Bøker retta mot dyslektikarar er kjenneteikna av korte linjer. Det var nettopp linjelengda som skapte bry for lesarane, ifølgje ny studie. (Foto: Sonja Balci/OsloMet)
Lettlestbøker får dyslektikarar til å føle seg dumme
Lettlestbøker skal gjere lesing meir tilgjengeleg for vaksne med lesevanskar, men ny forsking syner at bøkene ikkje alltid treff.
– Alle vi intervjua var gjennomgåande negative til måten tekstane var sett opp på. Dei syntest det såg ut som barneskolebøker, og det fekk dei til å føle seg dumme, fortel OsloMet-forskar Gerd Berget.
Saman med Siri Fagernes frå Høyskolen Kristiania har ho undersøkt korleis dyslektikarar les og oppfattar lettlestbøker. Dei fann at mange var skeptiske til bøkene.
Lettlestbøker for vaksne er kjenneteikna av korte linjer, og det var nettopp linjelengda som skapte bry for lesarane. Medan vanlege bøker ofte har rundt 80 teikn på ei linje, har nokre av dei spesialtilpassa lettlestbøkene så lite som 17 teikn per linje.
Bakgrunnen for oppsettet har vore ei tru på at kortare linjer vil lette lesinga, men deltakarane i studien oppfatta ikkje dette som positivt.
Nokre vart forvirra av at teksten likna eit dikt, andre vart provoserte fordi dei tilpassa tekstane fekk dei til å kjenne seg undervurderte og dumme. Felles for alle var at dei syntest det var vanskeleg å få oversikt over setningane når dei var delt opp så mykje.
Slit med korttidsminne
Gerd Berget forklarar at lesing kan vere svært krevjande for dyslektikarar. Mange med dysleksi slit også med nedsett konsentrasjonsevne og redusert korttidsminne, og det gjer at dei ofte må gå tilbake i teksten for å få med seg samanhengen.
Berget fortel at mange leiter etter slutten på setninga for å skaffe seg oversikt og forstå innhaldet.
Fakta om prosjektet:
Forskarane intervjua 20 vaksne personar med dysleksi, i alderen 18-40 år.
Deltakarane fekk lese ein tekst frå ei lettlestbok, og den same teksten sett opp med ulik linjelengde; 40, 60 og 80 teikn per linje.
Deltakarane hadde på seg augesporingsbriller medan dei las dei ulike tekstane. Dette skal hjelpe forskarane til å finne ut kor godt og korleis deltakarane las på dei ulike formata.
Denne delen av undersøkinga er ikkje ferdig analysert enno, men vil gje ny kunnskap om korleis personar med dysleksi les tekstar på papir.
– Når ei setning blir broten opp over fleire linjer, kan det vere ekstra vanskeleg å finne tilbake til byrjinga, og lesaren må bruke mykje tid på å leite fram og tilbake i teksten, seier ho.
Ho understrekar at bøkene er laga i beste meining, og at det er mykje som er bra med tilrettelegginga, men akkurat dei korte linjene ser ut til å verke mot si hensikt.
Manglar kunnskap om lesing
– Det er gjort mange undersøkingar av korleis personar med dysleksi les tekst på skjerm, men vi oppdaga at det var eit stort hol i forskinga når det gjaldt lesing på papir, seier Berget.
Sjølv om ein lett kan tenkje at det er lesing på skjerm som er framtida, er det framleis mange som ønskjer å lese på papir, fortel ho. Ifølgje forskarane gjeld det særleg skjønlitteratur. Alle som deltok i undersøkinga, ville helst lese skjønlitteratur på papir. Forskarane trur det er knytt til leseopplevinga:
– Når du kryp ned under pleddet i sofaen for å kose deg med ein god roman, vil du helst ikkje ha med deg PC-en du har jobba på heile dagen, seier Siri Fagernes.
Ho understrekar at det er mogleg å få leseglede sjølv om ein har dysleksi, men at det krev enda meir mengdetrening enn for andre lesarar. Da er det spesielt viktig at boka ikkje er utforma slik at ein får avsmak allereie før ein har opna ho.
Så korleis kan forlaga gjere litteratur meir tilgjengeleg og freistande, også for dei fem til ti prosenta i Noreg som er dyslektikarar?
Berget er klar på at svaret er universell utforming, altså at ein lagar bøker som tek omsyn til alle funksjonsnedsettingar og ikkje tilpassar dei spesielt til ei gruppe.
Annonse
Eit luftigare grafisk oppsett, større avstand mellom linjene og laus høgremarg er grep som vil gjere leseopplevinga betre for mange.
Ho anbefaler også å bruke enklare ord og skrive forståeleg. Det vil også gagne «vanlege» lesarar.
Dette er i tråd med mange av prinsippa som blir brukt i utviklinga av lettlestbøker og råda som foreininga Leser søker bok gir til sine forfattarar og designarar.
Dei vil no endre linjelengda i sine lettlestbøker som følgje av den nye forskinga til Berget og Fagernes.
Hanna Bovim Bugge i Leser søker bok fortel at dei sjølv hadde begynt å stille spørsmål ved dei korte linjene, og at forskingsresultata derfor ikkje kom heilt ut av det blå.
– Resultata gav likevel ein dytt i riktig retning og bidrog til at vi fekk større forskingsbasert innsikt. Vi er glade for forsking på bøkene vi støttar og ønskjer meir forsking på feltet hjarteleg velkomen, seier ho.
Referanse:
Gerd, B. og Fagernes, S: “I’m not Stupid” - Attitudes Towards Adaptation Among People with Dyslexia. I Human-Computer Interaction. Theories, Methods, and Human Issues Kurosu, M. (Red.). HCI 2018. Lecture Notes in Computer Science, vol 10901. Kapittel. s. 237-247. Springer.