Omegatåka - 5 500 lysår frå Jorda

Et unikt innblikk i himmelens fødestove: Her avslører Hubble eit makelaust bildeteppe av levande fargar og lysande høgdedrag med gass. Inne i denne smeltedigelen ligg planetsystem på fosterstadiet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne gigantiske skya av glødande gass ligg i stjernebiletet Skytten, 5 500 lysår frå Jorda. Stråling frå varme stjerner får gassen til å gløde i ulike fargar.

Nyfødde stjerner

Senteret av Omegatåka er fullt av nyfødde stjerner pakka inn i fargerike tepper av glødande gass, i ei vogge av ei enorm mørk og kald hydrogensky.

Regionen vist på biletet er om lag 3 500 gongar vidare enn vårt eige solsystem, og området representerer rundt 60 prosent av det totale feltet fanga av det nye ACS-kameraet i Hubble-teleskopet.

"Foto: NASA, H. Ford (JHU), G. Illingworth (UCSC/LO), M. Clampin (STScl), G. Hartig (STScl) og ACS Science Team - STScl-PRC02-11c"


Utraviolett stråling

Denne tåka blir lyst opp av ultrafiolett stråling frå unge, massive stjerner, lokalisert rett forbi det øvre høgre hjørnet på biletet. Kvar av stjernene er om lag seks gonger varmare og tretti gonger lysare enn Sola.

Den sterke strålinga frå desse stjernene fordampar og eroderar den tette skya av kald gass der stjernene blei forma ein gong. Skya har eit holrom, og veggene skin først og fremst i grønt, blått og raudt lys frå hydrogen-, nitrogen-, oksygen-og svovelatom.

Den roseliknande forma til høgre for midten glødar i raudt frå hydrogen og svovel.

Lommer med sjerner i utvikling

Medan dei nye stjernene fordampar skyene omkring seg, synleggjer dei også tette lommer med gass som kan innehalde stjerner i utvikling. Ei lomme er synleg midt i den lysaste regionen, og er om lag ti gonger større enn vårt eige soslystem.

Lommene er meir motstandsdyktige mot den tærande strålinga frå stjernene, og viser seg difor som skulpturar i veggane på tåka, eller som isolerte øyer i ein sjø av lysande gass.

Kjelde: Space telescope science institute

Fleire nye bilete frå romteleskopet Hubble finn du gjennom linkane oppe til høgre på sida.

Powered by Labrador CMS