Nytt morsmål kan gi språkvanskar

– Å bli adoptert er ein stor overgang i livet til eit barn. Utanlandsadopterte blir utsette for eit språkbrot i tillegg til andre store omveltingar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Dette kan verke inn på barna si utvikling av det nye morsmålet, fortel førsteamanuensis Åse Kari H. Wagner ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Ifølgje tal frå adopsjonsforeiningane har nærare 18 000 barn frå meir enn 30 ulike land kome til Noreg gjennom adopsjon. Forsking og erfaring viser at det stort sett går svært bra med desse barna.

Dei kjem til familiar som har venta kanskje både tre og fire år på å bli foreldre, og som set alle klutar til for at det lenge etterlengta barnet skal klare seg godt.

– Barna tilpassar seg raskt, mange tar igjen jamaldrande i motorisk utvikling i rekordfart, og vekstkurvene stig brått. Likevel viser det seg at opp mot ein tredel av dei utanlandsadopterte barna strevar med språklege kunnskapar.

– Dette er forhold som dels ikkje blir oppdaga i barnehage og skole, seier Åse Kari H. Wagner ved Lesesenteret.

TIdlegare i haust kom boka Det flerspråklige mennesket. En grunnbok om skriftspråkopplæring. Her har Wagner skrive fleire kapittel, blant anna om utanlandsadopterte og deira språklæring.

Vi forstår at minoritetsspråklege barn kan få problem med å lære seg eit nytt språk, og vi kjenner godt til elevar med dysleksi.

Men at “Emma”, som var eitt år gammal då ho blei adoptert frå Kina, er meir utsett enn jamaldringane sine for å få problem med norsken, er ukjent for dei fleste.

Papegøyespråk

– Problemet for dei utanlandsadopterte barna som strever med språket, er at dei meistrar daglegspråklege dugleikar og har perfekt uttale. Dermed lèt vi oss lure, seier Wagner, og fortset:

– Daglegspråket kjem som oftast veldig raskt. Barn som blir adopterte når dei er tre–fire år, opplever at den biologiske aldermen deira er annleis enn språkalderen. For å kompensere for dette driv dei gjerne med utstrekt imitasjon.

– Dei blir flinke til å bruke ord og omgrep som dei ikkje forstår. Dei bruker språket som eit slags papegøyespråk og får ein språkfasade som gjerne kan blende dei vaksne og få dei til å tru at barna er komne lenger i språkutviklinga enn dei eigentleg er.

– Barna kan enkeltorda, men forstår ikkje nødvendigvis djupna i omgrepa. Ikkje eingong språkprøver avdekkjer dette. Prøvene viser kanskje om barnet kan peike ut gjenstandar ut ifrå gitte ord, men seier ingenting om kor godt barnet forstår desse orda, forklarar Wagner.

Brot i den språklege utviklinga

Ved adopsjon kan språkutviklinga i enkelte tilfelle bli sett på vent. Det er så mykje anna som skal fordøyast, at barnet ikkje har «tid» til språket. Enkelte utanlandsadopterte kan ha problem med å ta dette igjen.

Andre ting speler òg inn på språket, ting som skjer før adopsjonen. Det kan vere forhold som låg fødselsvekt og liten vaksenkontakt på barneheimen. Dette kan hemme språkutviklinga i tidleg alder og er forhold som kjem i tillegg til sjølve språkbrotet.

– Barna har begynt ei språkleg utvikling som blir broten ved adopsjon. Dei må byrje prosessen på ny for å tileigne seg eit nytt morsmål. Eit slikt språkbrot kan av og til vere hemmande for utviklinga av det nye språket, forklarer Wagner.

Språkutvikling og omgrepsinnlæring byrjar i tidleg alder. I mor sin mage er høyrsla allereie utvikla, og barnet kan høyre mora.

Forsking viser at spedbarn føretrekkjer lyd- og melodistrukturen i morsmålet framfor språk frå andre språkfamiliar. Når barnet er seks månader, bablar det lydane i morsmålet.

Dess tidlegare, dess betre

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Det kan òg sjå ut til at barnet sin alder ved adopsjon, og dermed når det opplever språkbrotet, har noko å seie for den språklege utviklinga. Generelt ser vi ein tendens til at dei yngste strevar minst med overgangen til eit nytt språk.

Ein tre–fireåring, som er vand til å uttrykkje ønska sine verbalt, vere i dialog med barn og vaksne og bruke språket i leik, vil naturlegvis ønskje å fortsetje med dette også etter adopsjonen.

Dette barnet vil ofte «hoppe uti» språket før det eigentleg er språkleg klart, noko som ifølgje Wagner kan føre til ei overflatisk språklæring.

Når eit barn med godt kvardagsspråk og perfekt uttale kjem i skulen, skjer ofte det same som med minoritetsspråklege barn. Lesekoden blir knekt utan problem, og barnet les flytande.

Utfordringane viser seg fyrst oppover i klassetrinna, der dei språklege krava blir større og barnet skal kunne bruke lesinga til kunnskapstileigning, skumlese tekst, lese med kritisk distanse, lese tekstar på forskjellig måte og få med seg informasjon som ligg implisitt i teksten.

– Utanlandsadopterte barn får gjerne òg problem når språket blir lausrive frå konteksten eller her-og-no-et og barnet ikkje lenger kan støtte seg til peiking, «den» og «det».

– Barn som ikkje meistrar dette dekontekstualiserte språket godt nok, vil streve med å forstå munnlege instruksar og informasjonsprega undervisning og vil ofte synast det er vanskeleg å følgje med i klasseromssamtalane. Barna kan òg ha vanskar med å lese med forståing. Dei forstår gjerne omgrepa overflatisk, men manglar ei djupare forståing, fortel Wagner.

Minoritetsspråklege møter forståing for vanskar I språkutviklinga, og barn med dyslektiske vanskar blir fanga opp i eit system. Dei utanlandsadopterte hamnar, med dei diffuse vanskane sine, mellom to stoler. Problema blir gjerne bortforklarte med dårleg konsentrasjon.

Saknar tiltak i skolen

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Uventa språkproblem i skolealder kan skuldast at barnet sitt språk ikkje er undersøkt godt nok i førskolealder. Språklege vanskar kjem sjeldan som lyn frå klar himmel.

– Barnehagen må derfor observere dei utanlandsadopterte barna sitt språk på systematisk vis – med gode kartleggingsreiskapar – og vere ekstra påpasselege med å gi barna relevant språkstimulering, seier Wagner.

Mette Sørum Kerr, som er rådgivar i Adopsjonsforum, Noregs største formidlar av adopsjon frå andre land, saknar tiltak i skolen og ikkje minst kunnskap blant pedagogane om utanlandsadopterte si språkutvikling.

– Det er eit sakn for mange adoptivfamiliar at pedagogar, og andre som barnet møter i skole og barnehage, har lite innsikt i spesielle utfordringar utanlandsadopterte barn står overfor.

– Barna er ikkje minoritetsspråklege, men gjennomfører eit språkskifte og får eit nytt morsmål. Pedagogane er ikkje merksame nok på dette problemet, seier Kerr.

Powered by Labrador CMS