Utviklingshemma får harde straffer

Straffedømte med utviklingshemming kan i dag dømast til lange ubetinga fengselsstraffer. Ikkje alle får nedsatt straff, og fleire får dårligare helse av soninga.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ikkje alle straffedømte funksjonshemma får nedsatt straff. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com)

Fritz Moens Forskningsfond

Prosjektet “Domfelte med funksjonsnedsettelser. En analyse av straffeutmålingspraksis” er finansiert av Fritz Moens forskningsfond.

Føremålet med fondet er å bidra til forsking på og opplysing om stillinga til funksjonshemma i møte med retten, særskilt i høve til hørselshemma og døve.

Det sit om lag 350 mennesker med utviklingshemming i norske fengsler til ei kvar tid. Mange har fått straffereduksjon på grunn av funksjonshemminga si, men ikkje alle. Fleire av dei slit med helsa.

– Blant dei innsatte i fengsel er det ei gruppe som står i ein heilt spesiell sårbar posisjon, nemleg personar som har ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing.

– Vi har til no ikkje visst mykje om soningstilhøva for desse menneska, men nye studier viser at dette er grupper som sonar særskilt tungt, fortel Jane Dullum.

Dullum er forskar ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo. Ho har nyleg gjennomført ei analyse av straffer norske domstolar gjev, i saker der domfelte har ei funksjonsnedsetjing.

Rapporten som vart offentliggjort i april, byggjer på ein gjennomgang av 76 lagmanns- og Høgsterettsdomar kor den domfelte er hørselshemma, rørslehemma eller psykisk utviklingshemma.

Domstolane tek omsyn

– Granskinga syner at norske domstolar er humane. Domstolane tek i nesten alle sakene omsyn til funskjonsnedsetjingar som formildande omstende.

Samtidig syner gjennomgongen at det er variasjon i kor mykje funksjonshemminga tel ved straffeutmålinga.

Straffereduksjon på grunnlag av funksjonshemming er stort sett grunna i at dømte med funksjonsnedsetjing vil få ein tyngre soningssituasjon enn andre. Det tel også i formildande retning dersom domstolen meiner det er ein årsakssamanhang mellom lovbrotet og tilstanden til den dømte.

… men ikkje alltid

Men rapporten synleggjer også saker der domstolane har teke lite eller ingen omsyn til funksjonsnedsetjing hjå dem dømte ved straffeutmålinga. I desse tilfella har domstolen lagt vekt på grovheten i lovbrotet, ålmennpreventine omsyn eller prinsippet om samhøvande.

Lovbrota i desse sakene er knytta til vald mot politiet, betaling med falske pengar, seksuelle overgrep mot born og valdtekter.

– Eit mønster i desse sakene er at domstolane i mindre grad tek individuelle omsyn jo meir alvorleg lovbrotet er. Då får ålmennprevensjon forrang ved straffeutmålinga, og individuelle tilhøve tel mindre, fortel Dullum. 

Ein tankekross

Fleire får dårlegare helse av soninga. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Det er ein tankekross her. Forsking syner at jo meir alvorlege lovbrot ein person gjer, jo dårlegare skårar han eller ho også på viktige sosiale indikatorar.

– Dette tyder at vi dømer menneske som er særskildt råka frå før, til den tunge belastinga det er å sone ei lang fengselsstraff. Fleire av desse soner under særs uheldige soningstilhøve, fortel Dullum.

– Det reiser seg også spørsmål knytta til at domstolane gjev ubetinga fengselsstraff i saker der den domfelte befinn seg i heilt nedre sjikt av lettare psykisk utviklingshemming, det vil sei dei utilreknelegnære tilstandane.

– Som undersøkjinga har vist, treng ikkje dette være til hinder for at det vert gjeve ubetinga og lange fengselsstraffer.

Dårlegare helse

Det kan være grunn til å diskutere mogelege tiltak for å betre tilhøva for denne gruppa domfelte. Spørsmålet er så kva som kan gjerast, påpeikar Dullum.

Hilde Haualands rapport “Straffet og isolert, Insatte med funksjonsnedsetjing i norske fengsler” (2011) syner at dei fengsla si fysiske og psykiske helse vert forverra som fylgje av soning i fengsel.

Innsette fortel at helsetjenestetilbodet ikkje er tilpassa deira behov, og fleire fortel at helsefaglege vurderingar gjort av fengselslækjaren ikkje vert teke omsyn til. Dette gjaldt både tilgang til naudsynte medisinar og fysikalsk handsaming eller trening.

– Det er rimeleg å tru at jo dårlegare ein skårar på fleire av levekårsvariablane, jo tyngre vert det å sone. Fritz Moen er eit eksempel. Han vart dømt til fleire års sikring på Ila. Han sona svært tungt, og utvikla som fylgje av soningstilhøva ein isolasjonspsykose.

Funksjonshemma dømt til forvaring

I Dullums gjennomgang finn ho ei sak der ein døv mann er dømt til forvaring for å ha begått valdtekter og truslar. Dette er det einaste tilfellet i dette materialet der ein domfelt med ein fysisk funksjonsnedsetjing er dømt til forvaring.

I saka har Domstolen lagt vekt på samfunnsvernet framfor individuelle omsyn. Høgsterett fann ikkje at det at domfelte var døv gjorde forvaring uegna som straff.

Peikar på Kriminalomsorga

Jane Dullum er forsker ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Det juridiske fakultet, UiO. (Foto: UiO)

I saker der domstolane i liten grad eller ikkje tek omsyn til funksjonshemming i straffeutmålinga, peikar dei på at Kriminalomsorga skal vurdera soningsdyktigheita til den dømte, og leggje til rette slik at den dømte ikkje får unødig tunge soningstilhøve.

Men granskingar syner imidlertid at Kriminalomsorga ikkje utan vidare legg til rette.

– Vi veit svært lite om Kriminalomsorga sine vurderingar av soningsdyktigheit i desse sakene.

– På bakgrunn av dei granskingane som ligg føre, som syner at den dømte faktisk får helsa si forverra av soninga, kan det sjå ut som om dette enten er avgjerdsler som ikkje vert benytta i særleg grad, eller at dei blir svært strengt praktisert, fortel Dullum.

Har krav på helsetenester

– Dette kan vere ei spegling av at soningsforholda er stramma inn i seinare år. Internasjonalt ser vi at utviklinga går i retning av ein strengare kriminalpolitikk med strengare straffer. Individuelle omsyn får stadig mindre tyding i straffeutmålinga.

– Også i Noreg går utviklinga mot strengare straffer for lovbrot knytta til narkotika og sedeligheit, og teikn tydar på at omsynet til tryggleik veg tyngre enn omsynet til fangar si helse.

– Samtidig har dei same krav på helsetenester som andre. I så måte er det viktig å sjå på om, og korleis, fengsla legg tilhøva til rette for fangar med funksjonshemming, og om dei helsefaglege stemmene blir høyrde.

– Kunnskap om funksjonshemma si stilling er viktig for å forhindra at urettane som blei begått mot Fritz Moen blir begått på nytt, understrekar forskaren.

Referanser:

Prosjekt: Hørselhemmedes stilling i rettspleien

Hilde Haualand, Straffet og isolert, Insatte med funksjonsnedsetjing i norske fengsler, Fafo-rapport 2011:01

Powered by Labrador CMS