Annonse

Fleire til høgare utdanning, men realfag taper

Dei høgare grunnutdanningane opplever ein søknadsauke på sju prosent, samanlikna med i fjor. Sjølv om mange høgare utdanningar opplever auka tilslutning i år, er realfag framleis den store taparen.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Talet på søkarar til dei høgare grunnutdanningane vil hamne på rundt 84 000, i følgje førebelse tal frå Samordna opptak. Til samanlikning var auken frå 2000 til 2001 på 2,6 prosent.

Samordna opptak poengterer at auken i år ikkje heng saman med fleire 19-åringar i befolkninga. Dette talet er nemleg stabilt på rundt 54 000 fram til 2005.

Mest til universitet og sentrale høgskular

Universiteta og dei sentralt plasserte høgskulane har størst framgong i søkartal, medan mange høgskular i distrikta opplever mindre framgong eller tilbakegong. Universitetet i Tromsø har ein auke i søkartalet på 18 prosent, Universitetet i Bergen på 13 prosent, Universitetet i Oslo på ti prosent, og NTNU på tre prosent, samanlikna med i fjor.

Ved universiteta er det ein klar auke i søkinga til historisk filosofiske fag (11 prosent), og til sammfunnsvitenskaplege fag (ni prosent). Realfaga slit framleis med rekrutteringa.

Auke

Andre med auka søkartal er veterinærutdanning med 67 prosent fleire søkarar, reseptarutdanning med 58 prosent auke, odontologistudier med 51 prosent, arkitektutdanning med 40 prosent, kunstfag med 36 prosent, siviløkonomutdanning med auke på 21 prosent, juridisk utdanning med 15 prosent, og sosionomutdanning med 14 prosent.

Allmennlærarutdanning aukar med 8 prosent, medan faglærarutdanninga aukar med seks prosent. Årseiningar i lærarutdanninga aukar med 20 prosent, medan førskulelærarutdanninga opplever ein svak nedgong.

Nedgong

Nedgong er eit faktum for maritim utdanning med sju prosent færre søkarar, medisin med ein nedgong på fire prosent, ingeniørutdanning med ein prosent, og ein halv prosent nedgong for sjukepleiarutdanning.

- Vi er uroa over den framleis svake søkinga til utdanningar innanfor realfag og teknologiske fag, seier statssekretær Bjørn Haugstad i ei pressemelding.

Han erkjenner at det er nødvendig med ein langvarig innsats for å snu denne trenden, og poengterer at det er viktig å prioritere realfag i grunnopplæringa.

Søkartala er førebelse, og endringar vil kome etter kvart som søkarane omprioriterer studieønska sine fram til 1. juli.

Kjelde: Samordna opptak

Powered by Labrador CMS