Å velge maling av god kvalitet er viktig for å unngå svertesopper. (Foto: Lone Ross Gobakken, Nibio)
Å velge maling av god kvalitet er viktig for å unngå svertesopper. (Foto: Lone Ross Gobakken, Nibio)

Slik unngår du at husveggen hamnar i gråsona

Du bør ikkje vere knipen når du kjøper måling til huset om du vil unngå svertesoppen – ei gruppe muggsopp som ser ut som sverte eller sot på veggen.

Publisert

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Måling av god kvalitet med effektive soppdreparar er best, men kostar ofte mest. Val av treslag, reingjering og kor ofte du målarspeler også inn.

Svertesopp er ei felles nemning på ei gruppe muggsopp som dannar blåsvart misfarging i dei ytre laga av ubehandla treverk og på overflata av beis og måling utandørs. Dette er fyrst og fremst eit estetisk problem, men enkelte svertesoppar kan også vekse gjennom målingsfilmen og gje råtesopp moglegheit til å kome inn i treverket og gjere stor skade.

Mindre mengde og andre typar soppdreparar i målinga og våtare klima har ført til ein auke av svertesopp på hytter og hus i dei siste 15–20 åra. Men det er også andre faktorar som kan vere med på å påverke soppveksten på godt og vondt, til dømes kva slags treslag som er brukt, grundig reingjering før ein målar og om du «alltid» skal ha nymåla hus.

Kva er best å gjere?

Tidlegare blei det brukt mykje kjemikaliar og tungmetall som mellom anna bly i målinga. Dette gjorde at svertesoppen ikkje treivst. I dag er målinga meir miljøvenleg, noko som betyr at dei mest effektive midla ikkje lenger er tillatne.

– I ein periode førte dette til måling med låg kvalitet, men det har skjedd ei rivande utvikling dei siste 15 åra, og kvaliteten er mykje betre no, seier Lone Ross Gobakken, svertesoppspesialist og forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Når det gjeld måling, er det mange som er usikre på kva som gjev best utslag mot svertesopp.

– Det fyrste ein bør vere merksemd på, er kva slags måling ein vel. Vi veit at det er stor forskjell på kvaliteten av måling, seier Gobakken

Ho fortel at vi i Noreg har lang tradisjon med oljetynnande måling, men at vasstynna måling har blitt meir vanleg dei seinare åra.

– I fleire testar har vasstynna måling vist seg å ha svært gode eigenskapar mot svertesopp. Det er likevel store forskjellar mellom ulike produkt. Godt anerkjente merke brukar ofte meir effektive soppdreparar. Slike soppdreparane er relativt kostbare, difor kostar også ofte den beste målinga meir, opplyser forskaren.

Mørk farge ein fordel

Fargevalet på målinga kan også spele ei rolle. Du ser lettare svertesopp på ein lys vegg enn ein mørk. Dessutan har ein i forsøk oppdaga at om ein målar med mørkare kulør, blir overflata varmare, og panelet tørkar fortare etter regn og kondensering.

– Vi testa mellom anna forskjellen mellom raud måling, kvit måling og ubehandla tre. Det viste seg at raud farge gjev ein høgare overflatetemperatur og mindre fukt i overflata. Dette gir dårlegare vekstvilkår for soppen. Mørke fargar kan såleis vere eit bra val, seier Gobakken.

Lene Ross Gobakken demonstrerer forsøk med ulik behandling av trepanel. (Foto: Preben Forberg, forskning.no)
Lene Ross Gobakken demonstrerer forsøk med ulik behandling av trepanel. (Foto: Preben Forberg, forskning.no)

Forskarane såg også nærare på underlaget. Det viste seg at trematerialet hadde nesten ingenting å seie i forhold til vekst av svertesopp, så lenge målinga var av god kvalitet. Men dersom det var låg kvalitet på målinga, hadde kvaliteten på kledninga ein verknad.

– Trekledninga kan vere av dårlegare kvalitet, men målinga må vere av god kvalitet. Svertesoppen angrip den ytre overflata, klargjer Gobakken.

Grå kyrkjer

Feil målingsval kan altså få store konsekvensar. Eit godt eksempel på dette er dei mange kvite kyrkjene i Noreg som ofte blir måla med linoljemåling.

– Meir moderne linoljemålingar har mindre og andre typar soppdreparar enn tidlegare. I ein del tilfelle har kyrkjer måla med slik måling, blitt grå av svertesopp i løpet av eit år. Vi har samarbeida med Riksantikvaren for å få orden på dette, mellom anna ved å teste auka tilsetjing av sink i målinga, fortel Gobakken.

Svertesopp treng ikkje berre å vere negativt. Det er faktisk fleire som brukar ubehandla tre i fasadar for å nytta den grå fargen svertesoppen gjev som eit designelement. Uansett kva slags treslag du vel så blir det til slutt grått om du ikkje målar overflata.

Ikkje mål i tide og utide

Gobakken seier det kan vere spennande å sjå på ulike målingslag på hus. Gamal måling kan framleis lekke bly og gjev ofte god beskyttelse, mens soppen poppar opp i dei nyare laga.

Ho meiner det ikkje alltid er det luraste å vere kjapt ute med målarkosten når målinga byrjar å sjå litt sliten ut. Kanskje er det heller ikkje naudsynt å måle heile bygget?

– Kanskje bør du måle nokre veggar oftare enn andre, og det er gjerne dei veggane som får mykje sol. Noko av det verste du kan gjere er å leggje på mange tjukke lag, seier forskaren og legg til at skal du måle, er det viktig å reingjere godt på førehand.

– Dessutan må du vere merksam på at vasstynna måling gjerne skapar ei perfekt overflate. Dette kan gjere det vanskeleg å leggje merke til skadar, fuktoppsug og liknande.

I enkelte tilfelle er det kanskje ikkje naudsynt å måle eller beise i det heile tatt?

– Terrassogolvet mitt heime er i koparimpregnert furu og eg overflatebehandlar det ikkje, men eg vaskar det kvart år. Golvet blir relativt pent grått over tid. Eg kjem først til å gjere noko når eg ikkje lenger trivst med utsjåande til golvet, seier ho, men legg til at det i utgangspunktet er viktig å velje bra tremateriale.

– Det gjer ein stor forskjell. Det er berre yteveden i furu som lèt seg impregnere med aktive stoff og dermed har best kvalitet og levetid mot råtesopp. Som huseigar må du vere opplyst. Før var det så enkelt og greitt med få val – no er det meir krevjande å finne det best høvelege, seier Gobakken.