Annonse

Auka innsats på asteroide-overvaking

Eit nytt europeisk senter skal oppdage asteroidar og kometar på kollisjonskurs med jorda.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Flere asteroider går i baner nær jorda og ennå er ikke alle oppdaget. Kanskje vil Gaia se noen av dem. (Foto: ESA- P. Carill)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Jordnære objekter:

Jordnære objekt, Near Earth Objects, er asteroidar eller kometar som har blitt dytta ut av den opphavlege banen sin rundt sola, og som kan komme på kollisjonskurs med jorda.

Storleiken kan variere frå romsteinar på nokre meter i diameter, til asteroidar som er titals kilometer breie.

Per 19 mai 2013 er det funne 9952 jordnære objekt. Av desse er 860 asteroidar med ein diameter på 1 km eller større.

1401 jordnære objekt er klassifisert som potensielt farlege asteroidar.

(Kjelde: NASA Near Earth Object Program)

Meteoren som eksploderte over Tsjeliabinsk i Russland 15. februar i år var ei kraftig påminning om kor sårbar jorda er for meteorittnedslag.

Nedslaget tilsvarte energien til 30 Hiroshima-bombar, blåste ut vindauge i 7000 bygningar i regionen og førte til at hundretals menneske måtte søke legehjelp.

Eit nytt europeisk asteroide-overvakingssenter i regi av den europeiske romfartsorganisasjonen, ESA, skal no auke den globale innsatsen for å oppdage asteroidar og kometar som kan råke jorda.

Med dette får amerikanarane, som til no har hatt eineansvaret for å katalogisere jordnære objekt, hjelp til å samle inn data om truande objekt frå rommet.

– Europa har no lagt ut på ein veg for å følgje med på jordas kollisjonsfare, noko som er enormt viktig når det gjeld meteorittar på storleik med han som utrydda dinosaurane, fortel forskingssjef Terje Wahl i Norsk Romsenter til Schrödingers katt.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS