Ulike artar var mann og kone

Forskarar ved Bergen museum har vist at det ein lenge trudde var to ulike fiskeartar, i røynda er same art. Resultatet viser kva rolle DNA-analyse spelar i biologisk systematikk.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ingvar Byrkjedal viser fram eit glas med ein liten klumpete fisk på sprit. Øvst er glaset forsynt med raud tape.

- Tapen viser at dette er eit typeeksemplar, altså det eksemplaret som vart brukt til å skildre arten. Om lag som meteren i Paris, opplyser han.

Fisken tilhøyrer rognkjeks-familien og vart skildra første gong i 1956.

Ein japansk spesialist på denne familien meinte at fisken representerte ein eigen art, som han gav namnet Eumicrotremus eggvinii.

Lenge var dette det einaste eksemplaret ein hadde av arten.

Undersøkte slektskap

Frå byrjinga av 1990-talet fann Havforskingsinstituttet fleire eksemplar av arten. Det vart også funne mange eksemplar av den arten som er mest vanleg i våre farvatn, vortekjeks eller Eumicrotremus spinosus, som har vore kjent heilt sidan 1776.

Dei to artane vart funne i same område, av og til i same fangst, og forskarane vart interesserte i å finne ut kor nært slektskapen mellom dei eigentleg var.

- Då vi tok i bruk DNA-analyse, fann vi ingen skilnad i markørane vi brukte, fortel Byrkjedal.

- Dermed tok vi til å telle opp og samanlikne ytre trekk, slik som storleiken og talet på piggar og strålar i finnane. Det er lett å sjå forskjell.

- Då var det nærliggande å opne dei for å sjå kva kjønn dei hadde, og det viste seg at alle eksemplara av E. eggvinii var hannar, medan alle eksemplara av E. spinosus var hoer. Det var snakk om to kjønn av same art.

Oppdaginga vart gjort i samarbeid med Endre Willassen og David Rees, og vart nyleg publisert i ein artikkel i Journal of Fish Biology.

Mange artar blir omklassifisert

Det er eit tilbakevendande problem i biologien at ein berre har tilgang til eit lite utval eksemplar frå ein art, og at sjansane til å observere arten i det naturlege miljøet han lever i, er få.

I slike situasjonar må ein ta avgjerder ut frå den kunnskapen som er tilgjengeleg, og det er ikkje urimeleg å tru at to ulikt utsjåande fiskar tilhøyrer to ulike artar.

No går metodeutviklinga i høgt tempo, og DNA-analysar blir meir og meir brukt for å utfylle den kunnskapen ein kan få ved meir tradisjonelle metodar.

- Når det gjeld grupper som insekt og virvellause dyr, blir artar omklassifiserte heile tida. Ein må stadig ta avgjerder om kva som er ein art, og kva som berre er variasjonar.

- Det er sjeldnare at artar av virveldyr blir slått saman, og difor har dette vore eit artig arbeid. Særleg fordi det gjeld artar frå eit område som i det store og heile er godt utforska, seier Willassen.

DNA-analyse blir også brukt til å skilje mellom artar som ser svært like ut. Ein reknar med at talet på artar vil auke noko, sjølv når det gjeld virveldyr, etter kvart som DNA-metodar blir brukt meir rutinemessig.

Evolusjonære einingar

- Dette arbeidet er viktig fordi vi reknar artar som evolusjonære einingar, som ikkje utvekslar genetisk informasjon. Skal ein evaluere den økologiske, og eventuelt den kommersielle, rolla dei spelar, må ein vite kva plass dei har i systemet, meiner Byrkjedal.

Dei store vitskaplege samlingane ved musea vart primært oppretta for skaffe materiale til forskarar som kunne drive med slike artsstudium.

Bergen museum har ei stor samling marine virvellause dyr, og ei stor insektsamling som det blir forska mykje på. Også fiskesamlinga trekk til seg mykje aktivitet. I tillegg blir det utført mykje botanisk artsforsking.

- Vi er også interesserte i korleis artane er i slekt med kvarandre. DNA-analyse er nyttig for å finne slektskap mellom artar, men ein kan også få mykje informasjon ved å sjå på utsjånaden.

- Dersom fleire artar deler ein spesiell eigenskap, kan det tyde på at dei er i slekt. Problema oppstår når ulike artar har funne opp same eigenskap uavhengig av kvarandre. DNA-metodar er viktige for å avdekke slike problemstillingar, seier Byrkjedal.

Likevel er det langt meir vanleg at DNA-analysar stadfestar det ein allereie meiner å ha funne ut. Den store fordelen med å bruke DNA-verktøy, er at ein kan samanlikne eigenskapar i mykje større breidde enn før.

Sjølv artar som det ikkje gjev meining å samanlikne morfologisk, kan samanliknast ved hjelp av DNA.

Ny vår for museumssamlingane

I arbeidet med å finne ut av slektskapen mellom dei to artane som no er blitt éin, prøvde forskarane å hente ut genmateriale frå typeeksemplaret i glaset med den raude tapen.

Men det vart ingen suksess. Fisken har vore konservert på formalin, og dette har truleg øydelagd DNA-et. Derimot fann dei noko som viste seg å vere humane gensekvensar, og som sannsynlegvis stammar frå einkvan som har studert fisken tidlegare.

For å publisere arbeid som dette, vil dei fleste tidsskrift forlange at ein deponerer gensekvensane i ein genbank, som består av fleire store databasar som er kopla i hop og gjort tilgjengelege via nett.

Der kan forskarar til kvar tid søke og finne ut kor godt ein sekvens passar med dei som allereie ligg i genbanken. Problemet er at det nok ligg ein del feilaktig registrert materiale i genbank, og det blir stadig oppdaga tilfelle der det ein trudde var ein spesiell art, viser seg å vere noko heilt anna.

- Difor er musea i no ferd med å få ein ny vår. Ein ser heile tida at det ikkje er tilstrekkeleg å ha gensekvensar, ein må også ha sjølve organismen tilgjengeleg slik at dei kan bli undersøkte på nytt med eit kritisk blikk, seier Willassen.

Powered by Labrador CMS