Musene - to galaksar kolliderer

To galaksar dansar ein himmelsk dans som to mus med lange halar. Paret vil til slutt smelte saman til ein galakse. Det same kan skje med vår eigen galakse Mjølkevegen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire milliardar år inn i framtida vil Mjølkevegen kollidere med nabogalaksen i konstellasjonen Andromeda. Det kan kome til å sjå ut omtrent ut som som Musene.

Intens stjernedanning

Dei to galaksane har fått kallenamnet Musene på grunn av dei lange halane med stjerner og gass som kjem ut frå kvar av galaksane. Den lange, rette armen er faktisk kurva, men ser rett ut på grunn av vinkelen som er frå sida.

I denne prosessen kolliderer ikkje stjernene, men gassen mellom dei blir kraftig samanpressa, og dermed startar ei intens stjernedanning.



Smeltar til ein galakse

Biletet vil bli brukt til å studere hopar med unge stjerner som er danna i denne prosessen. Trass i at avstanden til galaksane er ca 300 millionar lysår frå Jorda, viser biletet fantastiske detaljar.

Paret vil til slutt smelte saman til ei stor, nesten sfærisk galakse. Stjernene, gassen og dei lysande klumpane i halane vil enten falle inn igjen i dei samansmelta galaksane eller gå i bane i glorien av den nye galaksen.

Kjelde: Space telescope science institute

Fleire nye bilete frå romteleskopet Hubble finn du gjennom linkane oppe til høgre.

Powered by Labrador CMS