Tettar hol med vatn

Ei spesiell vassblanding hindrar sand i å øydeleggje for oljeutvinning. Blandinga kan også nyttast til å tette veggar i tunnelar og stoppe erosjon.

Publisert
"Sand er eit problem under oljeboring i Nordsjøen. Den nye metoden kan hjelpe på dette."
"Sand er eit problem under oljeboring i Nordsjøen. Den nye metoden kan hjelpe på dette."

Metoden går ut på å sprøyte vatn med ymse tilsetningar inn i det området ein vil gjere noko med.

Det kan vere eit borehol i eit undersjøisk oljefelt eller ein vegg i ein tunnel. Desse tilsetningane er miljøvennlige, uorganiske komponentar og ein kjemisk katalysator.

Kalkstein

- Systemet består av to løysingar - ei karbonatkjelde og ei kalsiumkjelde - som blir blanda halvt om halvt. Gradvis, i løpet av 24 timer, blir kalsitt - kalkstein - felt ut av blandinga, forklarar mannen bak metoden, professor Terje Østvold.

Denne kalksteinen vil så tette sprekker i fjell eller binde sandkorn saman.

Kalsitt er ei form av kalsiumkarbonat. Kalsiumkarbonata er svært lite oppløyselige i vatn. Det er slike vi ser i aksjon i dei fantastiske formasjonane i dryppsteinsholar.

Meir olje

Oljefelt går etter kvart tomme, og dette fører til lågare trykk. For å få ut meir olje, kan produsenten sprøyte inn vatn for å få opp trykket.

Dette fører med seg eit vesentleg problem: I mange reservoar vil vatnet ta med seg sand inn i produksjonsanlegget.

Den metoden som i dag vert nytta til å minimere problemet, er mekanisk: Ein legg eit slags gitter framføre utgangen på borerøret, for å hindre sanden i å bli med inn. Det fungerer berre sånn passe.

For mykje sand

- Etter kvart gjer sandmengda at utvinninga ikkje lenger er mogleg reint praktisk og økonomisk. Nye brønnar må i så fall bores. Men dette kan vere så dyrt at det ikkje løner seg å få resten av oljen ut av reservoaret, seier professor Østvold.

Men når Østvolds kjemiske vassblanding kjem inn i oljereservoaret, vil krystallar av kalsiumkarbonat leggje seg mellom sandkorna og binde desse saman.

Dermed kan ikkje sanden lenger flytte på seg. Oljen kan strøyme gjennom sanden utan å dra den med inn i røyret.

Tettar lekkasjar

Vassblandinga kan også nyttas til å tette tunnelar på ein meir effektiv og meir miljøvennlig måte enn i dag.

- Dagens metode går ut på å sprøyte inn betong i fjellsprekkar under driving av tunnelar. Vatnet med karbonatkjelda og kalsiumkjelda er mykje meir tyntflytande enn betong.

Kanskje billigare

Ved å sprøyte blandinga inn i bergveggen på innsida av tunnelen, vil krystallane av kalsiumkarbonat leggje seg i dei tynne, vassførande sprekkane i fjellet, og tette desse, seier professor Østvold.

Det er ennå for tidlig å si om metoden blir billigare enn dagens, men det er absolutt mulig, meiner Østvold.

Interessert vegvesen

Statens Vegvesen er særs interessert i oppdaginga, og inviterte NTNU-forskarane til å teste metoden ut i Eiksundtunnelen på Møre i fjor haust.

- Den fungerte utmerkt, stadfester professor Østvold. - Vi fekk ein reduksjon i lekkasjar på over åtti prosent.

Bind jorda

Det ser også ut som om metoden kan brukast til å redusere jorderosjon som skyldest vind og vatn. Jorderosjon er eit enormt problem i verdsmålestokk.

- Det viser seg at jord kan stabiliserast på same måte som sand, med miljøvennlige mineralar som samtidig verkar som gjødsel.

- Dersom vi om hausten vatnar jorda med eit vatn som inneheld kjemikaliar og ein katalysator, kan vi produsere mineralar som bind jordpartiklane saman.

- Vi kan såleis verne jorda mot erosjon i den tida ho ventar på neste dyrkingsperiode, seier professor Østvold.

Test i Nordsjøen

Østvold har utvikla den nye metoden i samarbeid med spinn off-firmaet Impermeable AS som han etablerte for noen år sidan. Saman med stipendiatar/studentar ved NTNU og universitetet i Patras i Hellas har han så utvikla metoden.

Han fortel at kommersielle aktørar vurderer å teste ut metoden i oljefelt i Nordsjøen. Det verdsomspennande ingeniørkonsernet M-I driv med teknologitenester for oljeselskap verda over.

Det norske dotterselskapet M-I Production Chemicals har vist konkret interesse for å ta metoden i bruk, og Østvold har også hatt eit møte med British Petroleum i London om det same.

Patent

Professoren fortel at det nå er søkt om norsk patent for å verne oppfinninga.

- Slike patent er ofte viktige for å få dei store oljeselskapa til å interessere seg for oppfinninga. Det kan vere vanskeleg å få eit slikt patent, fordi kjemien som dannar grunnlaget for oppfinninga, er rimelig godt kjent i litteraturen, seier Terje Østvold.