Annonse
Solnedgang i Hardanger. Vi får meir energi og vert glade og nøgde av dei lange, lyse sommardagane. Men vi bør ikkje sova bort sumarnatta, meiner søvnekspert Bjørn Bjorvatn. (Foto: Colourbox)

Korleis påverkar lyse kveldar nattesøvnen din?

Spør en forsker: Blir søvnen forstyrra når det er lyst døgnet rundt?

Publisert

Det er midtsommar. Det nordiske lyset skin natta lang, gjennom det opne vindauget duftar det syrin og kaprifol. Eit piggsvin gøymer seg under benken i gata. Glade menneske ler til akkompagnement av fuglesong.

– Sommarlyset vernar oss mot depresjon og gjer oss meir årvakne, men søvn blir også påverka av alt lyset, seier søvnforskar Bjørn Bjorvatn ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.

– Når det er lyst døgnet rundt, må det vel forstyrre søvnen?

– Det viktige er jo ha det mørkt på soverommet. Ved hjelp av blendegardiner klarer vi jo det sjølv midt på sommaren. Eg veit ikkje om nokon har studert søvnen i eit rom kor det er dagslys, men det vil sikkert forstyrre både innsoving og kvalitet.

– Men korleis speler det inn på søvnen at det er så enormt stor skilnad på lyset om vinteren og sommaren?

– Viktigast av alt, heile året, for at du skal ha ei god søvn er at du har ein god døgnrytme. Forstyrrar du søvnrytmen, forstyrrar du den djupe søvnen som er avgjerande for psykisk velvære og opplagtheit på dagtid, fortel Bjorvatn.

– Men for å halde oss til sommaren. Blir vi ikkje uansett oppkvikka av alt lyset?

– Ja, lyset gjer oss glade. Vi har lengta etter dette gjennom ein lang vinter. Valfartinga til Syden handlar vel så mykje om at vi dreg etter lyset, som at vi skal sole oss og drikke billeg alkohol. Men for folk med søvnvanskar kan sommaren vere ei vanskeleg tid. 

– Om du har vanskar med å sovne, blir det ikkje betre av at lyset fløymer inn på soverommet. Sidan lys verkar oppkvikkande, lyse rom får ein til å vakne, så kan det forstyrre søvnen. Men fordi overgangen til lysare kveldar og netter går så gradvis, er det ikkje grunnlag for å seie at det forstyrrar søvnen til majoriteten av det norske folket.

– Faktisk er overgangen vel så stor ved påsketider då vi kjem frå mykje mørker ut i lyset. Alle har vel merka at dei blir ekstra gira av det enorme lyset på påskefjellet. Ideelt sett burde Noreg burde bli kutta laus frå Sverige og blitt slept ned til kysten utanfor Portugal.

– Men har vi det ikkje ganske bra der vi er? Noreg skårar jo høgt på livskvalitet?

– Tja, jo altså, det er mykje vi vil behalde: Den norske kulturen, den flotte naturen, den friske lufta, alt det der. Men det er for mørkt og vått, synest du ikkje? Med tronge dalar, svært mykje nedbør og lite snø er det jo ingen ideell plass.

– Det gode nyhendet er at sjølv om det er overskya, er det overraskande lyst. Vi har gjort målingar som viser at det kan vere meir enn 20 000 lux på ein gråvêrsdag.

Lux er ei måleeining for belysningsstyrke. Ein solskinsdag kan ha over 100 000 lux.

– Resultatet av målingane ved overskya vêr var høgare enn vi hadde trudd. Det viktige er å komme seg ut. Du får ikkje nok lys framfor PC-en. Innendørs er talet på lux gjerne 200–400. Særleg er det viktig å bli eksponert for lys rett etter at ein har stått opp.

– Du seier at lys påverkar aktsemd. Meiner du med det at vi blir dummare av å bu i nord?

– Mindre lys fører til mindre aktsemd, kan gje vinterdepresjonar og søvnvanskar. I den bekmørke vinteren, når vi kanskje sit inne på jobb eller skule i dei få timane det er lyst, blir vi trøytte og sløve. Men å hevde at vi blir dummare er eg ikkje einig i.

– Jo, er folk i nord derfor trøyttare enn folk ved ekvator?

Bjørn Bjorvatn. (Foto: UiB)

– Det er meir søvnforstyrringar her i nord. Til dømes er norsk ungdom dei trøyttaste i verda. I alle fall var dei trøyttare enn ungdom i 23 andre land i ei undersøking som vart gjort av WHO. Men israelske ungdommar var dei nest trøyttaste, så lyset er langt ifrå den einaste forklaringa.

– Vi mistenker at utstrekt bruk av digitale medium er ein av dei verste søvntjuvane. Når det gjeld dette med jamt lys gjennom året, er det klart at dei som bur nærare ekvator, har ein langt betre balanse i døgnrytmen.

– Søv dei trøytte norske ungdommane betre om sommaren?

– Det er nok mange av dei som er meir opplagde og lettare å få opp om morgonen. Men 5–10 prosent av ungdommar har det vi kallar forseinka søvnfase, og for dei blir innsoving ytterlegare forskyve, medan vinteren er for mørk for dei. Så dette er ei gruppe det er viktig å nå med behandling.

– Du sa at lyset gjer oss gladare. Søv deprimerte betre om sommaren?

– Det er ganske sannsynleg. Vi veit jo at lysterapi har effekt ved depresjon, men til dømes bipolare må vere forsiktige med lys, fordi mykje lys kan utløyse maniar eller hypomaniar. Så lys har ein sterk påverknad.

– Så søvn verkar inn på det meste?

– Ja, til dømes veit vi frå psykiatrien at forstyrringar i søvnmønsteret kan utløyse bipolare maniar og depresjonar. Endra søvnmønster i svangerskap og barseltid kan utløyse psykiske lidingar hjå kvinner som er sårbare for dette. Eit felt det blir forska mykje på, er søvnforstyrringar hjå deprimerte, særleg i utsette periodar som svangerskap.

– Kva er dei heitaste områda på søvnforsking for tida?

– Søvn er eit felt i stor vekst. Det er eit veldig tverrfagleg forskingsfelt, og det er noko av det som gjer det så spennande: Medisinarar, psykologar, psykiatrar, biologar og fleire er opptatt av søvnen. Bergen er den leiande byen i Noreg når det gjeld søvnforsking.

– Her har vi fokusert mykje på ungdommar og søvn, på skiftarbeid, narkolepsi og insomni, eller søvnløyse. Til neste år kjem eg til dømes med ei ny bok om ungdomssøvn.

Powered by Labrador CMS