Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Blir Amy Coney Barrett USAs neste høgsterettsdommar, vil høgsterett bli vridd i ei enda meir konservativ retning.
Blir Amy Coney Barrett USAs neste høgsterettsdommar, vil høgsterett bli vridd i ei enda meir konservativ retning.

Trump risikerer å skremme bort veljarar med sin konservative kandidat til høgsterett

– Han kan miste dei mindre verdikonservative evangelikale veljarane, seier postdoktor Ole Jakob Løland.

Ved valet i 2016 stemte 81 prosent av evangelikale kristne i USA på Donald Trump, ifølgje tenketanken Pew Research Center. Meiningsmålingar tyder på at prosentdelen er nesten like høg i 2020.

Men i 2016 var det dei evangelikale kristne som gjekk sjeldnast i kyrkja som velta nominasjonen til republikanarane i Trumps favør.

– Trump rir to hestar samtidig. Han treng støtte både frå konservative kristne og dei som går sjeldnare til kyrkja.

– Difor kan nominasjonen av ein ny konservativ høgsterettsdommar slå tilbake på han, seier Ole Jakob Løland, postdoktor ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.

Han følgjer feltet tett og skreiv i 2018 boka Global kristendom. En samtidshistorie om den rolla religion spelar i amerikansk politikk.

Kan mobilisere blant kristenkonservative

Etter dødsfallet til den liberale høgsterettsdommaren Ruth Bader Ginsburg i august var Trump rask med å annonsere ein ny og konservativ kandidat, juristen Amy Coney Barrett.

Løland meiner at Ginsburgs død og lanseringa av Barrett dreiar merksemda i valkampen over på religiøse verdikampar i amerikansk høgsterett, noko som vil påverke heile innspurten i valkampen.

– Ruth Bader Ginsburgs død kan mobilisere for Trump blant religiøse og kristenkonservative veljargrupper slik dødsfallet til konservative Antonin Scalia gjorde i 2016.

Forskarar ser på abortkampen som viktigaste sak for å mobilisere evangelikale og ein del katolske veljarar i USA, ifølgje Løland.

Trump treng støtte frå konservative kristne, noko fotostuntet foran den episkopale kyrkja i Washington DC i samband med Black Lives Matter-demonstrasjonane illustrerer.
Trump treng støtte frå konservative kristne, noko fotostuntet foran den episkopale kyrkja i Washington DC i samband med Black Lives Matter-demonstrasjonane illustrerer.

Ikkje plankekøyring

Likevel er ikkje den konservative nominasjonen rein plankekøyring for Trump. USAs abortpolitikk kviler i dag på ei avgjerd i USAs høgsterett i 1973, som fann at retten til abort var verna av grunnlova. Denne avgjerda ønskjer det evangelikale leiarskapet å reversere, men da trengst det konservativt fleirtal i høgsterett.

Trump har i sin presidentperiode sørgja for eit slikt konservativt fleirtal. Blir Barrett USAs neste høgsterettsdommar, vil høgsterett bli vridd i ei enda meir konservativ retning.

– Men Trump risikerer å skremme bort sine mindre verdikonservative evangelikale veljarar, som han også er avhengig av, seier Løland.

Alternativet Clinton

Dei evangelikale kristne er viktige veljarar for Trump. Dei utgjer om lag ein firedel av veljarmassen i USA.

– Då Trump segla opp som presidentkandidat, var det mykje skepsis blant evangelikale kristne til denne kontroversielle kandidaten. Men fleire leiande evangelikale pastorar og forkynnarar har vore klare på at alternativet Hillary Clinton ville ha vore mykje verre, seier Løland.

Han påpeikar at det ikkje har vore lett for republikanarane å framstille Donald Trump som ein truas mann. Men dei kan vise til visepresident Mike Pence.

– Ingen tvilar på at Mike Pence er ein konservativ kristen.

Dette, i tillegg til at Trump har levert på abortfeltet – han flytta også den amerikanske ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem, eit kontroversielt val som appellerte til kristne sionistar – har gjort at mange evangelikale kristne ser på Trump som ein forkjempar for kristne verdiar, ifølgje Løland.

Ole Jakob Løland er postdoktor ved Det teologiske fakultet.
Ole Jakob Løland er postdoktor ved Det teologiske fakultet.

