Meiner Vikingsondane likevel fann liv på Mars

Nye analysar av 36 år gamle data frå Vikingsondane på Mars tyder på at vi kanskje alt har oppdaga liv på planeten. – Studien framstår som svært spekulativ, seier norsk astrobiolog.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Marssonden Viking 2 på Mars i eit sjølvportrett frå 1976. (Foto: NASA)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Vikings Labeled Release-eksperiment

I Labeled Release-eksperimentet vart prøvar av Marsjord tilført ein drope med næringsvæske merka med radioaktivt karbon-14 . Deretter målte sondane lufta over prøvane for utslepp av radioaktiv 14CO2-gass som kunne vere bevis for at mikroorganismar i jorda hadde omdanna ein eller fleire av næringsstoffa.

Sjølv om dette eksperimentet var det einaste av tre eksperiment som i si tid gav positive resultat, har konsensus blant forskarane vore at dette eksperimentet fann teikn på geologisk, og ikkje biologisk, aktivitet.

(Kjelde: wikipedia.org)

Vikingsondane som NASA sende til naboplaneten vår i 1976 hadde med seg eksperimentutstyr for å finne bevis for liv. Men eksperimenta gav hovudsakleg negative resultat, bortsett frå eitt eksperiment, Labeled Release (sjå faktaboks), som var positivt.

No har eit team av amerikanske og italienske forskarar gjort nye matematiske analysar av rådata frå Vikingeksperimentet Labeled Release som skulle sjå etter teikn av mikrobielt stoffskifte i jordprøvar.

Dei meiner at deira analyser tyder på at det var biologisk liv i marsprøvane.

– På basis av det vi har gjort til no, vil eg seie eg er 99 prosent sikker å at det er liv der, seier Joseph Miller ved University of Southern California til Discovery News.

 

________________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS