Fleire snakkar samisk oftare

Samisk språk er eit lite språk, men mange stader blir det teke meir og meir i bruk. Kva for tiltak er det som gjev best resultat?

Publisert
Samiske foreldre snakkar no samisk til ungane siden, fortel språkforskar. (Foto: samisknettverk/Flickr)
Samiske foreldre snakkar no samisk til ungane siden, fortel språkforskar. (Foto: samisknettverk/Flickr)

- Om me ser på det medieskapte biletet av stoda for samisk språk, så står det dårleg til med samiskbruken mange stader - det er eit truga språk. Det er bedrøveleg lesing, seier Torkel Rasmussen.

Faglitteraturen gjer ikkje noko tydeleg bilete av kva stoda eigentleg er.

- Så etter å ha sett korleis fleire og fleire ungar i Tana snakkar samisk, ville eg gjerne sjå nøyare på kva dei gjorde der, og få grep om kva slags prosessar som har gått føre seg dei siste 25 åra, seier Rasmussen.

Han har nyleg disputert ved UiT på avhandlinga si om korleis bruken av samisk er i dei to nabokommunane Deatnu/Tana i Finnmark og Ohcejohka/Utsjoki i Finland.

- Samisk språk er inne i ein revitaliseringsprosess, men denne har kome ulikt langt i ulike område. Eg har prøvd å måle samiskens vitalitet, livskrafta til språket, seier Rasmussen.

Bruker samisk på skulen

Og den viktigaste forklaringa på den positive utvikling i Tana, fann han i skoleverket,

I Tana er det språkdelte skolar. Ein for norskspråklege og ein for samiskspråklege.

- For dei samiskspråklege ungane blir dette eit heilskapleg språktilbod, og dei brukar samisk ikkje berre heime med foreldre- og besteforeldregenerasjonen, men seg imellom med jamaldringar på skulen og elles.

- Og det ser ikkje ut til å vera motstand mot denne språkdelte skolepolitikken, som er heilt i tråd med det lovverket som ligg der, klar til bruk, fortel Rasmussen.

Han meiner det er mogeleg å stoppe eit språkskifte og at det er mogeleg å snu utviklinga for bruken av små språk.

- Det som i første omgang er eit paradigmeskifte på makronivå, som her til lands gjekk føre seg frå slutten av 80-talet, kan også påverke språkbruken på individnivå, seier Rasmussen.

Vaksne snakkar no samisk til ungane

Også vaksenspråket er med i undersøkinga til Rasmussen.

- Nesten alle samiskspråklege foreldre snakkar no samisk til ungane sine - det har endra seg totalt sidan 1960- og 1970-talet. Mange av dei opplyser sjølve at dei opplever at språket er den viktigaste måten å fremja den lokale kulturen på, og som knyter både dei og ungane til lokalsamfunnet.

Torkel Rasmussen. (Foto: Minna Saastamoinen)
Torkel Rasmussen. (Foto: Minna Saastamoinen)

Rasmussen har samanlikna den språklege stoda i Tana med Utsjoki, der også samiskbruken står relativt sterkt.

- I Utsjoki ser ein tendensar til den same revitaliseringa av samisk språk, men det går seinare enn i Tana - og det er mindre pengar til ulike tiltak. I Tana er det til dømes eige språksenter for vaksenopplæring i kommunen, medan i Utsjoki må ein til Enare eller Kautokeino, fortel Rasmussen.

Ei årsak til at det går dårlegere i Utsjoki ser ut til å vera skolesystemet. Kommunen har tospråklege samisk-finske skolar der finsk er hovudspråk.

- Dette fører til at ungdomane ikkje snakkar samisk med sine jamaldringar korkje på skolen eller utanfor skolen, seier Rasmussen.

Dårlegare tilbod for dei med samisk som andrespråk

Men ikkje alt er rosenraudt i Tana heller. For dei ikkje-samiskspråklege ungane i Tana ser det ut til å vera vanskelegare å få tilstrekkjeleg samiskopplæring.

Dette gjeld også Utsjoki, det er nærast regelen at ingen lærer samisk i andrespråksundervisninga på skolen.

- For dei med samisk som andrespråk er det ikkje like positive språklege læringsresultat. Foreldre som ikkje har eller ikkje har kunna lære ungane samisk heime, er misnøgde med det offentlege tilbodet.

- Det ser ut til å vera for dårlege undervisningsopplegg og det blir brukt for lite krefter på at dei norskspråklege elevane skal kunne bli tospråklege - slik målet i læreplanen er. Difor tapar samisk som andrespråk terreng - dei siste 6-7 åra har elevtalet gått ned med nærare 40 prosent, seier Rasmussen.

Språkbad for samisk

Han er likevel optimistisk på vegne av samisk språk.

- Om ein startar så tidleg som råd med samisk, fyller barnehagen og har samiske språkbadklassar - der samisk blir brukt på alle område - blir livskrafta til språket styrkt.

- Dessutan skal ein ikkje undervurdere det individuelle nivået - om du har sterk tru på og vilje til å bruke eit språk, så får språket livskraft, seier Rasmussen og avsluttar med å sitere ein russisk språkforskar:

“Det viktigaste er at språkbrukaren trur at språket skal overleva”.

Referanse:

Rasmussen, Torkel: “”Go ealáska, de lea váttis dápmat” Davvisámegiela etnolingvisttalaš ceavzinnávccaid guorahallan guovtti gránnjágielddas Deanus ja Ohcejogas 2000-logu álggus”. Ph.d.-avhandling. Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. UiT 2013.