Enklast med små miljøtiltak

Folk som er opptatt av miljø, er flinkast til å gjennomføre tiltak som har liten miljøeffekt, ifølgje ein ny studie.

Publisert
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Kor sterk er samanhengen mellom haldningar og miljøvennleg åtferd, lurte forskarar ved CICERO Senter for klimaforskning og Høgskolen i Lillehammer på.

Dei tok for seg fire typar åtferd som ein kan endre dersom ein vil leve meir miljøvennleg: Reising, energibruk, avfallsåtferd og kosthald.

Så spurte dei 4670 nordmenn om kva dei tenkjer om miljø og korleis dei lever. Dei ville finne svar på kor vidt haldningar og åtferd heng saman.

På alle fire områda fann forskarane ein samanheng mellom haldningar og åtferd: Dei personane som hadde dei mest miljøvennlege haldningane var dei som rapporterte å gjennomføre flest miljøvennlege tiltak. Men på nokre felt var samanhengen sterkare enn på andre.

– Paradoksalt nok ser det ut til å vere slik at samanhengen mellom haldningar og åtferd er sterkast på det området som er minst viktig for miljøet, seier forskar Håkon Sælen ved CICERO.

Sorterer og komposterer

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Feltet «avfallsåtferd» omfatta tiltaka kjeldesortering, «nei takk til reklame»-klistremerke, kompostering samt å unngå eingongsprodukt.

Folk med miljøvennlege haldningar gjennomførte i stor grad slike tiltak og samanhengen mellom halding og åtferd var sterkast på dette feltet.

Samanhengen mellom haldningar og åtferd var nest sterkast på området kosthald, og tredje sterkast på energibruk i heimen. På fjerde- og sisteplass kom transport: Her var det berre ein svak samanheng mellom miljøhaldningar og åtferd.

Fleire norske og internasjonale studiar har vist at mat, transport og energibruk i heimen til saman står for 70 til 80 prosent av det økologiske fotavtrykket til individ. Avfall, med dei tiltaka som er nemnt over, står for ein langt mindre del.

Sjekk ditt økologiske fotavtrykk på klimakalkulatoren.no

Reiser meir miljøvennleg

Resultata frå studien underbyggjer funna i ein studie av Kristin Linnerud ved CICERO og Erling Holden ved Høgskolen i Sogn og Fjordane i 2010.

Funn i begge studiane tydar på at folk med miljøvennlege haldningar utmerkar seg mest på små handlingar med liten direkte effekt på miljøet, men at dei reiser på lange flyreiser og dermed har like store utslepp som andre.

Sælen kan ikkje slå fast dette etter sin studie.

– Vi spurte ikkje om kor mykje folk flyr på fritida. I staden spurte vi om kor vidt folk vel miljøvennlege transportmiddel når dei har sjansen. Og det ser ut til at folk som er opptatt av miljø i større grad enn andre vel å reise miljøvennleg når dei kan, seier han.

Enkelt og billig

Kva kan så vere årsaka til at miljømedvitne personar i størst grad gjennomfører dei miljøtiltaka som monnar minst?

– Ofte er det enklare og billegare å leggje om åtferda si på nokon område enn på andre. Å kjeldesortere krev for eksempel ikkje ei stor endring av kvardagen, så det er ein relativt lite kostbar måte å leve opp til miljøengasjementet sitt.

– Transport og energibruk heime er i sterkare grad enn dei andre felta påverka av ytre faktorar og avgrensingar, seier Sælen.

Han vil likevel ikkje seie at avfallstiltak er nyttelause.

– Slike tiltak har ein miljøeffekt, sjølv om han er mindre enn på enkelte andre område. Det finst også forsking som tydar på at åtferd kan verke haldningsdannande.

– Dersom ein kjeldesorterer, kan dette gjere at ein bli meir opptatt av miljøet som igjen kan gjere at ein set i gong tiltak på andre felt, seier Sælen.

Haldningskampanjar eller billegare billettar?

Med bakgrunn i den ferske studien kan Sælen gje følgjande anbefalingar til politikarar som ønskjer å skape åtferdsendring:

– Såkalla mjuke politiske tiltak, som for eksempel informasjonskampanjar, ser ut til å ha den største effekten på område som avfall og kosthald. Her er koplinga mellom haldningar og åtferd tettast, seier han.

– Om politikarar derimot ønskjer at folk skal bruke mindre energi heime og eller redusere transportutsleppa sine, trengs det sterkare virkemiddel. Då bør dei gjere det enklare og meir økonomisk lønsamt å spare energi og reise miljøvennleg, seier Sælen.

Bakgrunn:

Sælen gjennomførte studien i samarbeid med kollega Hege Westskog ved CICERO og Einar Strumse ved Høgskolen i Lillehammer. Studien er ein del av eit større prosjekt finansiert av forskingsprogrammet Renergi.