Barn med lette og moderate høyrselstap treng tilpassingar i kvardagen, sjølv om høyrselstapet er lite, og dei ser ut til å fungere fint. Det meiner psykologspesialist Nina Jakhelln Laugen i Statped. (Illustrasjonsfoto: Oksana Kuzmina/Shutterstock/NTB scanpix)

Sjølv lette høyrselstap kan gi sosiale vanskar

Barn med lette eller moderate høyrselstap har større sosiale vanskar enn andre jamaldra. Men tidleg omsyn kan hjelpe.

– Barn med lette eller moderate høyrselstap har påfallande større vanskar med å fungere sosialt, seier psykologspesialist Nina Jakhelln Laugen i Statped.

Ho har jobba med høyrselshemma barn i mange år. Dei siste åra har ho forska på korleis barn med lette og moderate høyrselstap eigentleg har det. Korleis fungerer dei sosialt? Og korleis har dei det emosjonelt?

Påfallande større vanskar

Nina Jakhelln Laugen (Foto: Statped)

Laugen har forska på 35 fireåringar frå heile landet fødd mellom 2009 og 2011. Dei fleste barna har lette eller moderate høyrselstap og bruker høyreapparat. Nokre har alvorlege høyrselstap. Ho har vitja dei heime og kartlagt språk og korleis dei forstår emosjonar.

Dette har ho mellom anna gjort ved å snakke med barna og gjere oppgåver saman med dei. Barna har til dømes kikka på bilete og fått i oppgåve å peike på ein buss eller kva for eit uttrykk jenta har i ansiktet når ho blir jaga av eit monster. Foreldra har også gitt informasjon ved å fylle ut eit skjema der dei svarar på utsegn av typen «barnet mitt deler gjerne med andre».

– Fireåringar med lette eller moderate høyrselstap har større vanskar enn andre med å fungere sosialt og med sosiale dugleikar. Vanskane er altså påfallande større, seier Laugen, som forsvarte doktorgraden sin ved NTNU i haust.

Ho har nemleg målt funna opp mot ei kontrollgruppe på 180 barn med normal høyrsel. Desse barna deltek i ein langvarig populasjonsstudie i Trondheim ved namn «Tidleg trygg i Trondheim».

Kan ikkje forklaras med dårleg språk

Laugen er overraska over kor stor forskjell det var på barna ho undersøkte og kontrollgruppa.

– Eg venta å finne forskjellar, men ikkje at dei var så store, seier Laugen, som har lang erfaring frå praktisk arbeid med høyrselshemma barn.

Forskaren fann ingen samanheng mellom språklege dugleikar og korleis barna har det sosialt. Dette er eit viktig funn fordi det er lett å tru at barn som snakkar godt, også fungerer godt sosialt.

– Barna med godt språk strevde også med psykososiale dugleikar. Men det hjelper jo ikkje å ha eit godt språk om eit barn ikkje høyrer det dei andre seier, seier Laugen.

Oppmodar til rask utgreiing

Forskinga viser at det er viktig å diagnostisere høyrselstapet raskt. Jo tidlegare høyrselstapet blir oppdaga og tatt omsyn til, jo mindre sosiale vanskar får barna.

Årleg blir det fødd kring 100 barn med høyrselstap i Noreg. Talet er estimert ut frå førekomst i andre land og kor mange barn som blir fødd i Noreg. Dei fleste høyrselstapa er milde eller moderate. Helsevesenet har rutinar for å fange opp medfødde høyrselstap. Alle nyfødde skal ha ein rutinemessig høyrselskontroll, som skal takast på nytt om barnet ikkje passerer kontrollen. Om barnet framleis ikkje består, skal det greiast ut og få ein diagnose før det fyller tre månader, ifølgje retningsliner frå Helsedirektoratet.

Likevel fann Laugen at berre 10 av dei 35 barna i studien hadde fått diagnosen nedsett høyrsel før dei var tre månader. Nokre kan ha fått høyrselstapet etter kvart. Andre kan ha passert rutinekontrollen sjølv med nedsett høyrsel. Hos nokre barn kan utgreiinga av ulike årsaker har tatt tid. Laugen oppmodar om rask utgreiing slik at tidlege tiltak kan settast inn.

– Vi veit at tidleg diagnose og tidleg innsats er viktig også for milde høyrselstap og høyrselstap som berre er på eitt øyre. Hos nokre barn tar utgreiinga av ulike årsaker tid. Kanskje kan vi framskunde prosessen med å få stilt ein diagnose, seier Laugen.

Retningsliner frå Helsedirektoratet seier at tiltak skal vere sette i verk før barnet er seks månader. Eit døme på tiltak er å gi eit barn høyreapparat.

Åtvarar mot å bagatellisere

Laugen åtvarar sterkt mot å bagatellisere lette og moderate høyrselstap. Anna forsking stadfestar kor viktig det er å ta små høyrselstap på alvor. Barn med lette høyrselstap gjer det til dømes dårlegare på skulen enn dei med moderate høyrselstap

Barna treng tilpassingar i kvardagen, sjølv om høyrselstapet er lite, og dei ser ut til å fungere fint.

– Vi må ta vanskane på alvor frå start og tenke at vi har det travelt med å legge til rette, oppmodar Laugen.

Eitt viktig tiltak er å ta omsyn til høyrselsvansken når vi tolkar barnet. Dersom eit barn ikkje tar ein beskjed, er det kanskje fordi det ikkje høyrer kva som blir sagt. Då er det lett å tenke at barnet er vrangt og vanskeleg. Slike oppfatningar kan også påverke korleis barnet oppfattar seg sjølv, trur Laugen. Eit anna tiltak er å prøve å forstå barnet og sjå når det fell utanfor i sosiale situasjonar.

Det er også viktig å legge til rette dei fysiske omgjevnadene. Barnehagen kan til dømes nytte anlegg for å jamne ut lyden, og dei vaksne kan sørgje for at det er stille når nokon seier noko viktig.

– Sjølv om eit barn fungerer godt heime i ei stille stue, fungerer det annleis i ein barnehage med mykje støy og uro, forklarar Laugen.

Kan påverke framtida til barna

Laugen etterlyser meir forsking og meir kunnskap om førskulebarn med lette eller moderate høyrselstap. Ho meiner vi veit lite om kva som er den beste måten å følgje opp desse barna på.

– Vi veit at det er ein samanheng mellom korleis vi fungerer psykososialt som barn og korleis vi fungerer seinare i livet. Difor tenker eg at vi har det travelt med å fange opp og følgje opp barna med små og moderate høyrselstap, seier Laugen.

Referansar

N. J. Laugen, med flere: Predictors of Psychosocial Outcomes in Hard-of-Hearing Preschool Children, Journal of Deaf Studies and Deaf Education 2016, 21(3), 259-267. doi:10.1093/deafed/enw005

N. J. Laugen, med flere: Emotion Understanding in Preschool Children with Mild-to-Severe Hearing Loss. Journal of Deaf Studies and Deaf Education 2017, 22 (2), 155-163. doi:10.1093/deafed/enw069. Sammendrag.

Laugen, N. J., medflere: Social skills in preschool children with unilateral and mild bilateral hearing loss. Deafness & Education International 2017. Published ahead of print. doi:10.1080/14643154.2017.1344366

Powered by Labrador CMS