Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Sørøst-Norge - les mer.

Leiar av forskingsprosjektet BRIDGES, professor Heidi Biseth på Universitetet i Søraust-Noreg.

Lærarar lukkast ikkje heilt med tverrfagleg arbeid i undervisninga

Dei fleste lærarar er positive til tverrfagleg arbeid, men lukkast likevel ikkje med å innlemme dette i klasseromma.

Publisert

Hausten 2020 blei skolekvardagen forandra. Innføringa av læreplanverket Kunnskapsløftet 2020 (LK20) innebar at lærarane no i høgare grad må undervise tverrfagleg.

Det er mellom anna som følgje av introduseringa av tre tverrfaglege tema: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling, som skolane skal legge til rette for læring innafor.

Forskingsprosjektet BRIDGES får støtte frå Noregs forskingsråd for å bygge bruer mellom fagdisiplinar og undervisningsfag – innan lærarutdanninga og i skolen.

I ein nyleg publisert forskingsartikkel tek forskarane tempen på tverrfagleg arbeid i norske skolar.

Det kjem fram at tradisjonelle undervisningsaktivitetar er rådande, og at undervising i eitt fag om gongen held fram med å vere den dominerande modellen for å strukturere utdanninga.

– Det ser ut til at lærarar forstår at tverrfagleg arbeid er viktig både på samfunns- og individnivå, men at dei synest det er vanskeleg å overstige barrieren mellom intensjon og praksis, seier leiar av forskingsprosjektet, professor Heidi Biseth på Universitetet i Søraust-Noreg.

Ho fortel at lærarane slit med å ta i bruk kunnskapen om kva som fungerer og kva som trengst for å transformere utdanninga.

Misforhold

Ei spørjeundersøking, der meir enn 900 lærarar i ulike norske skoler deltok, syner at det er lite samsvar mellom kva lærarar ser på som viktig og kva dei rapporterer at dei faktisk gjer.

Berre 40 prosent av lærarane som tok del i studien, oppgjev at dei driv tverrfagleg arbeid i monaleg grad.

Rundt 60 prosent av lærarane hevdar dei jobbar tverrfagleg gjennom å utvikle felles prosjekt, anten ved at heile skolen går saman om dette eller ved at lærarar på same klassetrinnet finn saman i lag.

Trass i engasjementet for tverrfagleg arbeid rapporterte lærarane at slik undervisingsaktivitet berre skjer av og til.

Samstundes melder meir enn 80 prosent av lærarane at tverrfaglege undervisnings- og læringsaktivitetar er ein måte å gjere skolen betre og meir relevant for elevane, i tillegg til at det koplar undervisninga til utfordringar i samfunnet.

Dei oppgjev òg at dei ser på tverrfagleg undervising som ein måte å gje elevane auka læringsutbytte på.

Saknar fokus i lærarutdanninga

Til saman 155 lærarstudentar og 121 undervisarar på ulike lærarutdanningar deltok òg i undersøkinga og svarte på korleis dei jobbar med tverrfagleg utdanning.

Resultata viser at lærarstudentane vurderer tverrfagleg arbeid som viktig, men at dei opplever lite eksponering for dette i utdanninga si.

Lærarutdannarane melder at dei i hovudsak driv tverrfagleg arbeid på eiga hand, sjølv om dei samstundes rapporterer om vilje til å lære av kollegaene sine.

– Studien vår illustrerer interesse for, men likevel utfordringar med, tverrfagleg arbeid på tvers av utdanningsnivå. Dette indikerer eit behov for at relevant, lærarutdanning er i forkant, slik at utdanningsinnhald og metodar vert tilpassa utfordringane framtidige generasjonar av lærarar møter, seier Biseth.

Konservative læreplanar

I den same studien har forskarane undersøkt dei ulike reguleringsdokumenta for skolar og lærarutdanning. Dei har sett etter likskapar og skilnadar når det gjeld tverrfaglege tema, metodar og vurdering.

– Mandatet som er tildelt dei ulike nivåa i utdanningssektoren, viser i utgangspunktet høge ambisjonar om relevant utdanning for ei framtid i snøgg endring, men når ein går inn i detaljane, verkar læreplanane motstridande på ulike utdanningsnivå og er dessutan konservative og med avgrensa intensjonar, seier Biseth.

Referanse:

Heidi Biseth mfl.: Relevant Transformative Teacher Education for Future Generations. Sec. Teacher Education, 2022. Doi.org/10.3389/feduc.2022.806495

Powered by Labrador CMS