Forskarar lèt seg frista

Er havforskarar, som er drilla i berekraftig tankegang, flinkare enn andre til å motstå overfiske i ei ubevokta snopeskål?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Havforskningsinstituttet)

Slett ikkje, skal ein tru ein fersk mikrostudie frå Bergen.

11 skåler med lakris- og jordbærfisk vart utplasserte på Havforskingsinstituttet og Universitet i Bergen.

Prøvekaninane – forskarar og administrativt personell – fekk lovnader om jamnleg påfyll dersom dei hausta berekraftig frå skålene.

Enkelt eksperiment

Ingen av dei to gruppene utmerkte seg som spesielt fornuftige forvaltarar. Ei av skålene vart fiska tom alt første dagen, og dermed gjekk gruppa glipp av meir snop. Over 60 prosent av bestandane var utrydda då forsøket vart avslutta.

– Sjølv om vi forstår kva som ligg i omgrepet berekraft, så handlar vi ikkje alltid deretter, konstaterer fiskeribiolog Dorothy Dankel. Ho arbeider på Havforskingsinstituttet og er ein av tre forskarar bak forsøket.

Dorothy Dankel understrekar at eksperimentet er enkelt og har mange hol. Likevel meiner ho det illustrerer korleis menneskelege åtferd påverkar all ressursforvalting. Det er ofte meir fristande å få tilfredsstilt behova sine der og då enn å tenkja på morgondagen.

Glupske forskarar

Forsøket vart gjennomført saman med Beatriz Diaz Pauli og Mikko Heino; begge marinbiologar i forskningsgruppa EvoFish ved Universitetet i Bergen. Forskartrioen hadde ein hypotese om at vitenskapleg bakgrunn gjev betre forvaltning.

– Vi antok at forskarar bør vera i stand til å forutsjå kva underliggjande dynamikkar som styrer reproduksjonen.

Hypotesen slo ikkje til. Også på dei vitenskaplege kaffiborda vart skålene rimeleg fort ribba. Forskarbakgrunn ga korkje betre overlevingsrate eller betre haustingsrate.

Jordbærfisk først utrydda

Forsøket gjekk over åtte dagar. Alt forsøkskaninene fekk vita var at fisken reproduserte seg over natta.

Dankel og kollegaene heldt nitid oversikt over innhaldet i skålene. Til å rekna ut kor mykje fisk som skulle fyllast på vart det brukt ein klassisk populasjonsmodell ( Beverton og Holt).

I etterkant utarbeidde dei grafar som viser forholdet mellom overleving versus utrydding, jordbærfisk versus lakrisfisk og forskarar versus ikkje-forskarar.

– Det gjekk hardast utover jordbærfisken, fortel Dorothy Dankel.

Handlar om menneske

I sitt daglege virke arbeider Dorothy Dankel mykje med fiskeriforvalting.

Ho peikar på at god forvalting handlar meir om menneske enn om fisk.

– Vi brukar store summar på forskning, men korleis menneska tenkjer og oppfører seg er faktisk det som betyr noko når dagen er slutt.

Tverrfagleg fiskeriforvalting

Fiskeribiologen meiner det enkle gelefiskforsøket kan tena som eit pedagogisk eksempel på at det trengs meir enn ei rein biologisk tilnærming når ein skal forvalta ressursane i havet.

Det må leggjast større vekt på forskingssamarbeid som også involverer til dømes økonomar og sosiologar. Også dei ulike interessegruppene må få koma til orde.

– Når det handlar om levebrødet til folk vil dei ofte oppføre seg irrasjonelt. Vi må koma vidare fra å gje reint fiskerifaglege råd som at ’de må fiska mindre’. Det er viktigare å spørja dei involverte kva dei har lyst til å oppnå – også på lang sikt.

Powered by Labrador CMS