Betre læring med simulering

Sjukepleiestudentar hugsar betre og har større læringsutbytte når dei simulerer det dei skal lære.

Publisert
Foto: Høgskolen i Nord-Trøndelag
Foto: Høgskolen i Nord-Trøndelag

Institutt for sjukepleie ved Høgskolen i Bergen har undersøkt kva undervisningsmetodar som gjev best læringsutbytte når studentane skal lære seg å handtere sjukehusinfeksjonar.

Sjukepleiestudentar deltok i undersøkinga som var eit ledd i ei utprøving av ulike pedagogiske metodar når det gjeld å tileigne seg kunnskap og å nytte kunnskap.

Prosjektet er eit samarbeid med Senter for smittevern ved Haukeland Universitetssjukehus.

Infeksjonsforebygging

Ein reknar at omlag 33 prosent av alle sjukehusinfeksjonar kan førebyggjast, og at mellom fem og seks prosent av alle pasientar som er innlagde på sjukehus i Noreg pådreg seg ein infeksjon.

Tidlegare undersøkingar viser at etterleving av infeksjonsførebyggjande retningsliner varierer frå 30 til 70 prosent.

– Vi har mykje å gå på når det gjeld infeksjonsførebyggjing. Derfor må vi sjå til at studentane har dei naudsynte kunnskapane, ferdigheitene og haldningane til det infeksjonsførebyggjande arbeidet allereie i utdanninga, meiner høgskulelektor Marit Hegg Reime ved Institutt for sjukepleie.

Læringsutbytte

Eit prosjekt knytt til opplæring i infeksjonsførebyggjande sjukepleie vart gjennomført ved Institutt for sjukepleie hausten 2006, og 141 sjukepleiestudentar deltok.

Eitt mål var å auke studentane si kompetanse i infeksjonsførebyggande sjukepleie.
Sjukepleiarutdanninga ville prøve ut kva læringsmetodar som var mest effektive for å kunne handtere sjukehusinfeksjonar, og å avgjere kor viktig læraren si rolle er.

I den delen av prosjektet som gjeld korleis studentane nyttar kunnskap prøvde utdanninga ut studiegrupper med og utan lærar, og simuleringstrening på øvingspost, alle basert på reelle døme frå praksis.

– Simuleringstrening i grupper på fire personar, der ein var avdelingssjukepleiar, ein sjukepleiar, ein student og ein pasient, vart derfor nytta for å kombinere fagspesifikk kunnskap med ferdigheiter i kommunikasjon, samarbeid og leiing, fortel Hegg Reime.

Læringsmetodane som vart prøvde ut for tileigning av kunnskap var forelesning og e-læring.

Simulering gav mest dybdelæring

Gruppa som hadde simuleringstrening oppdaga at dei såg mange fleire detaljar og kor kompleks kvar situasjon var, samanlikna med når studentane diskuterte dei same situasjonane i studiegruppa.

– I studiegruppa har ikkje studentane pasienten framfor seg, og kan berre beskrive korleis dei vil gå fram. Men i simuleringstreninga er det ei lang rekkje faktorar som må planleggjast og tenkast på samstundes, for å ivareta pasienten sin tillit, forklarer Marit Hegg Reime.

– Simuleringstrening bidrog også til at studentane hugsa betre, og læringsutbyttet var størst ved denne metoden. Simuleringstrening er ein ressurskrevjande metode, og for å implementere den i utdanninga, treng vi data på læringsutbytte.

Læraren si rolle er viktig

Lærarrolla i studiegruppa var også vesentleg for læringsutbyttet.

Læraren bidreg til å utfordre studenten til å sjå kva utfordringar som ligg i kvar situasjon, og utan ein lærar som stiller spørsmål, gir tilbakemeldingar og kjem med eksempel, mister studentane djupare læring.

Å løyse konkrete case stimulerer også djupare læring, ved at studenten må nytte læringsaktivitetar som refleksjon, argumentasjon og forklaring, avsluttar Marit Hegg Reime.

På bakgrunn av studentevalueringar blei simuleringstrening etter denne metodikken implementert i utdanninga frå hausten 2007.

Referanser:

Det er skrive to vitskaplege artiklar på bakgrunn av prosjektet. Desse er publisert i Nurse Education Today:

Mikkelsen J, Reime MH, Harris AK: Nursing students’ learning of managing cross-infections-scenario-based simulation training versus study groups

Reime MH, Harris A, Aksnes J, Mikkelsen J: The most successful method in teaching nursing students infection control - E-learning or lecture?

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer