Museumsdirektør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum syner fram stålrøyrstøttene. Dei støttar golvet rett over der både vogna og sleden frå Osebergfunnet, står. (Foto: Ola Sæther)
Museumsdirektør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum syner fram stålrøyrstøttene. Dei støttar golvet rett over der både vogna og sleden frå Osebergfunnet, står. (Foto: Ola Sæther)

Dei skjøraste gjenstandane i Vikingskipshuset står på det skjøraste golvet

Verdas viktigaste kulturarv står på eit golv som blir halde oppe av stålrøyrstøtter. – Då dei bygde denne delen av Vikingskipshuset i 1956, var det viktigaste at dei skulle bruka minst mogleg pengar. Det kostar oss dyrt i dag, seier museumsdirektør Håkon Glørstad.

Published

For museumsdirektør Håkon Glørstad blei måndag 8.oktober ein gedigen blåmåndag som enno ikkje er over. I staden for å gleda seg over ei varsla startløyving til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy, kom meldinga om at det ikkje kom pengar til bygging av nytt vikingtidsmuseum. Den einaste konkrete løyvinga som står i budsjettforslaget, er fem millionar kroner til metodeprosjektet Saving Oseberg.

– Enormt skuffande

– Det var enormt skuffande at det ikkje var funne plass til nytt vikingtidsmuseum på regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. UiO og Kulturhistorisk museum har jobba knallhardt med dette heilt sidan 2014 for å rekkja fristen for å få det med på framlegget til statsbudsjett for 2019. UiO har levert. Statsbygg har levert og Oslo kommune har levert, seier Håkon Glørstad til Uniforum. Han synest det er eit mysterium.

– For meg er det gåtefullt kvifor regjeringa ikkje har prioritert dette prosjektet no når dei hadde sjansen, for ei utsetjing løyser ingenting, tvertimot aukar det risikoen som denne samlinga vert utsett for. Det er Kunnskapsdepartementet og regjeringa sjølv som har gitt oss denne tinginga, slår han fast. – Dei burde defor ha fylgd opp med ei løvying, legg han til.

530 000 besøkjande

Vikingskipshuset er i dag Noregs best besøkte museum.

– Årleg har museet eit besøkt på 530 000 personar. Det er ingen enkeltmuseum i Noreg som klarer å slå det besøkstalet, understrekar museumsdirektøren. Samtidig er det høge besøkstalet også ein del av problemet som eit utslite museumsbygg strir med i dag. For kvar gong nokon går på golvet vibrerer det både i bygningen og i gjenstandane. Og under golvet der dei mest sårbare gjenstandane står, sleden og vogna frå Osebergfunnet, der blir golvet halde oppe på eit heller improvisert vis. Verdas viktigaste kulturarv står nemleg på eit golv som blir halde oppe av stålsrøyrstøtter.

Vogna og sleden frå Osebergfunnet er blant dei skjøraste gjenstandane i Vikingskipshuset. Men dei står i den delen av bygningen der golvet er så svakt at det må forsterkast med stålrøyrstøtter. (Foto: Ola Sæther)
Vogna og sleden frå Osebergfunnet er blant dei skjøraste gjenstandane i Vikingskipshuset. Men dei står i den delen av bygningen der golvet er så svakt at det må forsterkast med stålrøyrstøtter. (Foto: Ola Sæther)

– Då dei bygde denne delen av Vikingskipshuset i 1956, var det viktigaste at dei skulle bruka minst mogleg pengar. Det kostar oss dyrt i dag, konstaterer museumsdirektør Håkon Glørstad og peikar på stålrøyrstøttene.

– Ville spara pengar på 1950-talet

– Er det verkeleg så ille at de kjem til å stengja museet for publikum?

– Det er tre faktorar som er veldig viktige her. Det eine handlar om vibrasjonar, det andre handlar om støv og det tredje handlar om inneklima rundt skipa. Kvifor har me desse stolpane ståande her? Det har me fordi denne fløya som er den siste fløya som blei bygd på Vikingskipshuset, blei bygd så dårleg fordi ein skulle spara på midlar på 1950-talet, at vibrasjonar frå vanlege fottrinn i første etasje forplantar seg ned i heile konstruksjonen og så inn i dei gjenstandane som står utstilte i fløya. Dermed måtte det gjerast ei naudoppstøtting for å dempa vibrasjonane. Så dårleg stilt er det faktisk.

Både Osebergskipet og dei andre vikingskipa i VIkingskipshuset er prega av støvproblema i museet. Det observerer museumsdirektør Håkon Glørstad frå utsiktstårnet. (Foto: Ola Sæther)
Både Osebergskipet og dei andre vikingskipa i VIkingskipshuset er prega av støvproblema i museet. Det observerer museumsdirektør Håkon Glørstad frå utsiktstårnet. (Foto: Ola Sæther)

– Det me ser er at denne unnlatingssynda frå 1950-talet er svært alvorleg når det gjeld å ta vare på dei gjenstandane som står rett over. Det er dei aller skjøraste gjenstandane, dei alunkonserverte gjenstandane frå Osebergskipet som Saving Oseberg-prosjektet jobbar for å finna ein måte å bevara dei på. Dei står rett over oss her, forklarar Håkon Glørstad.

– Tankevekkjande

Så vurderer han kva museet kan tena på å stengja publikumstilstrøyminga.

– Det opplagte er at me kan dempa vibrasjonane og stabilisera klimaet rundt skipa. Men for å vita om det har god nok effekt, må me gjera nye målingar, finna ut om det trengst fleire oppstøttingar eller om me må avgrensa publikumsstilstrøyminga. Korleis påverkar vibrasjon frå fottrinn frå besøk dei gjenstandane som står der? Det er første bod. Det er tankevekkjande at staten har bygd eit bygg som er så dårleg at no drøye 60 år etter, er det ikkje forsvarleg å stilla ut museumsgjenstandar i det, sjølv om det var bygd med det formålet, seier Håkon Glørstad.

– Ein heilt uhaldbar situasjon

–Trur du det er mogleg å få denne startløyvinga til Vikingtidsmuseet inn i statsbudsjettet før det blir vedtatt i desember?

– Ja, eg meiner at det bør regjeringa vurdera seriøst. For dette er eit ekstremt viktig prosjekt, som ikkje først og fremst er viktig for Universitetet i Oslo, men eit prosjekt som har mykje å seia både nasjonalt og internasjonalt. Det er den viktigaste kulturarven me har i Noreg, og når ein vel ikkje å prioritera den, men kan gjera det, vert det skapt ein heilt uhaldbar situasjon. Me håpar verkeleg at regjeringa finn ei løysing, som gjer at dei kan ta med dette prosjektet vidare.

Vil påverka politikarane

– Kva vil du gjera for å få inn denne løyvinga?

– Me kjem til å jobba mot regjeringa og mot Stortinget for å påverka den politiske avgjerdsprosessen i håp om at dei kan inkludera dette prosjektet i statsbudsjettet for 2019.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.