Aldri har ein frittflygande planet blitt oppdaga nærare jorda

Astronomar har oppdaga planet utan moderstjerne 100 lysår unna jorda.

Publisert
Planeten CFBDSIR2149 er den mest spennande og næraste frittflygande planeten vi veit om til no. (Foto: European Southern Observatory)
Planeten CFBDSIR2149 er den mest spennande og næraste frittflygande planeten vi veit om til no. (Foto: European Southern Observatory)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Et team av kanadiske og europeiske astronomar har identifisert ein vandrarplanet som ikkje går i bane omkring ei moderstjerne.

Dette er det den mest spennande og aller næraste frittflygande planetkandidaten ein veit om til no, skriv European Southern Observatory i ei pressemelding.

Planeten som har fått namnet CFBDSIR2149 er oppdaga i ei avstand av 100 lysår frå jorda.

Oppdaginga er gjort ved hjelp av data frå Canada-France-Hawaii-teleskopet (CFHT) og European Southern Observatory’s Very Large Telescope (VLT).

_____________________

Les hele saken på NRK.no