- Norske styresmakter har alltid operert med to tal for storleiken på bestanden av jerv; før og etter hiuttak. Dette er heilt ope, og ingen prøver å sminke tala, skriv Atle Hamar. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)

Debattinnlegg: God forvalting av jerv i Noreg

Jerven er freda og klassifisert som sterkt truga på Norsk raudliste for artar 2015. I nokre tilfelle kan ein likevel tillate felling for å hindre skade på sau og tamrein. Dette er i tråd med både norsk lovverk og internasjonale avtaler.

På Forskning.no kan vi 4. juni 2018 lese ein kronikk av Christian Børs Lind, rådgjevar i Naturvernforbundet, om norsk forvalting av jerv. Børs Lind har sterke meiningar om norsk forvalting av jerv. I Noreg strekkjer vi oss langt for å ta ut rovvilt som kan skade beitedyr, og dette vekker kjensler hos mange.

Kronikken inneheld likevel fleire feil om norsk forvalting av jerv som eg ynskjer å oppklare.

Vanskeleg å regulere gjennom lisensfelling

Stortinget har vedteke bestandsmål for dei store rovdyra, og har blant anna bestemt at det skal vere 39 årlege ungekull av jerv i Noreg. Stortinget har òg avgjort at bestanden skal liggje så nær dette bestandsmålet som mogleg. 

Jervebestanden har vist seg vanskeleg å regulere gjennom lisensfelling. Difor har det i tillegg vorte teken ut mordyr og jervekvalpar frå ynglehia om våren. Dette er kontroversielle tiltak som ingen likar, og som vi forsøker å bruke minst mogleg. 

Feil om bestandstala

Børs Lind meiner norske styresmakter gjev feil informasjon om storleiken på bestanden. Her vert det nok forveksla med Rovdatas bestandsrapportering. I Noreg er det Rovdata som har ansvaret for å levere bestandstal for jerv og andre store rovdyr. Rovdata er uavhengig av det norske forvaltingsapparatet. Norske styresmakter har alltid operert med to tal for storleiken på bestanden av jerv; før og etter hiuttak. Dette er heilt ope, og ingen prøver å sminke tala. 

Børs Lind påstår vidare at det vert skote for mange jerv, fordi vi inkluderer daude dyr i bestandstala. Dette er òg feil. Det finst ikkje noko fullstendig oversyn over talet på registrerte ungekull av jerv før 1. oktober. Sjølv om ein gradvis får meir oversyn over talet på ungekull utover våren og sommaren, må vedtak som fattast før 1. oktober i stor grad baserast på bestandstalet frå fjoråret og ulike berekningar.

Vi har det klåre overordna ansvaret for jerv i Noreg

Det er vanskeleg å vere sikker på at bestanden kvart år er eksakt på det nivået Stortinget har avgjort. Av og til treffer vi godt, men andre gonger bommar vi, slik som i 2017 då bestanden etter hiuttak var betydeleg mindre enn bestandsmålet. Dette har vi vore heilt opne på.

Børs Lind påstår òg at det er systemsvikt i forvaltinga, og at ingen vil ta på seg ansvaret for jerv. Eg kan roe med at Klima- og miljødepartementet har det klåre overordna ansvaret for jerv i Noreg, medan dei regionale rovviltnemndene har ansvaret for å følgje opp nasjonal politikk i dei enkelte rovviltregionane. 

Rovviltnemndene fastset lisensfellingskvoter på jerv. Sjølv om det ikkje er mogleg å klage på den samla lisensfellingskvota som rovviltnemndene fastset, er dette noko vi som klageinstans tek omsyn til når vi handsamar klager for den enkelte regionen. Elles er det riktig at lisensfellingskvota av og til har vore større enn det som har vorte teke ut. No er jervebestanden låg. Då må kvotene setjast lågare enn tidlegare, då vi låg over bestandsmålet.

For meg er det svært viktig at forvaltinga er faktabasert. Dette meiner eg vil bidra til å redusere konfliktane. Difor er det viktig at den informasjonen som kjem ut er korrekt. Eg oppmuntrar alle partar i rovviltdebatten om å oppsøkje informasjon om rovvilt, forvalting og politikk på nettsidene til regjeringa.

Powered by Labrador CMS