Allmennpraktikarane møter ofte pasientane først og synast det er vanskeleg å snakke med pasientane om alvoret knytt til leversjukdomen, ifølge ny studie.
Pasientar med alvorleg leversjukdom treng betre informasjon
Det viser ein ny studie om behovet til personar som får sjukdomen levercirrhose.
I studien ser forskaren på informasjonsbehovet til pasientar, pårørande og helsepersonell knytt til sjukdommen levercirrhose; det irreversible endestadiet ved ei lang rekke kroniske leversjukdomar.
– Vi ønskte å utforske korleis pasientane og familiane og opplevde helsetenestene, kommunikasjonen og korleis lindrande omsorg blir utført for pasientar med leversjukdomar, seier Gudrun Elin Rohde. Ho er professor ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap på Universitetet i Agder.
Studien er ei såkalla kunnskapsoppsummering der forskaren baserer seg på 19 studiar med pasientar, pårørande og helsepersonell.
Ein alvorleg sjukdom
Levercirrose er ein alvorleg kronisk sjukdom.
Levra dannar bindevev og blir hard. Dette fører til at levra ikkje fungerer skikkeleg, og blodtrykket rundt levra stig.
De vanlegaste årsaka til sjukdomen er alkoholmisbruk og hepatitt.
Utfordringar med å kommunisere
Studien viser at helsepersonell har utfordringar med å kommunisere omfanget av sjukdomen for pasientar og familiar, og å starte lindrande behandling på rett tidspunkt.
Allmennpraktikarane møter ofte pasientane først og synest det er vanskeleg å snakke med pasientane om alvoret knytt til sjukdomen.
– Spesialistane opplever også at dei manglar metodar for gjennomføring av gode samtalar med pasientar om prognosar og framtidsutsikter, seier Rohde.
Ho fortel at pasientar og familiane deira treng og ønsker meir informasjon om behandlingar dei får og korleis dei kan få hjelp til psykologiske og praktiske behov.
Styrking av lindrande omsorg
Alle legar og sjukepleiarar som er involverte i pasientar med framskriden leversjukdom ser at lindrande og støttande omsorg har ei verdifull rolle, og kan styrke pasientomsorga.
Helsepersonell skal nå få hjelp til å betre kommunikasjonen med pasientar for å tilfredsstille behov som går utover dei medisinske.
– Det er nå utarbeidd ei kommunikasjonsliste med cirka 20 spørsmål. Desse skal bli brukte mellom helsepersonell og pasientar slik at dei blir tryggare på arbeidet sitt. Målet er at dei skal få betra samhandlinga og kommunikasjonen med pasientar og pårørande, seier Rohde.