilnaden mellom kjønna hovudsakleg skuldast at kvinnene brukar mindre kraft per tak, noko som kan tyde på at dei kvinnelege skiløparane er for svake i overkroppen.
Postdoktoren, som også er treningsrådgivar for landslaget, trur at overkroppen i større grad må vere i fokus for dei som driv med idrett på toppnivå.
– Dette gjeld ikkje berre toppidrettsutøvarar. Normalt trena folk trenar også for lite overkropp. Det er beina som gjer den største jobben og er dei som tek oss med rundt når vi går, syklar og joggar, medan ein har lettare for å gløyme overkroppen, seier han.
– Vi trur også det er mykje å hente her når det kjem til sjukefråvær og plagar som kan relaterast til rygg og nakke.
Kvifor så stor skilnad?
Doktorgradsstipendiat Hegge frå Nederland vil no jobbe vidare med å finne ut kvifor det er ein så stor skilnad mellom kjønna. Ho har allereie gjennomført eit forsøk i fjor haust med 25 junior- og seniorutøvarar på elitenivå som deltakarar.
Forskarane veit at kjønnsskilnadane er størst når ein må jobbe hardast med overkroppen slik som på staketeknikken. Difor delte dei opp denne øvinga i fleire delar.
– I første del kunne ein bruke heile kroppen, så stengde vi av for bruk av bein, slik at ein berre kunne bruke overkroppen. Til sist låste vi av for mageregionen, og deltakarane kunne då berre bruke armane, fortel Hegge.
Formålet med dette forsøket var å finne ut kor stor skilnaden vart.
Annonse
Dei foreløpige analysane syner at menn produserte om lag dobbelt så stor effekt som kvinnene i alle øvingane, men at skilnaden var noko større i arm- og mageregionen.
Hegge tok også målingar av muskelmassen til utøvarane og kor mykje dei trena overkroppen. Ho håpar dette kan vere med på å gje nokre fleire svar.
Skal teste Bjørgen
I omande forsøk skal forskarane overvake utøvarane ute i skiløypa for å finne ut akkurat kor mykje dei nyttar seg av dei ulike teknikkane, som til dømes diagonalgang og staking.
Hegge trur dette forsøket vil syne at kvinner nyttar seg mindre av teknikkar som belastar overkroppen, og at det kan vere med på å forklare kvifor kvinnelege langrennsutøvarar er svakare i overkroppen.
Ho har også undersøkt skistjernene på landslaget for å finne ut kor godt trente desse er i ulike teknikkar. Det kan sjå ut som dei beste langrennsløparane i verden er betre enn dei nest beste i både uthaldskapasitet og i å skape stor kraft i staking.
– Eg trur at mange kvinner har mykje å tene på å trene meir overkropp om dei vil verte betre skiløparar. Det finst fleire døme her på kvinnelege utøvarar som har forbetra teknikken gjennom å trene overkroppen meir, seier Hegge.