«Udvandring», illustrasjon etter et maleri av Adolph Tidemand til Norge fremstillet i Tegninger utgitt 1848, viser et reisefølge av norske utvandrere som tar avskjed i hjembygda tidlig på 1800-tallet. (Kilde: Nasjonalbiblioteket)

Religion bak utvandring til Amerika

Det er ikkje berre i dag folk forlèt heimlandet på grunn av religion. Manglande religiøs fridom i Noreg starta utvandringa til Amerika, og dei religiøse forholda var ei viktig drivkraft i heile utvandringsperioden.

Stavanger 1843: To søsken og ein familiefar emigrerer med heile familien fordi dottera til den eine og bror til den andre var mistenkt for å «tro som eller selv tilhøre kvekersekten» og difor vart nekta konfirmasjon. 

Dette var i ei tid der det å verta konfirmert var eit krav ikkje berre for å få arbeid, men også for å gifta seg.

Religion er nøkkelen

Religion er nøkkelen til å skjøna utvandringa til Amerika, meiner historieprofessor Nils Olav Østrem ved Universitetet i Stavanger. I boka Den store utferda ser han på utvandringa frå bygdene Skjold og Vats, to bygder i Rogaland, i perioden 1837–1914.

Rogaland blir i heile utvandringstida rekna som eit sterkt utvandringsfylke. Difor meiner Østrem utvandringa frå Rogaland er interessant å studera for å skjøna kva som førte til at folk utvandra.

– 1800-talssamfunnet var orientert rundt religion på same måte som 2000-samfunnet krinsar omkring økonomi. Religion var ein sentral utvandringsgrunn mange stader, både i Rogaland og i resten av landet.

– Ei trusretning som haugianismen stod til dømes sterkt mange stader, mellom anna i Østfold – der Hans Nielsen Hauge var ifrå, seier han.

Vandringstradisjon

Masseutvandringa til Amerika starte då sluppen «Restauration» kasta loss frå Stavanger hamn ein julidag i 1825 med 52 kvekarar om bord. Dei brukte 14 veker på å krysse Atlanterhavet. Då dei kom fram, var dei blitt til 53 sidan eit barn vart født om bord.

Det var ikkje unaturleg at den store utvandringa til Amerika starta nettopp i Rogaland. Fylket hadde allereie ein lang flytte- og vandringstradisjon. Heilt frå vikingtida drog folk både i vesterveg til dømes til Island og mot sør til eksempelvis Irland.               

På 1600- og 1700-talet hadde det også vore ein stor emigrasjon av sjømenn og tenestejenter frå Rogaland til Nederland.

– Det er grunn til å sjå denne utvandringa til Nederland som ein del av den historiske bakgrunnen for den seinare rogalandske utvandringa til Nord-Amerika, meiner Østrem. 

Dissenterlova

Då utvandringa til Amerika tok til, kunne ikkje dei som stod utanfor statskyrkja praktisera trua si fritt. Fram til 1845 sette nemleg dissenterlova ein stopp for forsamlingar utanfor statskyrkja si kontroll.

Samstundes voks det fram fleire nye trusretningar.

Skjold kommune utgjorde eit prestegjeld og bestod av bygdene Skjold og Vats.

I grunnlovsåret 1814 kom dei fyrste norske som hadde vore krigsfangar i England under Napoleonskrigane heim.

I fangenskapet hadde mange av dei blitt kvekarar. Vel heime vart dei pionerar i kampen for religiøs fridom.

«Prisonfangen»

Rundt 1815 kom Torbjørn Knutson Svinali heim til Skjold frå fengselsopphald på ein britisk fangebåt. Der var han blitt omvend til kvekartrua. «Prisonfangen» Torbjørn K. Svinali spreidde kvekarlæra i bygda, og det blei stor oppslutning om læra i Skjold og nabobygda Tysvær.

I Vats var det tilsvarande sterk oppslutning om haugianarrørsla etter at Hans Nielsen Hauge hadde vitja bygda i 1802, men dei to andre bygdene i soknet hadde også mange haugianarar.

«Conferencer på kirkebakken»

Nils Olav Østrem. (Foto: UiS)

Sokneprest Thomas Swensen i Skjold skriv i midten av 1820-åra at der var «en Heel Hob Hougianere i alle tre Sogne», både Tysvær, Skjold og Vats. Soknepresten, som elles er mest kjend som ein sterk kritikar av kvekarane, fortel i eit notat til prosten om korleis haugianarane har «lange Conferencer på kirkebakken» om sundagene.

Han vedkjenner at han eigentleg ikkje veit kva som skjer under desse samlingane fordi «Præstene dertil ingen Adgang have» og når «en Uvedkommende nærmer sig forstummer Alle».

Innan midten av 1840-åra hadde haugianarane teke leiinga og styringa i lokalsamfunnet. Eit nytt og radikalt trekk ved haugianarane si trusforkynning var at kvinner deltok og verka som forkynnarar.  Særleg frå Vats er det halde fram at kvinnene Guro og svigerdottera Kristi frå garden Svantesvoll begge verka som haugianske forkynnarar eller «predikerinner».

Dette tidlege kvinnelege engasjementet i rørsla endra seg over tid og prosten slo ned på engasjementet til kvinnene endå om det etter kvart innskrenka seg til berre å be høgt i forsamlinga.

Grunnar for å dra

Både haugianismen, kvekarlæra og lekmannskristendommen førte til at det vaks fram ei sterkare individualistisk kristendomsforståing og med det ei sterkare kjensle av at ein var ansvarleg for sitt eige liv. I tillegg vart det eit moralkrav som sameinte det individuelle og det kollektive.

Østrem meiner det er rimeleg å tru at ein meir samansett religiøs kultur i eit lokalområde kan ha fått fleire til å tenkja på utvandring.

– Somme som var komme i maktposisjon, emigrerte for å omsetja trua si til ulike trusarbeid i Amerika. Motsett kan det tenkjast at folk drog i opposisjon mot konformitetstrykket nye trusretningar i bygda kunne skapa, seier han. 

Kvekarar og haugianarar

Kvekarane skilde seg frå haugianarane på fleire vis. Kvekarane hadde henta ideane sine i vest, frå angelsaksiske område, medan haugianarane i starten var mindre internasjonalt retta, sjølv om det fanst forløparar til den haugianske retninga både i Nederland og Skottland.

Begge desse landa var gamle kontaktområde for rogalandsbygdene.

Haugianarane hadde lett for å gli inn i det amerikanske religiøse livet. Her frå Adolph Tidemands motiv «Haugianerne». (Foto: (Bilde: Adolph Tidemand))

Internasjonalt nettverk

Kvekarane i Skjold var difor i langt større grad enn sambygdingane sine inkluderte i eit internasjonalt nettverk av reisande engelske og amerikanske kvekarforkynnarar. Haugianarane hadde ikkje noko kontaktnett i USA før den tidlege utvandringa dit.

Det var difor naturleg at dei var kvekarane som var dei fyrste til å samla seg for å dra til Amerika.

Men vel framme i Amerika hadde haugianarane, som lutheranarar, lettare for å gli inn i det amerikanske religiøse livet. Haugianarane kjende seg også i Amerika som heime innanfor kyrkja. Medan kvekarane stod i opposisjon og var dissentarar utanfor kyrkja.

Kjelder:

Nils Olav Østrem: Den store utferda (2015)

Per A. Holst: Noen ord fra de som dro ut

Nils Olav Østrem: Norsk utvandringshistorie (2014)

Powered by Labrador CMS