Selsomme selfunn

Nivåa av ureining i ringsel frå Austersjøen er 10-15 gonger høgare enn i ringsel frå Svalbard.

Publisert
Ringsel. (Bjørn Frantzen / Norsk Polarinstitutt)
Ringsel. (Bjørn Frantzen / Norsk Polarinstitutt)

Heli Routti frå Norsk Polarinstitutt finn i doktoravhandlinga si at giftige metabolittar blir danna i større grad hjå ringsel frå Austersjøen enn i ringsel frå Svalbard.

Frå før er det kjent at sel på Svalbard lever i eit relativt lite forureina havområde, mens selen i Austersjøen lever i eit av dei mest ureina havområda i verda.

Miljøgiftene verka negativt inn på vitamin- og hormonsystema i sel frå Austersjøen, men dette vart ikkje påvist i ringsel frå Svalbard. Effektane av metabolittar på dyrehelse er i dag lite studerte.

Heli Routti finn i avhandlinga si at giftige metabolittar blir danna i større grad hjå ringsel frå Austersjøen enn i ringsel frå Svalbard. (Foto: Heli Routti)
Heli Routti finn i avhandlinga si at giftige metabolittar blir danna i større grad hjå ringsel frå Austersjøen enn i ringsel frå Svalbard. (Foto: Heli Routti)

Routti sitt arbeid viser at metabolittar påverkar skjoldbruskkjertelhormon hos selane.

- Forholdet mellom nivå av miljøgifter, hormon og vitamin er meir samansett enn vi tidlegare har trudd. Hormon- og vitaminsystema hos selane reagerer svært ulikt på miljøgifter.

- Den årlege hårfellinga, som er ein periode utan matinntak, gjer forholdet mellom hormon, vitamin og miljøgifter vanskelegare.

- Effektane av ulike miljøgifter varierer også mellom nærskylde artar som lever i det same miljøet, for eksempel mellom ringsel og gråsel, fortel Routti.

Når ein vurderer verknader av miljøgifter på dyreliv, er det vanleg å samanlikna giftnivå og grenseverdiar for effektar frå eksperimentelle studiar.

Men metoden tek ikkje nok omsyn til at artar har ulik kapasitet til å omdanna miljøgifter i kroppen, og at ikkje alle metabolittane som blir danna, er like giftige.

Det er også spørsmål om giftkonsentrasjonane kan verka inn på hormon- og vitaminsystema, utan at forskarane i dag tek omsyn til heile kompleksiteten i desse systema.

Ringsel. (Foto: Christian Lydersen / Norsk Polarinstitutt)
Ringsel. (Foto: Christian Lydersen / Norsk Polarinstitutt)

Routti håper at resultata hennar kan bidra til å overvaka og vurdera helserisiko og effektar av miljøgifter i naturmiljøet.

- For det fyrste bør metabolittar inkluderast i overvakings- og risikovurderingsprogram, fordi dei kan vera svært giftige. Vi må vidare erkjenna at hormon og vitamin kan ha ein samansett og svært variabel respons på ulike forureiningsstoff.

- Derfor anbefaler eg at når ein skal undersøkja, overvaka og vurdera risikoen for effektar av miljøgifter på sel, må ein ta hensyn til dyra si livshistorie, seier Routti.

Referanse:

Heli Routti: Biotransformation and endocrine disruptive effects of contaminants in ringed seals - implications for monitoring and risk assessment