Miljøteknologi ny norsk eksportsuksess

I eit lite, anonymt bygg, vegg i vegg med ein stor papirfabrikk, skjuler det seg ei miljøteknologisk bedrift som ser ut til å verte ein eksportsuksess av dimensjonar.

Publisert

Ranheim, utanfor Trondheim er som forstadar flest: Ei blanding av sterkt trafikkerte vegar, bustadar, industribygg og nokre spredte jorder. Likevel skil Ranheim seg ut: I det lille, anonyme bygget finn ein nemleg energibedrifta Energos sitt nystarta søppelgjennvinningsanlegg - Aitos Ranheim. Med ein teknologi som sikrar rekordlave utslepp, og driftskostnadar som gjer anlegget kommersielt driveverdig, har firmaet vorte møtt med stor interesse frå miljøvernarar, ulike investorar og internasjonale energiselskap. På få år har selskapet utvikla seg frå å vere ei lita teknologibedrift som opererte på eksperimentnivå, til no å eksportere norsk miljøteknologi i større skala. No i sommer var det mellom anna klart at selskapet skal levere sju energigjenvinningsanlegg til Tyskland for en verdi til 750 millionar kroner. I eit tiårsperspektiv har dei kontrakter på om lag to milliardar kroner.

Kontrollerar forbrenninga

Sjølve teknologien vart utvikla av gründeren Helge Rosvold ved eit testanlegg ved SINTEF i Trondheim. Han har hatt økonomisk stønad frå Noregs forskingsråd gjennom snart 10 år, men i 1994 fekk han kniven på strupen frå Forskingsrådet: No er tida inne for at prosjektet ditt skal lukkast kommersielt, vart det sagt. Så vil du ha meir hjelp frå oss må du ut på marknaden og prøve teknologien, fekk han signal om. - Eit naudsynt signal som gjorde at eg måtte ta initiativ, men hadde ikkje Forskingsrådet stilt ein så ekstremt risikovillig kapital til rådevelde, ville det nok ikkje ha kome noko ut av prosjektet, fortel Rosvold.

Kva er det så som gjer Energos sine anlegg så mykje mindre forureinande enn andre? - Nøkkelen til suksessen ligg i å kontrollere forbrenningsprosessen. Avfallet er nemleg ikkje homogent, og treng difor ulik temperatur for å nedbrytast. Med å kunne styre prosessen kan vi dermed gjenvinne mest mogleg av energien i form av damp, fortel gründeren. Det er papirfabrikken Petterson Ranheim og Trondheim Renovasjonsselskap som leverar avfallet til energianlegget. All energien som vert produsert, vert så kjøpt av papirfabrikken, som tidlegare brukte oljefyring. Utsleppa ligg langt under EU sine krav til forbrenningsannlegg. - Faktisk er det som kjem ut av pipa, langt reinare enn lufta, seier Helge Rosvold. I gjennomsnitt vert det brent to tonn avfall i timen på Ranheim, eller 16 000 tonn i året.

Lave driftskostnader

- Målsettinga er å få ned driftskostnadane til eit minimum gjennom at kvart anlegg skal ha kun to operatørar på dagtid. Resten av drifta skal fjernstyrast av ein operativ sentral, seier senior prosessingeniør Hans Olav Midtbust ved Aitos.

- Ved sidan av resirkuleringsprinsippet er bedriftsfilosofien vår at vi skal vere deleigar av anlegga, men vi vil minst ha 50 prosent av aksjene. På den måten skal vi greie å nyttiggjere 75 prosent av dampen vi produserer, fortel Midtbust, som legg til at ved Ranheim er dei oppe i 100 prosent. Alt vert levert til papirfabrikken som ligg vegg i vegg.

Ved sidan av suksessen i Tyskland, er selskapet i ferd med å etablere eit energianlegg i tilknyting til ei fiskeriforedlingsbedrift på Averøya i Møre og Romsdal. Her vil dei òg kunne ta imot kommunalt avfall. Dessutan er dei i ferd med å få til ei avtale med Norske Skog i tilknyting til ein papirfabrikk i Hurum.Vidare har dei nyleg inngått ei avtale med 34 kommunale og interkommunale selskap. - Vi vil først prøve å få i gang ein 10-20 anlegg i Noreg, så vil vi satse på å etablere oss over heile verda, seier Helge Rosvold, som trur det er realistisk at dei i åra framover kan levere opp mot 20 anlegg i året.