Annonse

Grunnlova - eit forsvar mot innvandrarar og minoritetar

Grunnlova av 1814 sikra ikkje rettane til urfolk og nasjonale minoritetar i Noreg. I etterkrigstida har minoritetar fått sterkare rettsvern, men då ved at Noreg har slutta seg til internasjonale menneskerettar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvenar i Nord-Noreg: Assimilasjon var den rådande politikken overfor minoritetar i Noreg heilt fram til etter andre verdskrig. Her ser vi kvenar som reiser med hesteskyss i Børselv, Porsanger, truleg i 1930-åra. (Foto: Alvilde Nilsen, Porsanger museum)

Grunnlovsjubileet 2014

Forskningsrådets satsing Grunnlovsjubileet 2014 har som mål å fremme forskning på og kunnskap om Grunnlovens betydning for utviklingen av Norge som demokratisk stat. Satsingen omfatter åtte prosjekter innenfor historie, jus og statsvitenskap.

Grunnlovsendringar av § 110

• § 110a: Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv. (21 apr 1988)
• § 110c: Det paaligger Statens Myndigheder at respektere og sikre Menneskerettighederne. Nærmere Bestemmelser om Gjennemførelsen af Traktater herom fastsættes ved Lov. (15 juni 1994)

– Jøde- og jesuittparagrafane i Grunnlova er det mest graverande dømet på dette. Det er tankevekkande at jødeparagrafen vart ståande til 1851, og ikkje minst at jesuittparagrafen først vart oppheva i 1956, seier historikar Einar Niemi, professor emeritus, ved Universitetet i Tromsø.

Eitt nasjonsberande folk

Grunnlova bygger på ideane om folkesuverenitet og maktfordeling, som voks fram frå andre halvdel av 1700-talet.

– Men ho fekk òg impulsar frå den gryande nasjonalismen. Målet var ein integrert og homogen stat. Lova skulle forsvare oss både mot svenskane og mot minoritetar som kunne verka religiøst trugande, sier Niemi.

Minoritetshistoria etter 1814 ser ikkje ut til å gi nordmenn mykje å vere stolte over. Før 1800-talet var derimot Noreg eit ganske ope samfunn for minoritetar. På 1700-talet trong landet kapital utanfrå, og kongen ga difor leide for jødiske handelsmenn, det vil seie eit adgangsbrev signert justisdepartementet blant anna for å drive handel. 

Kvenane vart ynskt velkomne til Nord-Noreg på 1700-talet fordi dei hadde kunnskapar om jordbruk. Meir bufast jordbruk skulle både styrke økonomien og sikre norsk territorium i nordområda, på same måte som skogfinnane vart ynskt velkommen til å ta i bruk dei store skogsområda på Austlandet.

“Den finske faren”

Ut på 1800-talet vart fleire av minoritetane oppfatta som eit trugsmål, delvis på grunn av ei viss tilknyting til framande makter. Det vart til dømes snakka om «den finske faren».

Assimilasjon var den rådande politikken overfor minoritetar i Noreg heilt fram til etter andre verdskrigen.

Overfor samar, kvenar og skogfinnar var midla som vart tekne i bruk, først og fremst kultur- og skolepolitiske. Eit døme er jordsalslova for Finnmark i 1902, som i sin språkklausil sa at jord helst burde seljast berre til norske statsborgarar som kunne snakke, lese og skrive det norske språket.

Overfor roma- og romanifolket var tiltaka hardare, inkludert utestenging, internering, til og med tvangssterilisering. Jødane vart fram til andre verdskrigen utsett for mange former for nedsetjande skildringar og fordomar, men fekk drive næringsverksemd.

Samane i ei særstilling

– Det store vendepunktet kjem eigentleg ikkje før med grunnlovsendringa i 1988 og innføringa av § 110a, der det vart slått fast at statsstyresmaktene har plikt til å legge tilhøva til rette for at samane kan sikre og utvikle språk, kultur og samfunnsliv, seier Niemi.

Han lyfter også fram Europarådet sitt charter for regions- og minoritetsspråk (ratifisert i 1993), rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar (ratifisert i 1999) og arbeidet til Samekulturutvalet som banebrytande for minoritetane sine rettar i Noreg, i tillegg til ei rad folkerettslige dokument som Noreg har slutta seg til.

– Men Noreg har framleis eit nokså eksklusivt minoritetsvern. Ingen av dei andre gruppene er så sterkt tekne vare på i norsk lovgiving og internasjonal folkerett som samane. Deira status som urfolk har vore ein politisk suksess, meiner Niemi.

Sameparagrafen var dermed berre ei halv vending. Niemi peikar på kor viktige kategoriane har vore.

Einar Niemi. (Foto: Knut-Sverre Horn, NRK)

– Det er ofte i samband med kategorisering at kampen om minoritetsrettar har stått og står. Urfolksomgrepet blei tidleg heilt sentralt som grunnlag for politikkutforming. Men urfolk er ikkje eit objektivt vitskapeleg omgrep. Det er ikkje minst ein politisk kategori.

Niemi peikar også på at den glidande utviklinga frå å sjå på samane som «samisktalande nordmenn», via «urbefolkning» til «urfolk» og «nasjon» er talande. Kvar for seg får desse omgrepa ulik politisk styrke.

Hierarkisk minoritetspolitikk

Kvenane har ikkje vore kategorisert som urfolk og har dermed ikkje fått del i dei same ressursane eller rettane som samane.

Norske styresmakter var ikkje villige til å gi kvenane status som nasjonal minoritet heller, før etter at Europarådet sin rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar vart ratifisert i 1999.

Det var først då at romanifolket (taterar), roma (sigøynarar), jødar, kvenar og skogfinnar vart anerkjente som nasjonale minoritetar.  

– Det har sidan materialisert seg eit hierarki i den nasjonale minoritetspolitikken, med urfolk på topp, så dei fem nasjonale minoritetane og så innvandrarar, seier historieprofessoren.

Kritikk frå Europarådet

– Styresmaktene har heller ikkje strekt seg særleg langt for å realisere ein proaktiv politikk for nasjonale minoritetar, slik dei er forplikta til, ikkje eingong lokalt og regionalt i Nord-Noreg, seier Niemi.

Han viser til at dei norske rapportane til Europarådet om minoritetspolitikken har vore møtt med fleire kritiske merknadar frå rådet si side.

- Noreg gjer ikkje nok for å synleggjere dei nasjonale minoritetane, og ressursane er for små til å sikre identitet, språk og kultur, seier han.

Kvensk vart definert som eit eige språk, og ikkje ein finsk dialekt, i 2005. Same året løyvde Forskingsrådet midlar gjennom Polaråret til digitalisering og transkribering av kvensk.

Niemi er oppteken av at tradisjonsberarane er i ferd med å døy ut, og at det hastar med å vitalisere det kvenske språket.

– Det vil vi ikkje lukkast med dersom det ikkje er ressursar til å utvikle skriftspråk, grammatikk og læreverk. Den kampen er tapt dersom skulen i staden vel å undervise berre i riksfinsk, seier Niemi.

 

Powered by Labrador CMS