Dårlege vanar er hankjønn på russisk

På russisk har verb som handlar om hekseri og som spår om framtida overvegande feminin bøying, medan verb som handlar om dårlege vanar som drikking, røyking og gambling er maskuline.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Det kjem fram i ei ny doktoravhandling om såkalla språklege profilar.

- Å bruke språklege profilar er ein framifrå måte å skildre korleis språk fungerer, seier Julia Kuznetsova.

Språklege profilar er ei gruppe metodar som nyleg er vortne utvikla ved Universitetet i Tromsø. Dei byggjer på ein observasjon at det er ein klar samanheng mellom innhald og fordeling i språket - altså språklege einingar sine semantiske (innhaldsmessige) eigenskapar og måten desse einingane plasserer seg i språket på.

- Språklege profilar er utvikla ved hjelp av datamateriale om korleis språk faktisk er i bruk og statistisk metode. Me grupperer dei gjerne i radial kategori-profilar, grammatiske profilar, semantiske profilar, konstruksjonsprofilar, kollostruksjonsprofilar og diakrone profiler, fortel Kuznetsova.

- Det er enno forska lite på språklege profilar, men ny statistisk kunnskap og nye verktøy gjev store moglegheiter for denne type forsking, seier ho.

Hovudsakleg frå russisk språk

Ho har henta empirien sin hovudsakleg frå russisk språk. Det er det ho sjølv kjenner best, dessutan er det russiske korpuset - det vil seia innsamla språkmateriale som er tilgjengeleg for systematisk forsking - eitt av dei største.

Eit døme frå ein grammatisk profil er korleis russiske verb blir bøygde ikkje berre i tid, men også etter kjønn - som vist i ingressen. Ved å studere distribusjonen av hankjønnsformer og høkjønnsformer finn ein interessante resultat.

- Han sa og ho sa bli høvesvis skazal og skazala på russisk. Dette verbet finn me tre gonger så ofte i hankjønnsforma som i hokjønnsforma, noko som ser ut til å vera ei slags standardfordeling, fortel Kuznetsova.

Overraskande funn

Julia Kuznetsova. (Foto: Sigrun Høgetveit Berg/UiT)

- Går me så vidare til ekstremitetane og ser på kva for verbformer som opptrer hovudsakleg i hankjønn eller i hokjønn, blir det endå meir interessant.

- Det er ikkje overraskande at verb om å føde og som omhandlar hushald berre opptrer i hokjønn, men at hekseri og framtidsspåing også var dominerande hokjønnsbøygde, var meir uventa, seier Kuznetsova.

- Og at det å ta eit steg i preteritum primært var ei hankjønnsbøying, var svært overraskande. Både kvinner og menn går jo! Men årsaka er at ordet kjem frå substantivet steg, som oprinneleg tydde store, viktige steg - som altså vart oppfatta som ei maskulin handling, sjølv om sjølvsagt også kvinner tok steg, seier Kuznetsova.

Referanse:

Kuznetsova, Julia: Linguistic Profiles: Correlations between Form and Meaning. Universitetet i Tromsø 2012.

Powered by Labrador CMS