Kjegletåka - eit monster av gass og støv

Som ein ujamn fjelltopp av kald gass og støv liknar Kjegletåka eit udyr som løftar hovudet sitt frå eit stort raudt hav. Vi finn henne i ein turbulent region for stjernedanning.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Biletet viser dei øverste 2,5 lysåra av sjernetåka, ei høgd som tilsvarer 23 millionar rundturar til Månen. Heile stjernetåka er sju lysår lang, og 2 500 lysår unna Jorda i stjernebildet Einhjørningen.

Stjernefabrikk

Dette er ein stor stjernefabrikk. På toppen av kjegla har ei rekke nyfødde og glitrande stjerner blåst vekk støvskyene rundt seg sjølv. Inne i den mørke massen av støv og gass blir fleire mindre massive stjerner til.

Dei bruker lengre tid på å bli ferdige stjerner, og trekk til seg gass og støv frå stjernetåka. Men det hastar: Dei lyssterke stjernene vil snart blåse vekk skyene rundt dei mindre massive protostjernene, slik at dei ikkje kan vokse meir.

Stjernene tærer på tåka

Stråling frå dei varme, unge stjernene har tæra på stjernetåka over millionar av år. Over tid vil berre dei tettaste regionane av kjegla vere att. Inne i desse regionane kan stjerner og planetar bli forma.

Ultrafiolett lys varmar opp kantane på den mørke skya, og slepp gass inn i den relativt tomme regionen rundt. Der får meir uttrafiolet lys hydrogengassen til å lyse, og dette skaper den raude glorien rundt søyla.

Stort

Ein liknande prosess på ein mindre skala skjer rundt ei enkelt stjerne, og skaper ein lysboge nær den øvre venstre sida av søyla. Denne bogen er 65 gonger større enn diameteren til vårt eige solsystem.

Kjelde: Space telescope science institute

Powered by Labrador CMS