Annonse

Større krav til foreldra

Tilsette i det norske barnevernet stiller større krav til foreldre av etniske minoritetar enn dei gjer i England, ifølgje ny forsking.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tilsette i det norske barnevernet har større forventningar til kor aktive foreldre av etniske minoritetar skal vere i barna sine liv enn engelske barnevernstilsette.

Dei har og større krav til korleis foreldra tilpassar seg barnevernssystemet.

– Haldningane til tilsette i barnevernet påverkar kva avgjeringar dei tar. Dei norske barnevernstilsette forventar at foreldra skal delta i det norske samfunnet og bli tospråklege, for å sikre at barna deira utviklar seg på best mogleg måte og får ei god utdanning.

– I England er det ikkje ei forventing om at foreldra har ein slik tokulturell kompetanse, seier forskaren Marit Skivenes på Høgskolen i Bergen.

Skal lære av kulturar

I studia vart 53 barnevernstilsette i England og Noreg intervjua, der spørsmåla gjekk på kva utfordringar barnevernet opplev når dei jobbar mot etniske minoritetar, og om det er annleis å jobbe med dei enn andre grupper. Alle fekk dei same spørsmåla.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Ein interessant forskjell såg vi i England, der oppfattinga blant tilsette i barnevernet er at dei skal lære av dei andre kulturane dei møter.

– I Noreg er tilsette i barnevernet meir retta mot å informere, om å lære opp foreldra om kva barna treng og kva som er riktig oppdraging, seier Skivenes.

– Positivt norsk barnevern  

Oppfattinga av kva som er barnevernet si rolle er annleis blant tilsette i barnevernet i dei to landa. Medan det engelske barnevernet fokuserar meir på å forhindre krisar og akutte situasjonar, er det norske opptatt av borna si vidare utvikling.

Borna blir sett på som individ, der engelske barnevernstilsette heller behandlar familien som eit heile.

– Forskinga viser at barnevernet i Noreg har satt eit fokus på barn sine rettar, og tar dei på alvor etter Barnekonvensjonen. Dette tykkjer eg er svært positivt, seier forskaren.

Marit Skivenes frå Høgskolen i Bergen.

Språk vanskeleg

Barnevernstilsette har elles overraskande like tilbakemeldingar, trass i at det engelske samfunnet er meir multikulturelt enn det norske. Mange meiner at kommunikasjon og språk er eit hinder i møte med etniske minoritetar.

Eit problem er uprofesjonelle tolkar, som medfører misforståingar og at informasjon ikkje kjem fram.

– Tillit er ofte vanskeleg. Når både tolken og familiane kjem frå same etiske minoritet og samfunn, kan dei vere redde for at noko dei seier skal kome ut. Dette kan ein løyse med profesjonelle tolkar, sidan foreldra må væra trygg på at teieplikta gjeld.

– Kanskje kan ein og bruke fleire tekniske hjelpemidlar, til dømes videokonferanse og telefontolking, meiner Skivenes.

Kulturforskjellar

Eit anna fellestrekk i studia er at tilsette i barnevernet opplevde problem på grunn av kulturforskjellar.

– Dei tilsette meinte dei etniske minoritetane ofte ikkje forstår korleis det norske velferdssystemet og barnevernet fungerar, og tykkjer det er vanskeleg å orientere seg i det nye samfunnet.

– Når ein kjem frå ulike kulturar har ein gjerne og forskjellege oppfatningar av kva som er barn sine behov, seier Skivenes.

Blindsone for rasisme

Noko overraskande i studia er at dei norske barnevernsarbeidarane har ei slags blindsone for eventuell rasisme.

Dette er noko ein er meir opptatt av i det engelske barnevernet, der ein har fleire retningslinjer knytt til rasisme og undertrykking.

– Dei engelske barnevernsarbeidarane er kulturelt sensitive, og er oppmerksame i forhold til etnisk bakgrunn og mogleg rasisme. Kulturell tilhøyring er ein del av barnet sin identitetsutvikling, og er ikkje godt nok reflektert i norsk barnevern. Samfunnet vil berre bli meir multikulturelt, seier Skivenes.

Referanser:

Kriz & Skivenes: Knowing our Society and Fighting Against Prejudices: How Child Welfare Workers in Norway and England Perceive the Challenges of Minority Parents, British Journal of Social Work (2010), doi: 10.1093/bjsw/bcq026.

Kriz & Skivenes: Lost in Translation - How Child Welfare Workers in Norway and England Experience Language Difficulties when Working with Minority Ethnic Families, British Journal of Social Work (2010) 40 (5): 1353-1367, doi: 10.1093/bjsw/bcp036.

Studia er ein del av eit stort prosjekt der ein samanliknar barnevernet i ulike land, med forskarar frå USA, Noreg og England. I studia vil ein og gjere samanlikningar med det amerikanske barnevernet. Forskingsprosjektet er støtta av Norges Forskningsråd.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS