Arven frå hunarkongen Attila

Nærare fem prosent av befolkninga i Sør-Noreg har genar etter dei frykta og fryktlause hunarane.

Hunar-kongen Attila vart kjend for si nådelause framferd og si store erobringslyst. (Foto: (Illustrasjon: Eugène Delacroix/Wikimedia Commons))
Hunar-kongen Attila vart kjend for si nådelause framferd og si store erobringslyst. (Foto: (Illustrasjon: Eugène Delacroix/Wikimedia Commons))

På 400-talet huserte hunarkongen Attila og hans krigerske hordar i Europa. Det ridande folkeslaget som brasa inn i Europa frå aust, markerte byrjinga på folkevandringstida.

Ein uroleg periode då mange stammar og folkegrupper braut opp frå der dei budde og rykte fram til nye stadar.

Det er denne massive migrasjonen som har gitt perioden det treffande namnet. Folkevandringstida strekk seg frå slutten av 300-talet til bortimot 800-talet.

Det finst ulike definisjonar på når ho tok slutt, men kroninga av Karl den store i året 800 markerte definitivt byrjinga på ein ny periode.

Dei mørke hundreåra

Hunar-kongen Attila vart kjend for si nådelause framferd og si store erobringslyst.

Desse hundreåra vert gjerne rekna som ein mørk del av historia. Dels fordi dei inneheld så mykje vald og dramatikk, dels for det ikkje har vore så lett å avdekke kva som eigentleg gjekk føre seg i denne urolege perioden.

Når arkeologar og historikarar søker å finne ut kva som hendte i tidlegare tider, og korleis folk levde, nyttar dei ulike metodar. Historikarane stør seg helst på skriftlege kjelder, mens arkeologane held seg til gjenstandar og synlege spor etter menneskeleg aktivitet.

Frå folkevandringstida finn vi få skriftlege kjelder. Nokre segner er skrivne ned i ettertid, men det eksisterer få skriftlege skildringar frå samtida. Det finst arkeologiske spor, men dei er ikkje så mange og ikkje så eintydige som i andre, meir definerte periodar.

Genane fortel historia

Eit anna og viktig verktøy som dei seinare åra har vorte meir og meir vanleg å nytte i jakta på historias løyndomar, er gen-spor frå DNA.

– Folkevandringstida er på mange vis ein mørklagt del av historia, men genane hjelper oss med å kaste lys over kva som skjedde. Ved kartlegging av genar kan vi komplettere kunnskapane vi får gjennom historiefaget og arkeologien, seier Tor Georg Jakobsen.

Han er statsvitar ved NTNU, og forskar på migrasjonssosiologi og etniske relasjonar. Det er innanfor desse felta han byrja sjå på gen-markørar og DNA som ein viktig reiskap i kartlegginga av historia.

Ein gen-markør fortel noko om kor vi kjem ifrå og kven vi er i slekt med.

Den mystiske Q

Stjernene viser kor vi finn menneske med DNA-markøren Q. Den stammar truleg frå hunarane. (Foto: (Illustrasjon: Tor Georg Jakobsen))
Stjernene viser kor vi finn menneske med DNA-markøren Q. Den stammar truleg frå hunarane. (Foto: (Illustrasjon: Tor Georg Jakobsen))

DNA-markørane består av bokstaver og tal. Brorparten av den mannlege europeiske befolkninga har hovudmarkørane R og I. Dei samsvarar med to ulike folkeferd som slo seg ned i Europa for lenge sidan:

Dei første var cro-magnon-menneske. Dei høyrer til haplogruppa I, som igjen er delt i to undergrupper.

Den andre bølgja var indoeuropearar som bringa med seg grunnlaget for dei europeiske språka. Dei indoeuropeiske menneska kom i to bølgjer, som samsvarar med to R-haplogruppar.

Så dukkar det opp ein annan DNA-markør, nemleg Q. Denne markøren vert arva frå far til son.

– Dei fleste mannlege markørar kan lett forklarast, men så dukkar denne mystiske Q-markøren opp. Den finn vi elles i Burgund i Frankrike, i Ungarn og hos indianarane i Amerika.

