Annonse

Krangling gjev helseplager

Angst, depresjonar, søvnproblem og ryggplager. Ny forsking viser at dårleg fungerande mellommenneskelege forhold kan ha skulda for ei rekke helseplager.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Problem og konflikter i mellommenneskelege forhold kan ligge bak ei rekke subjektive helseplager. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Krangling med ektefellen, konfliktar mellom dine, mine og våre barn og frustrasjonar på arbeidsplassen gjev ikkje berre tårevåte auge og vakenetter.

Forskarar frå HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen har funne ein sterk samanheng mellom dårlege mellommenneskelege forhold og subjektive helseplager.

– Helseplager som angst, depresjonar, søvnproblem og somatiske plager som rygg- og mageplager kostar samfunnet store summar årleg.

– Sosialt stress i nære relasjonar har stor tyding for folk si oppleving av eiga helse og den sterke samanhengen mellom sosialt stress og helseplager seier noko om kor viktig det er å setje inn førebyggjande tiltak, seier Mette M. Aanes, stipendiat ved HEMIL-senteret.

Einsam saman med andre

Menneske har ein ibuande trang til å søke kontakt med andre. Denne kontakta er avgjerande, ikkje berre for oss som sosiale vesen, men også for korleis vi tenkjer, lærer og oppfører oss i forhold til omverda.

Når nære mellommenneskelege forhold blir prega av konfliktar og uro, kan dette få konsekvensar både for det psykiske og fysiske velvêret.

– Sosialt stress kan vere alt frå å stadig bli hakka på av partneren din til å hamne i konflikter med sjefen. Det gjer at du kjenner deg stressa og redd for å miste den relasjonen du har til motparten. Konfliktene er ei trugsmål mot den tilhøyrigheiten du kjenner til andre, seier Aanes.

Einsemd spelar ei unik rolle i denne samanhengen, ifølge Aanes. Kjensla av å vere einsam kan bli forsterka av den belasta situasjonen, fordi du ikkje har energi til å oppsøke andre og dermed ikkje får den avlastninga og støtta som trengst.

– Opplevinga av einsemd kan vere så overveldande at den påverkar alle sider ved livet, seier ho.

Ho understrekar samstundes at det å ha selskap ikkje er nokon garanti for å ikkje føle seg einsam. Heile ti prosent av respondentane i den store helseundersøkjinga i Hordaland på slutten av 90-talet oppgav at dei hadde følt seg einsame saman med andre.

Mette Aanes. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Dette viser at det ikkje nødvendigvis er dei ein kallar einstøingar på folkemunne som har mest problem med sosiale relasjonar og kjenner seg einsame.

– Dei fleste har på eitt eller anna tidspunkt kjent på smerta ved å vere einsam, seier Aanes.

Kvalitet i dei få

Aanes peikar på skilnaden mellom nettverk og det å ha nære sosiale relasjonar.

– I dag er vi svært mobile, og med denne mobiliteten kan det følgje tap av sosiale relasjonar. Dersom du flyttar til ein ny stad tek det tid å opparbeide seg nye relasjonar. Dette får mellom anna studentar merke når dei tek til på ei ny utdanning, seier ho.

Og det er først og fremst dei nære og tette sosiale relasjonane som gjev beskyttelse. Spesielt blir denne beskyttelsen viktig i situasjonar der ein opplever sosialt stress. Har du støtte frå andre, kan strikken tøyast utan at den ryk. Er du utan slik støtte, ryk den langt raskare.

Ei godt utvikla evne til å søke sosial støtte er difor avgjerande i periodar der ein opplever krangling eller konflikter i nære relasjonar.

– Denne evna til å søke støtte er nedfelt i personlegdomen, men den er også svært prega av tidlegare erfaringar. Dersom ein har opplevd å bli avvist og er redd for at det skal skje igjen, kan ein unngå å søke støtte, seier Mette Aanes.

Ho understrekar at det også er store individuelle skilnader når det gjeld behovet for tilhøyrigheit og sosiale relasjonar.

– Medan Lars Monsen kan gå åleine i villmarka i eit år, kjenner andre seg einsame sjølv saman med andre, seier ho.

Sosialt stress og helseplager

Datamaterialet er henta frå Den store helseundersøkjinga i Hordaland tidleg på 90-talet. Forskarane har valt å bruke respondentane i aldersgruppene 40-47 år og i 70-åra.

Skalaen for sosialt stress er utvikla av professor Maurice B. Mittelmark, instituttleiar ved HEMIL-senteret.

Denne måleeininga har blitt mykje nytta i undersøkjingar både nasjonalt og internasjonalt.

Powered by Labrador CMS