Boko Haram held seg nordaust i Nigeria, i relativt utilgjengelege grenseområde. På bildet er nigerianske flyktningar som har reist frå landsbygda si som følge av eit angrep av Boko Haram. Bildet vart teken 21. juni 2016. (Foto: Reuters / NTB scanpix)

Konflikt starter i utilgjengelege område

Opprørsgruppa Boko Haram er eitt eksempel på at uro startar i utilgjengelege område. Fredsarbeidarar må i større grad rette blikket mot lokale forhold, ifølgje ein ny doktorgrad. 

Nyleg fekk verda sjå bilete av glade barn og foreldre i Nigeria, etter at opprørsgruppa Boko Haram sleppte fri 21 skulejenter frå fangenskap. Desse var blant 276 jenter som vart bortførte frå ein skule i delstaten Borno i 2014. Framleis er dei fleste sakna.

Bortføringa har fått mykje merksemd internasjonalt, men ho er ikkje den einaste. Dei siste åra har fleire tusen kvinner og barn blitt bortførte av den væpna islamistiske gruppa, nokre er blitt tvungne til å bli sexslavar eller sjølvmordsbombarar.

Men Boko Haram opererer ikkje i heile Nigeria. Derimot held dei seg nordaust i landet, i relativt utilgjengelege grenseområde. Det er ein av grunnane til at gruppa har fått fotfeste, ifølgje Andreas Forø Tollefsen, stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.

– Området er lokalisert langt unna hovudstaden samt nært fleire internasjonale grenser. Dette aukar risikoen for konflikt. I tillegg har gruppa profittert på svake lokale institusjonar, gjennom å utnytte misnøya dette har skapt blant innbyggjarane, seier han.

I doktorgraden har han sett at dette er eit mønster: Utilgjengelege område er meir utsette for konflikt, og det same gjeld dersom kvaliteten på og tilliten til lokale institusjonar som politi, rettsapparat og lokalpolitikarar er låg.  

På tide å snu blikket

I 2015 var det 50 væpna konfliktar i verda, 49 av desse var interne konfliktar i eitt land. Lenge har fredsforskarar retta det meste av merksemda mot korleis nasjonale forhold påverkar konfliktnivået i eit land, til dømes nasjonalt styresett, korrupsjon og handheving av lovverk. Slike faktorar kan bety noko for stabiliteten og konfliktnivået, men ifølgje Tollefsens doktorgrad er lokale forhold vel så viktige.

Gjennom eit datasett utvikla ved Institutt for fredsforskning (PRIO), har han fått informasjon om ei rekkje geografiske data. Dette inkluderer satelittdata for skogområde, fjell og terreng, geografiske data som viser infrastruktur, til dømes vegar, samt data om etniske grupper. Her har han sett at det er flest konfliktar i utilgjengelege område.

– Dette heng saman med at det er vanskeleg for staten å utøve kontroll, men også med at det i mange slike område bur grupper som føler seg urettvist behandla fordi dei har færre privilegium enn andre innbyggjarar.

Det nordaustlege Nigeria er eitt eksempel, andre er Nord-Mali, Aust-Kongo og Nord-Uganda. Alle stader har lokale grupper tatt lokal kontroll og utfordra regimets maktmonopol. I grenseområda i Nord-Uganda har Herrens motstandshær i ei årrekkje terrorisert innbyggjarar for så å trekkje seg attende til sikre soner i jungelen, der dei skjuler seg. I 2011 sende president Barack Obama 100 kamputstyrte soldatar til Uganda for å hjelpe styresmaktene, men førebels har resultatet berre blitt at opprørsgruppa er driven inn i enda mindre tilgjengelege område.

Svake lokale institusjonar

Lokale institusjonar medverkar også til å gjere eit område trygt eller utrygt, ifølgje doktorgraden. For å finne ut av dette, har Tollefsen saman med kollega Tore Wig kopla store spørjeundersøkingar frå 35 afrikanske land med historiske konfliktdata. I spørjeundersøkingane har folk svart på spørsmål som til dømes kor ofte dei har opplevd korrupsjon og korleis dei vurderer kvaliteten på lokale politikarar.

Resultatet viser at godt fungerande lokale institusjonar minskar risikoen for konflikt.

– Har du sterke lokale institusjonar, aukar staten si mulegheit for å påverke. Dette er viktig for å løyse potensielle konfliktar og redusere misnøye i eit område. Sjølv om eit område er utilgjengeleg, kan sterke institusjonar likevel gjere det muleg for staten å utøve kontroll, seier Tollefsen.

Og i motsett fall: Med svake og ineffektive lokale institusjonar, til dømes eit politi og rettsapparat med mykje korrupsjon og lite tillit blant folket, aukar risikoen for konflikt. Dette er mellom anna tilfelle i Nordaust-Nigeria.

– Boko Haram er ei av mange grupper som har drege nytte av svake lokale institusjonar. Dei fyller eit maktvakuum i eit område der ingen har sterk kontroll, seier Tollefsen.

Fattigdom aukar risikoen for konflikt, men har eit område solide institusjonar, blir risikoen langt mindre, ifølgje Tollefsen. Han fann ingen samanheng mellom fattigdom og konflikt i område med sterke lokale institusjonar.

Fredsarbeid må starte lokalt

Det kan vere store geografiske skilnader på ein stat sett under eitt og eit lokalt område. Difor kan eitt område i eit land vere utsett for risiko, medan andre område er trygge. Ein ser ofte at borgarkrigar berre går føre seg i éin del av landet.

Ifølgje Tollefsen gjev forskingsresultata ein tydeleg beskjed til fredsarbeidarar: Tenk lokalt.

– Berre å fokusere på konflikt som eit nasjonalt fenomen, er uheldig. Då kan ein ikkje forstå årsakene. Ifølgje mine resultat kan eit skifte til ein meir lokal tankegang gje ei betre forståing. Konfliktar har ofte røter i lokale forhold, og viss det det er vanskeleg for staten å kontrollere det som skjer, anten på grunn av svake lokale institusjonar eller fordi området er geografisk utilgjengeleg, aukar risikoen for konflikt, seier Andreas Forø Tollefsen og legg til:  

– Skal ein auke sjansen for fred, bør ein byggje lokal infrastruktur og solide lokale institusjonar. Dette har ein fredsskapande effekt.

Referanse: 

Andreas Forø Tollefsen: Local Dynamics of Civil War. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo. November 2016. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS