– Variasjonen vi fann er enorm, langt større enn kva vi hadde venta å finne. Dette er viktig å ha dokumentert. No ønsker vi å forske meir målretta på kva som får jodinnhaldet til å svinge, seier forskar. (Foto: Cecilie Kvamme / HI)

Fann enorm variasjon i jod hos fisk

Fisk er ei hovudkjelde til jod i det norske kosthaldet. Men fisk er ikkje fisk, viser prøver frå norske hav- og kystområde.

– Vi fann store variasjonar i jodnivået mellom fiskeartane, men også mellom individ av same art. Vi ser variasjonar mellom årstid og fangstområde, men utan klare mønster, fortel forskar Ive Nerhus.

Forskarane sjekka torsk, sei, hyse, lyr og kveite frå norsk farvatn, i tillegg til mjølkeprodukt. Verdiane i mjølkeprodukta bekrefta eksisterande kunnskap, men dei sprikande fisketala var nye.

Kartet viser kor forskarane tok prøvane frå.

I det norske kosthaldet er mager fisk og mjølkeprodukt hovudkjeldene til jod. Grunnstoffet er særleg viktig for hjerneutviklinga hos foster og barn.

Vil forske meir på kva som gir variasjonen

Kartet viser kor forskarane tok prøvane frå.

Ive Nerhus forklarar at noko av variasjonen dei fann mellom fiskane av same slag kan vere knytt til faktorar som fangststad, fisken sin diett, tida på året prøven blei tatt og størrelsen til fisken.

– Når fisken skal gyte, brukar han av feittet sitt og blir magrare. Då kan konsentrasjonen av jod i fisken stige, seier Nerhus.

– Men variasjonen vi fann er enorm, langt større enn kva vi hadde venta å finne. Dette er viktig å ha dokumentert. No ønsker vi å forske meir målretta på kva som får jodinnhaldet til å svinge.

Frå før av er det kjent at jodinnhaldet i mjølk svinger med sesong og mengda kraftfôr kyrne et.

Snittfisken er på jod-toppen

Forskarar frå fleire europeiske land er bekymra for jodinntaket til befolkninga. Sidan norsk fisk er eksportvare, kan oppdaterte jodverdiar forbetre berekningane av inntaket både her til lands og i Europa.

– Rapporten viser at jodverdien for lyr varierte frå 48 til 3000 mikrogram per 100 gram fisk. Seien varierte frå 35 til 820 mikrogram.

Korleis kan eit slikt spenn hjelpe oss å vite kor mykje jod vi får i oss?

– Fordi vi spiser kontinuerleg, og fordi jod blir skilt ut i urinen, er det gjennomsnittsverdiane som er mest relevante. Når du spiser fisk over ein periode, vil du sannsynlegvis hamne på snittet, seier Nerhus.

– Gjennomsnittsverdiane i fisken er stort sett noko høgare enn dei gamle verdiane. Av få matvarer som inneheld jod, har mager fisk framleis klart mest, fortel Nerhus.

Verdiane frå den nye undersøkinga er gjort tilgjengeleg for Mattilsynet. Matvaretabellen deira er ei oversikt over næringsmiddelinnhald i vanlege matvarer.

Referanse:

Nerhus I. m.fl: Iodine content of six fish species, Norwegian dairy products and hen’s egg. Food & Nutrition Research. (2018) (sammendrag) https://doi.org/10.29219/fnr.v62.1291

Powered by Labrador CMS