Nye berekningar viser at det er ganske stort sannsyn for at jorda kan ha kollidert med ein tvillingplanet med lik samansetning. (Illustrasjon: Hagai Perets)
Nye berekningar viser at det er ganske stort sannsyn for at jorda kan ha kollidert med ein tvillingplanet med lik samansetning. (Illustrasjon: Hagai Perets)

Ny studie kan løyse gåta bak månens opphav

Nye simuleringar tyder på at månen vart skapt i ein kollisjon mellom jorda og ein tvillingplanet.

Teoriar for korleis månen kan ha blitt til

1. Fisjon eller oppsplitting. Denne teorien gjekk ut på at ein stor planet, til dømes jorda, kunne ha splitta opp og slik ha danna månen. Denne teorien er forkasta fordi grunnstoffsamansetjinga av månen er for forskjellig frå jorda til at denne teorien kan stemme.
2. Innfanging. Denne hypotesen gjekk ut på at månen var laga ein annan stad i solsystemet, og seinare vart fanga inn av jordas tyngdekraft. Hypotesen var populær fram til 80-talet. Hovudproblemet med denne hypotesen var at det var vanskeleg å forklare mekanismen for ei slik innfanging. Grunnstoffsamansetjinga hos jorda og månen er igjen for lik til at dette scenarioet kan stemme.
3. Kondenseringsteorien går ut på at månen og jorda vart danna samtidig av ei gassky. Eitt av problema med denne hypotesen er at den ikkje forklarer kvifor månen har så mykje mindre kjerne av jarn enn jorda (berre 25 prosent av jordas).
4. Kolliderande småplanetar. Denne teorien liknar på nummer tre, men skil seg frå denne ved at jorda og månen har blitt danna frå større bitar. Av liknande motførestillingar som for kondenseringsteorien får ein ikkje denne teorien til å stemme.
5. Gigakollisjon mellom den tidlege jorda (protojord) og ein tvillingplanet. Dette er den rådande teorien. Det som er nytt, er at ein no trur det er meir sannsynleg at planeten jorda kolliderte med vart danna i omtrent same bane som jorda hadde, og derfor hadde omtrent same grunnstoffsamansetjing som jorda.

Kjelder: Viggo Hansteen, Universitetet i Oslo, og Wikipedia

I samarbeid med NRK Viten


 

Korleis månen vart til har lenge vore ei hovudbry for astronomar, menein ny studie publisert i Nature gjer astronomane sikrare på korleis månefødselen har gått til.

Studien viser at kollisjonsscenarioet er svært mykje meir sannsynleg enn ein tidlegare har trudd.

– Viss du ber meg vedde, så synest eg dette begynner å sjå bra ut, seier professor i astrofysikk, Viggo Hansteen til NRK.

Problemet: Planetar er vanlegvis ulike

Dei siste femti åra har astronomane snevra inn fem moglege måneteoriar til ein. Sjå faktaboks for ei oversikt over dei ulike teoriane som har versert.

Ein dramatisk kollisjon mellom den svært tidlege jorda og ein annan planet, ofte kalla Theia, har vore sett på som den beste forklaringa dei siste tiåra.

Ifølge dette scenarioet vart denne planeten fullstendig øydelagt i kollisjonen, og restane vart til månen. Ein mindre del av kollisjonsrestane (under ti prosent) hamna på jorda.

Problemet har berre vore at dette scenarioet likevel har vore svært lite sannsynleg, noko astrofysikarane har vore smerteleg klar over.

Hypotesen innebar nemleg at jorda hadde ein naboplanet med nær identisk grunnstoffsamansetjing som vår eigen planet.

Det vi veit om planetar i solsystem er derimot at dei vanlegvis har svært ulik samansetning. Våre naboplanetar i rommet er blant anna svært forskjellig frå jorda og månen.

Vår næraste nabo i rommet er danna av restane frå jordas tvillingplanet. (Foto: NASA)
Vår næraste nabo i rommet er danna av restane frå jordas tvillingplanet. (Foto: NASA)

– Ikkje heilt i mål

Tidlegare berekningar har vist at det berre var om lag ein prosent sjanse for at jorda skulle ha ein «tvillingplanet» med så lik samansetning. Det var ikkje astronomane nøgde med.

I den nye studien har franske og israelske forskarar forbetre simuleringar av solsystemdanning.

Ved å studere planetsamansetjinga for om lag 40 ulike dataskapte solsystem, fann dei at sannsynleget for at to naboplanetar skulle ha så lik samansetning som Jorda og Theia, var om lag 20 prosent.

– No ser det ut som at dette scenarioet ikkje er så far-fetched, seier astrofysikar Hagai Perets ved Israel Institute of Technology til Nature. Perets er ein av forskarane bak den nye studien.

Viggo Hansteen trur likevel ikkje at vi er heilt i mål enno.

– Det har vore ein liten revolusjon i forståinga av korleis planetar blir danna, så dette er eit felt i rivande utvikling. Det er berre å vente å sjå kva som kjem, seier han.

Powered by Labrador CMS