null (Foto: PHS)
null (Foto: PHS)

Politiforsking i 2015: Nasjonalt og internasjonalt samarbeid aukar

Nasjonalt og internasjonalt samarbeid aukar, og det er satt i gang eiga forsking på politireform i inn- og utland.

Dette er hovudtrekk når Politihøgskolen no har lagt fram si eiga årlege melding om forskinga. I forordet blir det vektlagt at Politihøgskolen dei siste åra har hatt sterkt fokus på utvikling av søknader til Norges Forskningsråd og EU sitt rammeprogram. I 2015 kjem tydelege resultat av dette arbeidet. Fleire prosjekt har fått midlar og er no i gong.