Flukt sikra brev til Kongen

I den dramatiske flukta frå Noreg i 1537 tok Olav Engelbrektsson med seg arkivkister med dokument. Dette sikra kongelege brev. Elles har det meste som vart skrive i Noreg i mellomalderen forsvunne.

Offisielt brev frå erkebisp Olav Engelbrektsson til andre riksrådar. Erkebispen skriv namnet og tittelen over brevet, og innleier med latinsk helsing. (Foto: NTNU)
Offisielt brev frå erkebisp Olav Engelbrektsson til andre riksrådar. Erkebispen skriv namnet og tittelen over brevet, og innleier med latinsk helsing. (Foto: NTNU)

Olav Engelbrektsson flykta brått frå Noreg i 1537 fordi reformasjonen var komen til landet.

Siste brevet frå den katolske erkebispen er dagsett same dag på Munkholmen utenfor Nidaros.

Arkivet til Olav dukka opp igjen tidleg på 1800-tallet i Bayern og kom attende til Noreg i 1830.

Hanskar og 500 år gamle dokument

Mykje frå arkivet er utgjeve i kjeldesamlinga Diplomatarium Norvegicum, samt i jordebøker og rekneskapsbøker.

Erkebispar utarbeidde jordebøker som var lister over gardar og gardpartar som erkesetet eigde og der det sto kor mykje folk skulle betale i leige.

Mange rekneskapar av ymse slag er samla i Olav Engelbrektssons rekneskapsbøker frå 1532 til 1538. Dinest finst det diplom, den tids tinglysingar av avtalar inngådde av eller på vegner av erkesetet.

– Eg har arbeidd med samlinga og bøkene, og samstundes originalane og somme utrykte dokument i Riksarkivet. Det er ei heilt spesiell kjensle å sitje med hanskar og hente fram 500 år gamle dokument, seier Ivar Berg ved NTNU.

Han har tatt doktorgrad på det seinmellomalderlege skrivemiljøet i Nidaros erkesete (erkebispedøme) frå 1458 til 1537.

– Mange tekstar og dokument tilknytte erkesetet finst framleis av di arkivet blei med utanlands. Utkast og avskrifter og reine notat av ymse slag ville gått tapt om ikkje Olav hadde teke det med seg i den dramatiske flukta. Elles har det meste som vart skrive i Noreg i mellomalderen forsvunne, seier Berg.

Av andre dokument er og arkivet til den danske adelsmannen Eske Bille nokolunde intakt, og det finst særleg mange brev frå Olav Engelbrektsson til Bille.

Breva er i det danske riksarkivet. Andre brev og diplom er tekne vare på andre stadar, nokre få har følgt stiftsarkivet i Trondheim, og nokre er i det svenske riksarkivet.

Viktige personar skreiv brev

Dei fleste tekstar frå seinmellomalderen er brev av ymse slag mellom dei viktige personane.

Erkebispen var den viktigaste i Noreg. Han skreiv særleg til kongen og medlemene i det norske riksrådet som Eske Bille og to andre danske stormenn, Niels Lykke og Vincens Lunge, som var uvener og båe gifte med døtrer av fru Inger til Austrått.

Niels Lykke fekk etter kvart en hard skjebne som er kjend frå operaen på Steinvikholm slott.

Erkebispen skreiv og til bispane i Noreg. Erkesetet i Nidaros var miljøet i Noreg der det vart skrive mest. Erkebispens eige område omfatta Trøndelag, Møre og resten av Noreg nordover.

Erkebispen var samstundes religiøst overhovud for dei andre bispane i Noreg og på Island. Kyrkjeleg sentrum var katedralen i Nidaros.

Administrativt senter var Erkebispegarden som ligg ved katedralen, og dei siste ti åra dessutan Steinvikholm slott som blei oppført av Olav Engelbrektsson. Bygginga av slottet attåt det kontinuerlege arbeidet på katedralen, viser kor store økonomiske ressursar erkesetet sat på.

Ikkje reint språk

Liste over alt det gale Niels Lykke hadde gjort, og kvifor «han skal straffes met eld och tiore som eyn ketter bør at straffes». (Foto: NTNU)
Liste over alt det gale Niels Lykke hadde gjort, og kvifor «han skal straffes met eld och tiore som eyn ketter bør at straffes». (Foto: NTNU)

Om lag tretti personar hadde tittelen scriffwer, skrivar, i løningslister frå 1530-åra i erkesetet. Dei fleste var norske, men somme hadde tilnamn som viser at dei var svenske og danske. Det var jamvel ein tysk skrivar som heitte Henrick.

– Skrivarane, prestane og erkebispane seier ikkje noko om sin eige språkbruk i det dei skreiv. Dei hadde heller ikkje slike oppfatningar som vi har om korleis rett språk og språkbruk er, seier Berg.

Han forklarar at dei nådde fram til eit slags akseptert kompromiss mellom danske skriftlege førebilete og nokre norske talemålstrekk. Reint språk, det vil seie enten norsk eller dansk, og å skrive dansk som ein danske, var heilt framandt for tankeverda deira.

Språk følgjer prestisje og makt

Han fortel vidare at dei som skreiv ikkje hadde grammatikkar, ordbøker og lærebøker i dansk, men sjølvsagt lærebøker i latin. Skrivarane kunne lære av skrivarar som kom frå Danmark, men mest lærde dei truleg av å ta etter breva frå kongen og andre.

Særleg dansken Vincens Lunge var eit førebilete, og formar han brukte i breva sine vart imiterte av skrivarane ved erkesetet.

Skrivarane skifta vanar og tilpassa språkbruken etter dei mektige i samfunnet, som med tida for det meste var danske. Praktisk språkbruk følgjer prestisje, prestisje følgjer makt, og makta låg i stadig sterkare grad i København.

– Til dømes innførde ikkje den danske erkebispen Erik Valkendorf formelt dansk som skriftspråk då han kom til Trondheim, men han var det viktigaste førebiletet i miljøet ved erkesetet.

– Valkendorf skreiv elles ei slags historisk-topografisk skildring av Nidaros bispedømme, og særlig om Finnmark. Som alle andre lærde skrifter på denne tida, var ho på latin, seier Berg.

Latin og fleirspråklege skrivarar

– Det er ikkje eingong sikkert at skrivarane hadde klåre oppfatningar av omgrepa «norsk» og «dansk» språk. Landa skilde dei greitt nok, seier språkforskar Ivar Berg ved NTNU. (Foto: NTNU)
– Det er ikkje eingong sikkert at skrivarane hadde klåre oppfatningar av omgrepa «norsk» og «dansk» språk. Landa skilde dei greitt nok, seier språkforskar Ivar Berg ved NTNU. (Foto: NTNU)

Alle geistlege kunne latin, og særleg dei som samstundes hadde studert i utlandet, det vil seie Tyskland. Kyrkjesaker som avlatsbrev og messebøker ble skrive på latin.

Geistlege skreiv og latin til kvarandre, og blanda inn latinske ord og uttrykk i brev som elles var på skandinavisk eller norsk-dansk.

– Skrivarane ved erkesetet skriv på latin i meir uoffisielle rekneskapar, jordebøker og reine notat. Det fortel at dei var fleirspråkleg, seier Berg.

Favorittdømet hans er frå ei jordebok om en gard som er kjøpt:

eit audn vppa Sandwallum, som heiter Naustwalla, et restant de precio ein ku oc iii t. or korn, queratur ab Torgylso nostro quomodo se habeat,

som betyr: «ein øydegard på Sandvollan som heiter Naustvoll, og står att av betalinga ei ku og 3 tønner korn; det er spurt av vår [mann] Torgils korleis det har seg»

– Religiøs påverknad gjeld først og fremst latin som kyrkjespråk og som det viktigaste faget og opplæringsspråk i katedralskulen. Dei utdanna kunne bruke latin som språkleg markør, gruppespråk, altså for å vise samhald – slik dei geistlege og skreiv latin til kvarandre, seier Berg.

Lågtysk frå handel

Skiftet frå norsk til dansk skriftspråk skjer frå 1510 og utover, og er beste dømet på korleis samfunnet påverka språket. I tillegg kom mange lågtyske lånord frå handelsfolk og særleg hanseatane.

Handelsavtalar eller kjøpekontraktar på lågtysk viser at avtalene var rettsgyldige og at nordmennene forstod språket.

Skrivarane ved erkesetet brukte lågtyske ord og vendingar, stundom heile setningar, i rekneskapsbøker og nokre tekstar knytte til nederlandske sjøfolk som var leid inn.

Skrivarane som hadde studert i utlandet, hadde stort sett vore i Rostock i Tyskland der erkesetet eide et hus. Der kunne dei nok og ha plukka opp litt lokalt språk.

Trønderske former

– I dag ville me trudd at dei vart jamt flinkare til å skrive dansk og at dei norske språktrekka etter kvart forsvann. For meg ser det ikkje ut til å vera slik, seier Berg.

Språkforskaren viser korleis norske språktrekk kom naturleg fram i tekstane til skrivarane. Diftongar (som au, ei, øy) skilde norsk og dansk talemål allereie den gongen, og var såleis naturleg å skrive for nordmenn.

Dei kunne bruke andre norske ord som ikkje fanst i dansk, og dei kunne skrive p, t, k der dansk hadde og har b, d, g.

Frå 1530 finst særlege trønderske former som guttu, vukku og huggu (hovud).

– Han som skreiv huggu må ha vore trønder, seier Berg.

Ser ein nærare på det, var det nokså stramme grenser for kva dei faktisk kunne skrive. Midt på 1400-tallet var hafua det vanleg for å ha. Så blir haffwa vanleg før haffua blir einaste skrivemåten utover 1530-åra.

– Eit anna døme på kor einskapleg rettskrivinga var, er at dei svenske skrivarane har sett få spor etter seg. Men ein av dei «gløymer» seg ein gong og skriv iach, jag, avsluttar Berg.

Lenke:

Olavsfestdagane: Trondheim 28. juli – 3. august 2013.

Powered by Labrador CMS