Dag Berild har klare tankar om kva som skal til for å få ned bruken av antibiotika. Han ønsker seg blant anna meir tverrfagleg forskingssamarbeid. (Foto: Yngve Vogt, Apollon/UiO)

Treng betre styring av legane for å få ned antibiotikabruk

Det er nødvendig med digital styring av legane si forskriving for å få kontroll på bruken av antibiotika både i sjukehus og i allmennpraksis, meiner overlege Dag Berild.

Antibiotikaresistens er ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) ein av dei største helsetruslane verda står framfor. I november arrangerer WHO verdas første World Antibiotic Awareness Week.

– Det er 25 år sidan eit nytt antibiotikum kom på marknaden, samtidig aukar førekomsten av antibiotikaresistente bakteriar kraftig. Om vi ikkje gjer noko, vil folk døy av vanlege infeksjonar fordi vi ikkje har antibiotikum som verkar på bakteriane, seier Dag Berild.

Han er førsteamanenusis ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo der han leier forskingsgruppa for rasjonell antibiotikabehandling. Han er òg overlege ved infeksjonsavdelinga ved Oslo universitetssykehus.

Berild fortel at ein rapport utarbeidd på oppdrag frå den britiske regjeringa i fjor, viser eit scenario der ti millionar menneske vil døy av infeksjonar i 2050, fleire enn dei som vil døy av kreft, om vi ikkje klarer å handtere problemet.

Ny norsk strategi

No i september kom dei nordiske helse- og matministrane med ei erklæring mot antibiotikaresistens. Før sommaren la den norske regjeringa fram ein ny strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020.

– Eitt av måla med den norske strategien er å redusere bruken av antibiotika med 30 prosent over fem år samanlikna med 2012. Skal ein nå dette målet, må ein ha digital styring med kva legar skriv ut av antibiotika, påpeikar Berild.

– Legane som skriv ut antibiotika i sjukehus, må ha elektronisk forskrivingssystem som gir dei avgjerdsstøtte. Når dei trykker på antibiotikumet penicillin, skal dei måtte velje diagnose slik at vi kan følgje med på kva diagnosar legar skriv ut antibiotika for. Her må leiinga i sjukehuset følgje opp om dei ser avvik.

Kan redusere bruken og behalde kvaliteten på behandlinga

Berild fortel at fleire studiar vise at ein klarer seg med mindre antibiotika utan å svekke kvaliteten på behandlinga.

– Vi har blant anna publisert ein studie frå eit barnesjukehus i Russland der vi har halvert bruken av antibiotika utan at dødelegheita gjekk opp.

Andre har vist at ein ikkje treng å forlenge antibiotikabruken i etterkant av kirurgiske inngrep. Det held å bruke antibiotika under sjølve inngrepet.

– Dei elektroniske systema gjer det mogleg å stoppe utlevering av antibiotika same dag eller dagen etter inngrepet. Ei forlenging av antibiotikabruken gir ikkje færre kirurgiske infeksjonar, men fleire biverknader, understrekar han.

Treng betre målemetodar i sjukehus

I doktorgradsarbeid sitt utvikla Berild og medarbeidarane hans ein metode for å måle antibiotikabruk. Metoden er no i bruk på sjukehus over heile Europa.

– Med denne metoden går ein inn i sjukehusa fire dagar i året og måler kva infeksjonar pasientane har og kva slags antibiotika dei får. Vi må vite både kva infeksjonar folk kjem inn med, og kva dei blir smitta med i sjukehuset, seier Berild.

To doktorgradsstipendiatar ved UiO har dei siste åra sett på korleis dei betre kan måle bruken av antibiotika hos barn og vaksne. Metodane er framleis på forskingsstadiet, men målet er at dei skal brukast til å samanlikne antibiotikabruken ved ulike sjukehus.

– Det er eit leiaransvar å ha oversikt over antibiotikabruken. Det bør inn i bestillardokumenta frå Helse- og omsorgsdepartementet til sjukehusa at dei må implementere dei nasjonale retningslinjene for antibiotikabruk og ha oversikt over antibiotikabruken, meiner Berild.

– Dei bør òg vere pålagde å ha oversikt over resistensforholda i sjukehuset slik at ein kan tilpasse retningslinjene etter eventuelle lokale variasjonar.

Primærlegane må òg følgjast opp

Ifølgje Berild blir 85 prosent av antibiotikumet forskrive på legekontor.

– Òg i primærhelseteneste bør det vere digital overvaking av dei som skriv ut antibiotika, slik at ein i Reseptregisteret kan sjå kven som skriv dette ut i hytt og vêr og eventuelt gjere tiltak for å betre vedkommande sine forskrivingsvanar, seier han.

Dette tiltaket er omtalt i regjeringa sin strategi.

– Mange legar forstår ikkje alvoret og nokre kjem frå land der dei har ein annan kultur for å skrive ut breispektra antibiotikum som drep fleire typar bakteriar, fortel Berild.

Dei nasjonale retningslinjene som legane skal følgje, finst i kortform i lommeformat. Det er òg laga ein app som primærlegane kan støtte seg til.

Forbrukarane har òg eit ansvar

Berild seier betre kontroll med kva legane skriv ut, må gå hand i hand med at vi som brukarar er bevisste på om vi verkeleg treng ein antibiotikakur. Dei fleste luftvegsinfeksjonar går over av seg sjølv.

– Antibiotika er det vi kallar eit sosialt legemiddel der din bruk påverkar andre i samfunnet, fordi antibiotikaresistens spreier seg, påpeikar han.

Ønsker meir tverrfagleg samarbeid

Berild meiner det er viktig å samordne dei som driv klinisk forsking for å finne ut korleis ein kan redusere bruken av antibiotika og dei som driv grunnforsking på mekanismar for antibiotikaresistens og som prøver å finne nye antibiotika.

Han viser til universitetet i København som har gitt 30 millionar kroner over fem år til tverrfagleg resistensforsking der veterinærar, legar og farmasøytar arbeider saman. Han ønsker seg det same i Oslo.

– Tre fjerdedelar av antibiotikumet i verda blir brukt i landbruket. Bakteriar ser ikkje forskjell på dyr og menneske og spreier seg til menneske via maten. Sverige, Danmark og Noreg har jobba med å få ned bruken. Her i Noreg har Veterinærinstituttet utvikla ein vaksine som reduserer bruken av antibiotika i laks frå 48 tonn per år til nesten ingenting. Det er eit godt eksempel på at norsk forsking bidrar til verdiskaping i samfunnet.

– Eg trur meir forsking på antibiotikaresistens vil trenge seg fram. Det er eitt av verdas største folkehelseproblem.

Powered by Labrador CMS