Kunsten å mekle

Når to partar er i konflikt, må nokon mekle. I meklarrolla sit ofte juristar. Men kva kan dei om mekling?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Gode råd til deg som mekar

Gode råd til deg som meklar

1. Vurder maktposisjonen din. Viss du som leiar har ein særleg sterk posisjon i høve til ein eller fleire av dei involverte, kan det hende at andre bør mekle.

2. Når du meklar, må du høyre godt på begge partane og leite etter løysingar som begge kan akseptere. Ikkje sjå etter enkle kompromiss. Ikkje ver oppteken av kven som har rett. Involver partane i prosessen med å utvikle løysingar.

3. Vær proaktiv. Skap ein bedriftskultur som tolererer konfliktar. Det bør vere mogleg for kollegaer å vere sakleg ueinige utan at det utviklar seg personlege motsetningar.

4. Lag system. Potensielt farlege motsetningar er ofte enklare å handtere viss bedrifta har ein lågterskelberedskap for handtering av interne konfliktar.

(Kjelde: Solfrid Mykland: Mekling og ledelse)

Kva er mekling?

Mekling inneber at ein tredjepart bistår partar som er i konflikt, og hjelper dei med å løyse usemjene dersom det er grunnlag for det. Meklaren si viktigaste oppgåve er å tilretteleggje for konstruktiv kommunikasjon mellom partar som ikkje klarer, ønskjer eller vil komme til einigheit på eiga hand.

Meklaren har som hovudregel ikkje nokon påverknad på kva ei eventuell løysing skal bli. Det er det opp til partane å komme fram til. Dette er ein viktig skilnad frå dommarrolla, der det å avseie ein dom er ei heilt sentral oppgåve. Mekling i Noreg i dag kan føregå som rettsmekling, i konfliktråd eller uformelt på arbeidsplassar.

(Kjelde: Solfrid Mykland: Mekling og ledelse) 

Rettsmeklingsordninga vart lovfesta i 2008 som eit rimelegare, vennlegare og raskare alternativ til rettssaker.

Ordninga inneber at partane i sivilrettslege konfliktar får tilbod om å møte til mekling før saka blir teken opp til hovudbehandling i domstolen.

Dersom begge parter ønskjer det, blir det rettsmekling, og det skjer i om lag tjue prosent av sakene.

Juss-mekling

Meklarane i det norske rettssystemet er i hovudsak dommarar.

– Juristar er gode til mange ting, men det er ikkje sjølvsagt at dei er gode meklarar. Det seier Solfrid Mykland. Ho er forskar ved IRIS og har teke tempen på norske rettsmeklingar som fluge på veggen under femten av dei.

Ho har studert meklarane si åtferd, særleg i den innleiande fasen av meklingsprosessen, og vore særleg oppteken av språk, problemdefinering og val av prosedyrar.

– Mekling er eit eige fagfelt, men i Noreg har vi endå ikkje klart å gjere mekling til ein eige profesjon, til det har vi ikkje utdanning nok endå. Førebels er det juristane som har fylt mange meklarrollar her i landet, og det er viktig å understreke at mange av desse meklarane gjer ein svært god jobb.

– Likevel er det litt underleg at juristane er så involvert i mekling sidan mekling og juss eigentleg står langt frå kvarandre både med tanke på metode og teoretiske grunnlag, seier Mykland.

– Ein jurist har seks års studiar bak seg, medan det obligatoriske kurset for å jobbe som rettsmeklar i Noreg varer i to dagar. Dette kan skape utfordringar. Som jurist har du med deg ein ballast.

– Den juridiske framgangsmåten er typisk å sjå bakover, ein er oppteken av å definere kven som gjorde kva når, og formålet er ofte å finne ut kven som har rett, og kven som har feil. Men ei mekling skal vere framtidsretta og dreie seg om partane sine interesser og behov, seier Mykland.

Ho er redd for at det juridiske språket kan bidra til ei framandgjering av konfliktane, og i kampen for å vinne over motparten er det fort å gløyme kva ein eigentleg ønskte då konflikten ein gong starta.

Fleire profesjonar

Om lag åtti prosent av sakene som går til mekling, endar med forlik.

– Vi veit lite om kor lenge desse forlika varer, men evalueringar indikerer at partane i stor grad er nøgde med avtalane som dei fekk og måten dei vart behandla på i prosessen. Det som er interessant, er at kor nøgde dei er, ofte kjem an på kor godt dei følte seg behandla i meklingsprosessen, fortel Mykland.

Mykland helsar velkommen ein debatt om også meklarar frå andre profesjonar kunne vore brukte som meklarar i rettsmeklingar, og om det hadde vore ein fordel at ein mekla meir i par, to og to meklarar i samen.

– Forsking viser at ein bør involvere fleire ulike profesjonar når ein skal løyse komplekse problem, som ein konflikt typisk er. I Danmark bruker ein til dømes både dommarar og advokatar som rettsmeklarar.

– Kvar profesjon har si tilnærming til eit problem og ein ingeniør, økonom, jurist og psykolog vil leggje vekt på ulike innfallsvinklar når dei skal løyse problemet. Det er derfor ein fare for at juristar, utan nok utdanning innanfor meklingsfaget, vil fokusere i stor grad på dei juridiske dimensjonane i ei mekling, seier Mykland.

Ansikt til ansikt

Norske rettsmeklarar møter i hovudsak partane kvar for seg i staden for at partane møtest ansikt til ansikt. Dette kan gjere det vanskelegare for partane å kommunisere i etterkant av forhandlingane.

– Denne praksisen er ikkje i tråd med intensjonen. Eit av måla med rettsmeklingsordninga er at partane sin relasjon også skal betrast, seier Mykland.

Særmøtet, der meklaren møter partane enkeltvis i staden for å samle dei, kallar forskaren ei rasjonell myte:

– I meklingane som eg observerte, vart desse brukte heile tida utan at det vart knytt hensiktsmessige vurderingar til bruken av dei. Med bruken av særmøte forsvinn ofte det relasjonelle aspektet.

– Særleg i nære relasjonar er det viktig å finne varige løysingar og gjere meklinga til framtidsretta konflikthandtering, meiner forskaren.

Ho forklarer vidare at i mange saker, til dømes nabo- eller arbeidskonfliktar der partane skal ha ein relasjon i etterkant, har det ein eigen verdi at kommunikasjonen mellom partane blir betre, og då er det uheldig dersom meklaren vel å møte partane enkeltvis i staden for å samla dei.

– Meklaren si oppgåve er å leggje til rette for ein god prosess, styre kommunikasjonen mellom partane og vere ein hjelpar. Om partane får møtast kan meklaren hjelpe dei med å ha ein god dialog. Det er nettopp slik hjelp dei treng for å kunne handtere framtidig dialog med kvarandre, seier Mykland.

Meklarspråket

Språkbruken i kommunikasjonen er heilt sentral for korleis konfliktar blir forstått, og kva løysingar som blir tilgjengelige, ifølgje Mykland.

Ho viser til Valla–Yssen-konflikten og utsegna frå dåverande LO-leiar Gerd Liv Valla: «Yssen sine påstandar har ikkje rot i verkelegheita.»

– Denne utsegna bidrog til å utvikle ein av dei største offentlege konfliktane mellom ein leiar og ein underordna som vi har sett i Noreg nokon sinne. Valla brukte domstolen sin retorikk og omdefinerte saka frå å vere eit spørsmål om opplevd trakassering og mobbing til å bli ein kamp om kven som hadde rett.

– I denne saka underkjende Valla Yssen si oppleving av situasjonen og valde seg dermed bort frå eit løysingsalternativ som innebar at begge kunne ha rett, seier Mykland.

Forskaren er varsam med å fordele skuld, men peiker på at saka tener som eit godt eksempel på den krafta som ligg i språkbruk.

Relevans for arbeidslivet

Mykland er no aktuell med boka Mekling og ledelse. Dette er ein omarbeidd versjon av doktorgradsarbeidet der ho viser korleis mekling og kunnskap om konflikthandtering er relevant ikkje berre for rettssystemet, men òg for «vanlege» organisasjonar.

– Vi er alle omgitt av konfliktar, både privat og i jobbsamanheng, og kunnskap om dette er derfor på mange måtar allmenngyldig.

Saman med kollegaer på IRIS er ho i gang med å studere korleis norske bedrifter handterer konfliktar. I samarbeid med arbeidsgjevarorganisasjonen Abelia skal dei kartleggje konfliktkultur og konstruktiv konflikthandteringspraksis i organisasjonar.

På bakgrunn av denne studien skal det lagast ei handbok med eksempel på konstruktiv konflikthandtering for organisasjonar.

– Dette har vore lite forska på i norsk samanheng, og det blir derfor spanande å sjå kva for konflikthandteringspraksis som pregar norske organisasjonar, seier Mykland.

Powered by Labrador CMS