– Vi ser no ei utvikling innanfor undervisning i både matematikk og naturfag, der ein opnar opp for fleire og meir fleksible arbeidsmåtar og løysingar i utforskinga av ei problemstilling, seier førstelektor. (Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB Scanpix)

Desse grepa gir engasjerte elevar

– Det å få elevane til å bli motiverte og svoltne på å lære blir berre viktigare og viktigare, men å ha ein engasjert lærar er ikkje nok i seg sjølv, seier forskar.

Korleis kan du skape motivasjon for matematikk? Eller for musikk og engelsk? Og kor viktig er dei haldningane og dei vala du tar som lærar for å lukkast med å skape lærelyst i klasserommet? 

Desse spørsmåla – og mange fleire – har eit knippe fagtilsette ved Nord universitet, Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag sett nærare på. Arbeidet har blitt til ei bok, som dei vonar både lærarar og lærarstudentar vil ha stor nytte av.

Ikkje nok med ein engasjert lærar

Boka «Den engasjerte eleven» set lys på korleis lærarar gjennom undrande, utforskande og aktiviserande undervisning kan lukkast i å vekkje engasjementet hjå elevane.

– Dette med lærelyst har blitt eit stadig meir sentralt omgrep i skolen. Det å få elevane til å bli motiverte og svoltne på å lære blir berre viktigare og viktigare, seier førsteamanuensis Tove Anita Fiskum, som er redaktør av boka saman med universitetslektor Dag Gulaker og førstelektor Hans Petter Andersen.

– Men å ha ein engasjert lærar er ikkje nok i seg sjølv. Dei gode læringsutbytta kjem først når elevane blir engasjerte i læringa.

Konkrete idear til arbeidsformar

Boka gjer mellom anna greie for kva undrande, utforskande og aktiviserande undervisning faktisk er. I tillegg blir læraren gjort bevisst på kva for verdigrunnlag som ligg bak vala av undervisningsform og korleis det grunnleggande elevsynet hans vil påverke korleis læringsutbytte vil bli i sånne arbeidsformer.

– Kva for læringsaktivitetar vi legg opp til, kan påverkast av elevane sin alder og modenskap, deira tidlegare erfaringar og kva for tema vi skal undervise i. Eller det kan i si heilskap vere påverka av vårt verdisyn.

– Ei bevisstgjering på nokre av dei underliggande premissane i eit slikt verdisyn kan vere ei hjelp til å bli klar over sitt generelle verdisyn, seier Fiskum.

Boka gjer også mange døme på forskjellige arbeidsformar som kan bidra til å gi lesaren nye idear til undervisningsopplegg. Som i naturfag, med kapittelet «Fra «kokebokforsøk» til utforskende undervisning og læring», forfatta av dosent Kåre Haugan.

Her gjev Haugan ei kort innføring i kva utforskande arbeidsmåtar er i naturfag og korleis metoden er forankra i læreplanen for grunnskolen. Haugan kjem så med døme på korleis arbeidsmåten kan nyttast for å gi grunnskolelærarstudentar eit innblikk i metoden. Du kan lese heile kapitelet i lenka nedst i artikkelen.

– Vi ser no ei utvikling innanfor undervisning i både matematikk og naturfag, der ein opnar opp for fleire og meir fleksible arbeidsmåtar og løysingar i utforskinga av ei problemstilling, seier førstelektor Hans Petter Andersen.

Improvisasjon er viktig å trene på

Improvisasjon er også eit nøkkelomgrep i fleire av kapitla i boka. Improvisasjon er noko mange lærarar og studentar finn krevjande, sidan dei opplever at fallhøgda blir større om ein ikkje lukkast. Nettopp derfor er improvisasjon viktig å trene på, noko forfattarane av boka understrekar gjentatte gonger.

– Ein annan måte å skape tryggleik på er at ein gjennom mengdetrening blir vand til litt utfordrande situasjonar. Gjer vi ein ting mange gonger, blir ikkje fallhøgda så stor, skriv førstelektor Roy Waade i kapittelet «Improvisasjon i musikk- og engelskopplæringa». Her kjem han også med konkrete tips til lesaren.

– Det blir derfor viktig både å trene på å kjenne ubehaget på kroppen og å utvikle strategiar når ein «står i stormen», skriv Waade.

Referansar:

Fiskum, A., Gulaker, D. og Andersen, H.P. (red.): Den engasjerte eleven - undrende, utforskende og aktiviserende undervisning i skolen. Cappelen Damm Akademisk. (2018)

Haugan, K.: Utforskende undervisning i naturfag - Fra «kokebokforsøk» til utforskende undervisning og læring. Kapittel 11 i boka Den engasjerte eleven. Fiskum, A., Gulaker, D. og Andersen, H.P. (red.). [pdf.]

Powered by Labrador CMS