Auka innsats på asteroide-overvaking
Eit nytt europeisk senter skal oppdage asteroidar og kometar på kollisjonskurs med jorda.

Meteoren som eksploderte over Tsjeliabinsk i Russland 15. februar i år var ei kraftig påminning om kor sårbar jorda er for meteorittnedslag.
Nedslaget tilsvarte energien til 30 Hiroshima-bombar, blåste ut vindauge i 7000 bygningar i regionen og førte til at hundretals menneske måtte søke legehjelp.
Eit nytt europeisk asteroide-overvakingssenter i regi av den europeiske romfartsorganisasjonen, ESA, skal no auke den globale innsatsen for å oppdage asteroidar og kometar som kan råke jorda.
Med dette får amerikanarane, som til no har hatt eineansvaret for å katalogisere jordnære objekt, hjelp til å samle inn data om truande objekt frå rommet.
– Europa har no lagt ut på ein veg for å følgje med på jordas kollisjonsfare, noko som er enormt viktig når det gjeld meteorittar på storleik med han som utrydda dinosaurane, fortel forskingssjef Terje Wahl i Norsk Romsenter til Schrödingers katt.
_____________________