– Det var overraskande å oppdage at den er så sterkt til stades i Skandinavia, seier Jakobsen.

I Attilas spor

Q-markøren vert knytt til arven frå Attilas menn.

– Vi veit at hunarane og indianarane har felles opphav. Men kvifor finn vi haploguppa Q i Skandinavia, Burgund og Ungarn, og ikkje andre stadar i Europa, spør Jakobsen.

Mellom fire og fem prosent av befolkninga i dei søraustlege delane av Noreg høyrer til Q-gruppa. Det same gjeld i Sør-Sverige. Det tyder på at hunarane har vore på ferde og etterlete seg spor. Men korleis hamna dette krigerske folkeslaget i Skandinavia?

Jakobsen hjelper oss med å følgje spora etter dei.

Eit forrykande skjelv gjennom Europa

Hunarane var ein av fleire krigerske stammar som invaderte Europa frå siste del av 300-talet og som etter kvart sette spikaren i kista til det smuldrande Romerriket. Mykje tyder på hunarane medverka til ei rørsle kor uroa spreidde seg med dominoeffekt.

I folkevandringstida var det store omveltingar i Europa. (Foto: (Illustrasjon: Finn Bjørklid/Wikimedia commons))
I folkevandringstida var det store omveltingar i Europa. (Foto: (Illustrasjon: Finn Bjørklid/Wikimedia commons))

Desse invaderande stammane destabiliserte maktstrukturar og bidrog til store omkalfatringar i samfunnet.

Det var som om eit forrykande og langvarig skjelv gjekk gjennom Europa.

Samstundes med at hunarane herja, røyrde dei germanske stammane i Nord-Europa på seg. Klimaendringar, uår og avmagring av jorda dreiv dei ut på vandring. Dessutan hadde òg desse stammane ein krigersk og stridbar natur.

Dei som var med på å skape den urolege folkevandringstida, var frankarar, gotarar, ostrogotarar, visigotarar, vandalar, herular, saksarar, angalarar, alanarar, burgundarar, langobardar med fleire.

Djerve og hardføre

Hunarane kom frå steppene nord for Kaspihavet. Som ridande bogeskyttarar var dei drivande gode, og dei var dyktige militære strategar. Dei var djerve, hardføre og stridbare.

Hunarane gjennomførte fleire krigstokt mot dei romerske provinsane ved elva Donau og mot ulike germanske stammar i Sentral-Europa. Dei la under seg store delar av Europa og Russland, og truga Vestromerriket sin posisjon.

Hunerriket under Attila (406-453) omfatta Baltikum, delar av Tyskland, Ungarn, Balkan og store delar av Russland og Lilleasia. (Foto: (Illustrasjon: Wikimedia Commons))
Hunerriket under Attila (406-453) omfatta Baltikum, delar av Tyskland, Ungarn, Balkan og store delar av Russland og Lilleasia. (Foto: (Illustrasjon: Wikimedia Commons))

Så rei dei mot søraust. Makta og tyngdepunktet i Romerriket hadde på 300-talet flytta seg frå vest til aust. I år 330 hadde keisar Konstantin oppretta Konstantinopel (no Istanbul) som Romerrikets nye hovudstad, og i 395 vart Austromerriket og Vestromerriket formelt delt i to.

Konstantinopel heldt stand mot hunarane, men dei herja og la under seg fleire andre byar.

Aust-romarane vart dermed tvungne til å skrive under på ei avtale der dei forplikta seg til å betale ein stor årleg sum til hunarane. Overalt i områda dei invaderte, kravde hunarane gull og andre skattar frå makthavarane.

Døydde på bryllaupsnatta

Hunaranes storleikstid fell saman med regjeringstida til deira mest berømte og berykta leiar, Attila, som var konge mellom 434 og 453. Attila regjerte saman med bror sin, Bleda – fram til Attila myrda broren og vart eineherskar over hunaranes vidstrakte landerobringar.

I 451 gjekk han med ein enorm hær inn i Gallia, men invasjonen vart stansa av romarane og vestgotarane. Dette vart den siste store og vellukka militæroperasjonen for Vestromerriket som få år etter gjekk i oppløysing.

Framstillingar av Attila dukker opp gjennom alle tider. Her på ein kopparmynt frå renessansen.
Framstillingar av Attila dukker opp gjennom alle tider. Her på ein kopparmynt frå renessansen.

Men nederlaget stoppa ikkje hunarkongen, og året etter herja han Nord-Italia.

Året deretter ekta han ei germansk jente kalla Ildico. Det skulle bli hans endelikt. På bryllaupsnatta sprang eit blodkar i nasen og Attila blødde i hel. Historia seier ingenting om korleis dette gjekk til. Etter hans død i 453 gjekk riket i oppløysing.

Hunaranes mål var krig, erobring og plyndring. Dei korkje danna nasjonalstatar eller etablerte politiske system i områda dei rådde over. Maktstrukturen var dermed sårbar, og når den sterke leiaren forsvann, smuldra riket opp.

Men kva skjedde med alle dei hunarane som no heldt til omkring i Europa og Russland?

Barbarane slår seg saman

For å fylgje dei vidare på si rastlause ferd, må vi ta ein rask sveip bakover i tida, innom dei stridbare germanske stammane i Nord-Europa som romarane ikkje hadde greidd å innlemme i sitt imperium. Derimot hadde romarane lidd store nederlag mot dei.

Allereie i år 9 e.Kr. gjekk romarane på ein skikkeleg smell i Teutoburg-skogen ved Rhinen i Nord-Tyskland. Der meide germanske stammar ned tusenvis av romerske legionærar.

Sidan den gong freiste romarane aldri meir å krysse elva Rhinen – og dei germanske stammane heldt fram med å være frie. I staden for å være under romaranes åk, var dei med på å angripe Romarriket. Stundomtil i allianse med hunarane.

Vart herskarar i Skandinavia

Ein utbredt teori er at hunarane etter Attila vart leigesoldatar hos romarane. Ein nyare teori, som Tor Georg Jakobsen støtter seg til, er at hunarane slo seg saman med folk frå dei ulike germanske stammane. Her fekk hunarane leiarposisjonar.

– Teorien er at når gotarane og herulane trakk seg attende nordover, drog mange hunarar saman med dei og slo seg ned i Sør-Skandinavia som ein herskarklasse.

– I denne tida oppstår eit kulturelt vendepunkt i Skandinavia, som underbygger teorien om at det har kome påverking utanfrå, seier Jakobsen.

Det vart innført nye monumentale gravferdstradisjonar, ein ny sjamanistisk tradisjon og produksjon av verneamulettar i gull som likna på dei som vart laga i Konstantinopel. Det skriv arkeologen Lotte Hedeager i boka Iron Age Myth and Materiality – an Arncheology of Scandinavia AD 400 -1000.

– Funnet av gen-markøren Q i Skandinavia styrker teorien om at hunarane slo seg her, på same vis som dei truleg etablerte seg saman med burgundar-stammen i Burgund, konkluderer Jakobsen.

Har du ein hunar i deg?

– Gjennom genane kan vi spore slektskap mellom ulike grupper av nolevande menneske. DNA-sekvensering har eit stort potensial som reiskap for å forstå menneskets historie, seier genetikkprofessor David Reich ved amerikanske Harvard Medical School.

For to år sidan kartla han, saman med forskarkollegaer, nye samanhengar om korleis Asia har vorte busett gjennom fleire innvandringsbølgjer.

DNA-sekvensering er ein metode som nyttast for å avgjere rekkefølgda av byggesteinane i DNA-molekyl.

Slike prøver kan syne kor vi kjem frå og kven vi er i slekt med. Vil du vete kva slags innvandringsbølgje ætta di var ein del av, kan DNA-et ditt bli analysert gjennom ei enkel spyttprøve. Firma i England og USA gjer slike analysar til ein overkommelig pris.

Slik kan du finne ut om anane dine kom ridande inn i Europa med våpen i hand.

Powered by Labrador CMS