Ein forskar ved Universitetet i Bergen har undersøkt kvifor politiet gjorde som dei gjorde 22. juli 2011. (Foto: Morten Holm / NTB Scanpix)

Det 22. juli-kommisjonen ikkje forklarte

Forsking på ukjende loggar, telefonutskrifter og internrapportar avslører kvifor politiet brukte så lang tid på å kome seg til Utøya. Forskaren hevdar manglande opplæring og struktur kan ha kosta mange ungdomar livet under terroren 22. juli.

– Mange av handlingane var forståelege når ein går inn i detaljane. Inntrykket er at alt vart gjort gale, men der og då var handlingane forståelege og gav meining for den enkelte.

Det seier Helge Renå, som forskar på terroren i Oslo 22. juli 2011.

Kaos og terror minutt for minutt

Renå har gått gjennom politiet sitt arbeid minutt for minutt ved å granske alt av eksisterande materiale om politiaksjonen som han har fått tilgang til. Han ville finne ut kva føresetnader dei som var på jobb hos politiet den dagen hadde for å handtere terrorangrepet.

Funna hans er nedslåande. Renå teiknar eit bilete av ein kaotisk organisasjonsstruktur med uklar ansvarsfordeling, mangel på informasjonskanalar og mangelfull kompetanse og trening hos dei som sat i første line. Medan minutta tikka og politiet sleit med å kome seg til Utøya vart 69 ungdomar og vaksne drepne, og mange vart skadde for livet.

– Eg meiner ikkje at alle handlingane var dei beste, men eg kan forstå dei. Ein viktig grunn til at alt tok så lang tid, og at valden fekk utspele seg så lenge, var faktisk noko så tørt som organisasjonsstrukturen, seier Renå.

Kviskreleiken

Renå skildrar eit politi kjenneteikna av ein desentralisert silostruktur:

– Alle sat på kvar si tue og utøvde beredskap for sitt distrikt og sin sektor. Men terrorhandlingane avgrensa seg ikkje til eit politiområde, eller til berre å gjelde politiet. Her måtte politi, brann og redning, forsvaret, helsepersonell og andre beredskapsorganisasjonar samordne seg over fleire kommunar, og det hadde dei dårlege føresetnader for å klare, seier Renå.

Forskaren viser blant anna korleis mangelen på eit fungerande kommunikasjonssystem mellom sektorane og mellom dei ulike politiområda påverka politiinnsatsen.

– Systemet for deling av informasjon fungerte i praksis som kviskreleiken. Ein måtte ta det munnleg på grunn av at der ikkje var system for å dele informasjon skriftleg. Vi veit alle korleis ein beskjed endrar innhald når han går frå munn til munn, seier Renå.

Eit døme på dette er vitneskildringa som ein sentralbordassistent i Oslo politidistrikt fekk inn nokre minutt etter at bomba eksploderte.

«Det var en mann i ein politiuniform… Det er et konkret tips om en bil… Jeg har registreringsnummeret, VH244605 … En mann med beskyttelseshjelm, politiklær og en pistol … En grå varebil… Kjørte mot kjøreretningen».

Assistenten har ikkje tilgang til å skrive i politiloggen, og går rett til sjefen med skildringa på eit kvitt ark. Etter kvart som informasjonen vart registrert i loggen og vidareformidla vart innhaldet i meldinga endra og fordreia.

– Den felles situasjonsoppfatninga var delvis basert feil informasjon, seier Renå.

Kunne ikkje faget

Ein annan grunn til at mykje gjekk gale var at dei som sat på operasjonssentralane, som er sjølve navet i politidistrikta, ikkje hadde kompetanse til å handtere ein situasjon som denne.

– Det er heilt påfallande at opplæring, øving og kompetansekrav til operatørane hadde blitt neglisjert over lengre tid. Det same gjeld stabsfunksjonane, som krisestab. Nesten ingen hadde vore på kurs, og det var opp til den enkelte politimeister å prioritere. I Oslo hadde til dømes ingen av dei som jobba på sentralen sitte saman i krisestab før. Dei hadde heller ikkje hatt øvingar med krisestab før, og å jobbe under kommando av ein krisestab var difor ein heilt ny situasjon for operatørane, fortel Renå.

– På 2000-talet vart dessutan politiet detaljstyrt frå politisk hald. Politiet vart målt på mange ting, men i veldig liten grad på beredskap, seier han.

Sprang med lappar til krisestaben

Ordninga med å sette krisestab var på mange måtar med på å forverre situasjonen, hevdar Renå.

– Det er dei som sit på operasjonssentralen og dei operative patruljane ute som har kommandoen, styringa og oversikta. Difor er det også dei som, etter mi meining, bør ha hovudkommandoen, seier han.

– Då krisestaben kom seg på beina etter ein og ein halv time tok dei over kommandoen for operasjonssentralen. Samtidig var det operasjonssentralen som heldt fram med å ta imot meldingane frå dei på bakken. Dette førte til at dei på operasjonssentralen vart usikre på kva dei var klarerte for og kva dei kunne gjere. Dei måtte springe ut og inn med lappar med beskjedar frå og til krisestaben.

Hoppande logg

Renå har også gått inn i detaljane om korleis den politioperative loggen (PO-loggen) til politiet fungerte i sanntid.

PO-loggen skal vere eit verktøy for å dele informasjon under ein pågåande politioperasjon. Når folk ringer inn skriv politiet dette ned i ein digital logg, og alle kan lese informasjonen. Politiet har fått kritikk for ikkje å ta omsyn til informasjonen som kom fram av loggen slik vi les han i dag. Men der og då var det nesten umogleg å lese loggen sidan tekstlinene hoppa rundt på skjermen.

– Det var som eit excel-ark som berre viser 15 rader om gongen. Kvart 20. sekund vart det ført på ei ny rad, og då rulla loggen fort oppover til toppen. Dei som kom på jobb etter kvart og prøvde å lese kva som hadde skjedd måtte skrolle bakover, men kvar gong det kom ny informasjon så hoppa loggen tilbake til start. I praksis var det umogleg å lese den loggen, forklarer Renå.

Djevelen i detaljane

Det råda til dømes full forvirring om når beredskapstroppen ville kome, og om dei var på veg med helikopter eller ikkje. Eit spørsmål om dette vart oppfatta som ei stadfesting av at troppen faktisk var på veg med helikopter, medan dei i verkelegheita var rett rundt hjørnet i bil. Dette var ein av grunnane til at ingen hadde prøvd å skaffe båtar for å frakte troppen over til Utøya. Troppen måtte hoppe om bord i ein liten gummibåt, og båten fekk som kjent motorstopp under vekta, og det gjorde at politiet kom mykje seinare fram til øya.

– Det har verkeleg gjort vondt å dykke ned i desse detaljane, men det må til. Medan minutta tikka og folka på operasjonssentralane famla i blinde opplevde ungdomane på Utøya sjølve helvete. Styringsstrukturar og organisering verkar inn på korleis både individ og grupper oppfører seg, og det kan få katastrofale følgjer. Det var difor nødvendig å sjå på detaljane. Det er der djevelen sit, seier Renå.

Renå jobbar no med ei bok om terroren den 22. juli 2011 med arbeidstittelen «Politi-innsatsen 22/7: hva 22.juli-kommisjonen ikke forklarte, og hvorfor det fortsatt er viktig».

Powered by Labrador CMS