Passiv røyking skadar intelligens og læreevne hos barn
Barn og tenåringar utsett for passiv røyking viser ein reduksjon av visse kognitive eigenskapar. Dette inkluderer lesing, matte, logikk og evna til å resonnere. Effekten er tydeleg sjølv ved små mengder passiv røyking.
Dette kjem fram av ei stor amerikansk studie på over 4000 born, gjennomført av forskarar ved Cincinnati childrens hospital medical center. At ein forelder røyker under ein pakke sigarettar om dagen kan vere nok til at barn får skade på intelligens og læreevne.
Skadar samfunnet
- Resultatet er kanskje ikkje meiningsfullt for eit individuelt barn, men det har enorme implikasjonar for samfunnet, fordi millionar av barn er utsett for passiv røyking, seier Dr. Kimberly Yolton, forskar og hovudforfattar bak studien.
Passiv røyking har tidlegare vore knytt til språkproblem og manglande evne til å resonnere, men denne studien er den første til å vise at barn utsett for ekstremt lite passiv røyking kan oppleve ein slik effekt, skriv New Scientist.
Tidlegare indikatorar
WHO-rapporten International Consultation on Environmental Tobacco Smoke (ETS) and Child Health frå 1999 var den første som sette passiv røyking i samanheng med nedsette læreevner hos barn.
- Rapporten sier at eksponering for tobakksrøyk, enten under svangerskap eller i dei første leveåra, er sett i samanheng med læringsvanskar, adferdsavvik, nedsette kognitive evner og nedsett språkleg utvikling, seier Karl Erik Lund. Han er seniorforskar i SIRUS og nestleiar i Statens Tobakkskaderåds fagråd.
Skadepanoramaet blir utvida
- Dette er urovekkande, men vi fekk vel ein forsmak på det gjennom WHO-rapporten. Desse forskingsresultata føyer seg inn i mønsteret: Vi har tidligare vurdert helseskadane av tobakk alt for vagt, og alt for svakt. Skadepanoramaet har berre blitt utvida. Vi har gjort alt for lave anslag for kor farleg røyking er, seier Lund.
Men han meiner likevel at ein bør vente med å ta dette inn i helseopplysinga, til tilfanget av denne typen undersøkingar har blitt større og tydeligare.
Kotinin som markør
Forskargruppa ved Cincinnati Children’s Hospital studerte data frå 1988-94, innsamla til ei nasjonal helseundersøking i USA. Data frå undersøkinga blei samanstilt med blodprøver frå 4399 born mellom seks og seksten år. For å finne ut kor mykje passiv røyking barna hadde vore utsette for, målte forskarane kotinin-nivået i blodet.
Kotinin er eit stoff som blir danna når nikotin brytast ned i kroppen. Kotinin kan målast i blod, urin, spytt og hår, og er vurdert som den beste indikatoren for å finne ut om nokon har vore utsett for passiv røyking. Forskarane brukte kotinin-nivået som eit mål for kor mykje passiv røyking barna hadde vorte utsett for.
For å luke ut dei barna som røyker sjølv, tok forskarane berre med dei barna som hadde eit kotinin-nivå som var under 15 nanogram per milliliter.
Intelligenstestar
Forskarane undersøkte også resultata på fleire intelligenstestar. Kognitive og akademiske evner blei fastsett ved hjelp av delar av standardiserte intelligens- og prestasjonstestar. Poengtal på lese- matte- og resonneringstestane hang tett saman med passiv røyking. Dess meir passiv røyking barna hadde vorte utsett for (målt gjennom kotinin-nivået i blodet), dess kraftigare var nedgongen i lese- og resonneringsevner.
Overraskande nok fann forskarane også ein nedgong i kognitive eigenskapar for barn som var utsett for ekstremt lite passiv røyking. Så lite som eitt nanogram med kotinin per milliliter blod viste seg å redusere poengsummen på testane med gjennomsnittleg to poeng. Det er nok at ein av foreldra røyker mindre enn ein pakke sigarettar om dagen, for at kotininet hos eit barn skal komme opp på dette nivået.
Kontrollerte for andre årsaker
Sjølv etter å ha inkludert faktorar som fattigdom, utdanningsnivået på foreldra og blyinnhaldet i blodet, fann forskarane ein samanheng mellom kotinin-nivået og dei kognitive prestasjonane.
- Det ser ut til at dei har brukt ein sofistikert metode som kontrollerer for ein del andre mogelege bakanforliggande årsaker. Forskarane har funne ganske klare teikn på nedsett læring, seier Karl Erik Lund.
Testane som ble gjennomført på kognitive evner blei evaluert gjennom poengsummar. For lesing gjekk poengsummen ned med omkring eitt poeng for kvart nanogram med kotinin i blodet, og for matte eit trekvart poeng. Ni poeng skilde 25 prosent av barna som hadde mest kotinin i blodet, frå 25 prosent som hadde minst.
Skepsis
Men enkelte forskarar ber om at resultata blir tolka forsiktig, fordi det kan eksistere forvirrande faktorar. Jo Nanson ved University of Saskatchewan i Saskatoon seier for eksempel til New Scientist at mødre som røyker under graviditeten reduserer IQ-nivået på barnet.
Ho meiner at dersom foreldra røykjer no, er det sannsynleg at dei røykte også under graviditeten. Ho meiner meir nøyaktig statistisk analyse er nødvendig