Vart hylla av nonne

På årsmøte til republikanarane i august var det tydeleg at Trump ønskjer å halde fast på konservative veljarar. Ein av talarane var ei katolsk nonne.

– Nonna hylla Trump som den mest «pro-life»-venlege presidenten nasjonen har hatt, fordi han forsvarer det ufødde livet, seier Løland.

I tillegg til nonna talte ein rabbinar, ein katolsk kardinal og fleire protestantiske evangelikale leiarar. Blant dei var sonen og barnebarnet til den innverknadsrike forkynnaren og presidentrådgjevaren Billy Graham (1918-2018).

– Denne typen religiøse støttetalar er eit viktig supplement til presidentens eigen diskurs.

Demokratane satsar breiare

Landsmøte til demokratane spegla ei meir mangfaldig målgruppe. Her talte leiarar frå ulike kyrkjesamfunn, samt ein rabbinar og ein leiar for ein moské.

Presidentkandidat Joe Biden er katolikk, og hans sterke tru vart på årsmøtet understreka i ein tale frå senator Chris Coons. Visepresidentkandidat Kamela Harris er på si side kristen baptist, med ein hinduisk familiebakgrunn.

– Også demokratane er bevisste på å bruke religion i valkampen, men dei appellerer særleg til det som omtalast som den religiøse venstresida. Denne omfattar alle religionar.

Usamde om sanninga

Demokratane har tradisjon for å vere liberale og tolerante i verdispørsmål, på same måte som dei liberale kyrkjene. Grunntanken har vore at dialog med andre truande kan føre kristne nærare sanninga, ifølgje Løland.

I dag stemmer minoritetar som jødar, muslimar, hinduar og buddhistar i USA derfor ofte demokratisk, forklarer han.

– Den kristne høgresida i USA oppstod som ein republikansk motreaksjon mot liberaliteten til demokratane og openheita i verdispørsmål til visse kyrkjer. Det kristne høgre meinte at dei allereie kjenner sanninga, og dei har ønska å kjempe for denne gjennom politisk mobilisering i spørsmål som homofili og abort.

Sekularisering med uklart utfall

Trump har til ein viss grad klart å halde fast både på dei konservative evangelikanarane og på dei som sjeldan går i kyrkja. Dei sistnemnde er ein del av ein større sekulariseringstendens i USA: Denne kjem til syne både ved at færre deltar på religiøse møte og ved at færre – særleg unge – kallar seg religiøse.

Men begge desse gruppene kan bli ein joker i haustens val. Det eine spørsmålet er korleis meir liberale evangelikanarar vil respondere på Trumps lansering av ny høgsterettsdommar. Det andre spørsmålet er, ifølgje Løland, korleis sekulære amerikanarar vil stille seg til Joe Bidens religiøsitet.

– Spørsmålet er om Bidens religiøsitet og katolisisme blir for mykje for sekulært orienterte veljarar. Då kan dei føle seg litt framandgjorde.

Kristendomen snevrast inn

Religion har alltid vore viktig i amerikansk politikk. Men fleire forskarar har den siste tida inntatt eit nytt perspektiv på veljarane, ifølgje Løland.

– Før har forskarar rekna med at veljarar vel politikk utifrå religion, at dei stemmer på ein kandidat ut frå hans eller hennar kristne profil. Men no ser ein òg at veljarane vel religion utifrå politikk.

Kristendomen har blitt del av den aukande politiske polariseringa i USA. Dette var ei utvikling som starta lenge før Trump vart president, og det pregar heile den kristne identiteten, meiner Løland.

– Når kristne aktivistar på amerikansk høgreside kastar seg inn i kampen mot abort og homofili, formar det biletet av kva det vil seie å vere ein kristen. Amerikanarar veks i aukande grad opp med ein snever kristen identitet. Dette fører til at mange vel bort religion.

Fleire unge, evangelikale kristne har dei siste åra gått bort frå religionen.

– Var det ikkje for immigrantar frå det kristne Latin-Amerika, ville posisjonen til kristendomen i USA no ha vore svekt, seier Ole Jakob Løland.

Referanse:

Vebjørn Horsfjord mfl: Global kristendom. En samtidshistorie. Bok på Universitetsforlaget, 2018. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS