Å skrive ned tankane sine og samtale om dei kan vere særleg verdifullt når du skal bearbeide sorg. No viser forsking at skriving i sorgprosessen både er smertefullt og frigjerande.
Førsteamanuensis Bodil Furnes ved Universitetet i Stavanger har funne at skriving nyttar.
I sin doktorgradsstudie konkluderer ho med at systematisk skriving i samspel med samtale er til stor nytte i sorgprosessen.
– Dei etterlatne seier det er smertefullt å skrive, men samstundes er det frigjerande. Dei synest det gjer godt å få tankar og opplevingar ned på papiret.
– Når dei etterlatne skriv og fortel, opnar dei opp for sorga og gir ho eit uttrykk, seier Furnes.
I studien sin har ho sett på rapportar frå 13 etterlatne som anten har mista ektefelle, foreldre eller søsken, og som i fem månader har vore med i skrivegrupper.
Gode minne
Der har dei fått tildelt skriveoppgåver, og i tillegg har dei skrive om sjølvvalde tema og brukt dagbok heime.
I skrivegruppene blei dei etterlatne mellom anna utfordra til å skrive om hendingar dei hadde opplevd saman med den dei hadde mista: gode minne, det å sakne nokon og det å føle seg einsam.
Særleg blei dei utfordra til å bruke ein utforskande og ekspressiv skrivemåte.
Skriving ikkje nok
Ifølgje dei etterlatne som deltok i studien, har skrivinga gitt dei nye tankar og perspektiv. Dei har fått fram dei gode minna, og gjennom skrivinga har dei følt at dei har teke vare på eit band med den dei har mista.
Ved å skrive forteljingar har dei også funne samanheng tilværet.
Eit viktig funn i studien er at skriving som er knytt til samtale blir erfart som særleg verdifullt.
– Det er tydeleg at det er heilt nødvendig å ha nokon å samtale med etter skrivinga. Prosessen vekkjer så mange kjensler som dei etterlatne treng å snakke om. Oppfølging og samtale om skrivinga med ein profesjonell omsorgsarbeidar er avgjerande, seier Furnes.
Tøft med dagbok
UiS-forskaren fortel at nokre av dei etterlatne opplevde det å skrive dagbok som vanskeleg.
– Mange opplevde det som spesielt tungt og kjende seg veldig åleine i slike augneblikk. Utan samtale eller oppfølging var dette ei stor belasting for fleire av dei etterlatne, fortel ho.
– Andre igjen tok gjerne med seg dagboka på jobb og hadde veldig nytte av denne forma for skriving. Dagboka blei som ein sikkerheitsventil for dei.
Annonse
– I rapportane der dei etterlatne skriv om korleis dei har opplevd skriveprosessen, kjem det tydeleg fram at det å skrive er til stor nytte. Mange synest også det å vere saman med andre i ei slik skrivegruppe har betydd mykje for dei, seier Furnes.
– Folk taklar sorg på mange ulike vis. Mitt inntrykk er samstundes at det er mange i dag som bruker skriving i denne sorgprosessen, seier Furnes
Ho har også fått mange førespurnader om emnet frå etterlatne som også bruker internett for å dele sorgopplevingane sine med andre.